< Hiezechielis Prophetæ 18 >

1 Et factus est sermo Domini ad me, dicens:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Quid est quod inter vos parabolam vertitis in proverbium istud in terra Israel, dicentes: Patres comederunt uvam acerbam, et dentes filiorum obstupescunt?
Korleis kann de bruka dette ordtøket i Israels land og segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtennte.»
3 Vivo ego, dicit Dominus Deus, si erit ultra vobis parabola haec in proverbium in Israel.
So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, de skal ikkje få bruka dette ordtøket meir i Israel.
4 Ecce omnes animae, meae sunt: ut anima patris, ita et anima filii mea est: anima, quae peccaverit, ipsa morietur.
Sjå, alle sjælerne er mine, både sjæli åt faren og sjæli åt sonen; mine er dei; den sjæl som syndar, ho skal døy.
5 Et vir si fuerit iustus, et fecerit iudicium, et iustitiam,
Og når ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd:
6 in montibus non comederit, et oculos suos non levaverit ad idola domus Israel: et uxorem proximi sui non violaverit, et ad mulierem menstruatam non accesserit:
ikkje et offermat på fjelli og ikkje kaster augo sine på dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden og ikkje skjemmer kona åt grannen sin og ikkje kjem nær ei kvinna medan ho er urein,
7 et hominem non contristaverit: pignus debitori reddiderit, per vim nihil rapuerit: panem suum esurienti dederit, et nudum operuerit vestimento:
og ikkje er hard imot nokon, let skuldmannen få pantet sitt att, ikkje fer med ransverk, gjev den hungrige sitt brød og klæder den nakne,
8 ad usuram non commodaverit, et amplius non acceperit: ab iniquitate averterit manum suam, et iudicium verum fecerit inter virum et virum:
ikkje låner ut for renta og ikkje tek yvermål, held si hand burte frå det som rangt er, dømer rett dom mann og mann imillom,
9 in praeceptis meis ambulaverit, et iudicia mea custodierit ut faciat veritatem: hic iustus est, vita vivet, ait Dominus Deus.
ferdast i mine bod og held mine lover, so han gjer det som rett er - han er rettferdig, liva skal han, segjer Herren, Herren.
10 Quod si genuerit filium latronem effundentem sanguinem, et fecerit unum de istis:
Men han fær kann henda ein son som tek til med valdsverk, renner ut blod eller gjer eitkvart sovore
11 et haec quidem omnia non facientem, sed in montibus comedentem, et uxorem proximi sui polluentem:
- endå han ikkje gjorde noko slikt - for han et ogso offermat på fjelli, skjemmer kona åt grannen sin,
12 egenum, et pauperem contristantem, rapientem rapinas, pignus non reddentem, et ad idola levantem oculos suos, abominationem facientem:
er hard imot armingen og fatigmannen, fer med ransverk, gjev ikkje pant tilbake, kaster augo sine på dei ufysne avgudar, fer med styggedom,
13 ad usuram dantem, et amplius accipientem: numquid vivet? non vivet. cum universa haec detestanda fecerit, morte morietur, sanguis eius in ipso erit.
låner ut for rente og tek yvermål - og so skulde han liva! Han skal ikkje liva. Alle desse styggjor gjorde han; banen hans skal det verta, blodet hans skal koma yver honom.
14 Quod si genuerit filium, qui videns omnia peccata patris sui, quae fecit, timuerit, et non fecerit simile eis:
Men sjå, so fær han ein son, og han ser alle synderne åt far sin som han gjorde, han ottast og gjer ikkje etter deim;
15 super montes non comederit, et oculos suos non levaverit ad idola domus Israel, et uxorem proximi sui non violaverit:
han et ikkje offermat på fjelli og kastar ikkje augo sine dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, skjemmer ikkje kona åt grannen sin
16 et virum non contristaverit, pignus non retinuerit, et rapinam non rapuerit, panem suum esurienti dederit, et nudum operuerit vestimento:
og er ikkje hard mot nokon, tek ikkje pant og fer ikkje med ransverk, gjev den hungrige sitt brød og klæder den nakne,
17 a pauperis iniuria averterit manum suam, usuram et superabundantiam non acceperit, iudicia mea fecerit, in praeceptis meis ambulaverit: hic non morietur in iniquitate patris sui, sed vita vivet.
held handi si tilbake frå armingen, tek ikkje renta og yvermål, gjer etter mine lover og ferdast i mine bod. Han skal ikkje døy for misgjerningi åt far sin, liva skal han.
18 Pater eius quia calumniatus est, et vim fecit fratri, et malum operatus est in medio populi sui, ecce mortuus est in iniquitate sua.
