< Exodus 33 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens: Vade, ascende de loco isto tu, et populus tuus quem eduxisti de Terra Aegypti, in terram quam iuravi Abraham, Isaac, et Iacob, dicens: Semini tuo dabo eam:
Sidan sagde Herren til Moses: «Tak ut herifrå, både du og det folket du fylgde ut or Egyptarland, og far til det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sagde: «Di ætt vil eg gjeva det,
2 et mittam praecursorem tui angelum, ut eiiciam Chananaeum, et Amorrhaeum, et Hethaeum, et Pherezaeum, et Hevaeum, et Iebusaeum,
og eg vil senda ein engel framfyre dykk og driva ut kananitarne, både amoritar og hetitar og perizitar, hevitar og jebusitar.»
3 et intres in terram fluentem lacte et melle. Non enim ascendam tecum, quia populus durae cervicis est: ne forte disperdam te in via.
Far til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje vera i fylgje med deg; for de er eit hardkyndt folk! eg kunde koma til å gjera av med dykk på vegen.»
4 Audiensque populus sermonem hunc pessimum, luxit: et nullus ex more indutus est cultu suo.
Då folket høyrde desse harde ordi, vart dei sorgfulle, og ingen tok på seg høgtidsbunaden sin.
5 Dixitque Dominus ad Moysen: Loquere filiis Israel: Populus durae cervicis es, semel ascendam in medio tui, et delebo te. Iam nunc depone ornatum tuum, ut sciam quid faciam tibi.
For Herren sagde til Moses: «Seg til Israels-folket: «De er eit hardlyndt folk! fylgdest eg med dykk um det var aldri so lite bil, so laut eg gjera ende på dykk. Men tak no av dykk høgtidsskrudet, so skal eg sjå kva eg kann gjera for dykk!»»
6 Deposuerunt ergo filii Israel ornatum suum a monte