Far hans som for med valdsverk og rana frå bror og gjorde det som ikkje er godt midt i lyden sin, sjå han laut døy for si misgjerning.
19 Et dicitis: Quare non portabit filius iniquitatem patris? Videlicet, quia filius iudicium, et iustitiam operatus est, omnia praecepta mea custodivit, et fecit illa, vivet vita.
Men de segjer: «Kvi skal ikkje sonen bera syndeskuldi åt far sin?» Sonen hev då gjort rett og rettferd alle mine bod hev han halde og gjort etter deim; liva skal han.
20 Anima quae peccaverit, ipsa morietur: filius non portabit iniquitatem patris, et pater non portabit iniquitatem filii: iustitia iusti super eum erit, et impietas impii erit super eum.
Den sjæli som syndar, ho skal døy. Son skal ikkje bera syndeskuldi åt far sin, og far skal ikkje bera syndeskuldi åt son sin. Yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den gudlause skal hans gudløysa vera.
21 Si autem impius egerit poenitentiam ab omnibus peccatis suis, quae operatus est, et custodierit omnia praecepta mea, et fecerit iudicium, et iustitiam: vita vivet, et non morietur.
Men når den ugudlege vender um frå alle sine synder som han hev gjort, og held alle mine bod og gjer rett og rettferd, då skal han liva og ikkje døy.
22 Omnium iniquitatum eius, quas operatus est, non recordabor: in iustitia sua, quam operatus est, vivet.
Alle hans misgjerningar som han hev gjort, skal vera gløymde; ved si rettferd som han gjorde, skal han liva.
23 Numquid voluntatis meae est mors impii, dicit Dominus Deus, et non ut convertatur a viis suis, et vivat?
Skulde eg hava hugnad i det, at den ugudlege døyr? segjer Herren, Herren. Måtte ikkje det fegna meg, at han vendar um frå sin veg og liver?
24 Si autem averterit se iustus a iustitia sua, et fecerit iniquitatem secundum omnes abominationes, quas operari solet impius, numquid vivet? omnes iustitiae eius, quas fecerat, non recordabuntur: in praevaricatione, qua praevaricatus est, et in peccato suo, quod peccavit, in ipsis morietur.
Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, alle slike styggjor som den ugudlege gjer, skulde han gjera det og liva? All hans rettferd som han gjorde, skal verta gløymd. For den truløysa han for med, for det skal han døy.
25 Et dixistis: Non est aequa via Domini. Audite ergo domus Israel: Numquid via mea non est aequa, et non magis viae vestrae pravae sunt?
Og de segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Høyr då, du Israels-lyd! Er ikkje mi åtferd rett? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?
26 Cum enim averterit se iustus a iustitia sua, et fecerit iniquitatem, morietur in eis: in iniustitia, quam operatus est, morietur.
Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so skal han difor døy; for sin urett som han gjorde, skal han døy.
27 Et cum averterit se impius ab impietate sua, quam operatus est, et fecerit iudicium, et iustitiam: ipse animam suam vivificabit.
Og når ein ugudleg vender um frå si gudløysa, som han hev gjort, og gjer rett og rettferd, so skal han halda si sjæl i live.
28 Considerans enim, et avertens se ab omnibus iniquitatibus suis, quas operatus est, vita vivet, et non morietur.
For han såg alle sine misgjerningar som han hadde gjort, og vende um frå deim; liva skal han, han skal ikkje døy.
29 Et dicunt filii Israel: Non est aequa via Domini. Numquid viae meae non sunt aequae, domus Israel, et non magis viae vestrae pravae?
Men Israels-lyden segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Er ikkje mi åtferd rett, du Israels lyd? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?
30 Idcirco unumquemque iuxta vias suas iudicabo domus Israel, ait Dominus Deus. Convertimini, et agite poenitentiam ab omnibus iniquitatibus vestris: et non erit vobis in ruinam iniquitas.
Difor vil eg døma dykk, du Israels lyd, ein og kvar etter hans åtferd, segjer Herren, Herren. Vend um og vend dykk burt frå alle dykkar misgjerningar, so ikkje skuld skal føra dykk til fall!
31 Proiicite a vobis omnes praevaricationes vestras, in quibus praevaricati estis, et facite vobis cor novum, et spiritum novum: et quare moriemini domus Israel?
Kasta frå dykk alle dykkar misgjerningar som de hev misfare dykk med, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! For kvi vil de døy, du Israels lyd?
32 Quia nolo mortem morientis, dicit Dominus Deus, revertimini, et vivite.
For eg hev ikkje hugnad i dauden åt den som døyr, segjer Herren, Herren. So vend då um, so skal de liva!

< Hiezechielis Prophetæ 18 >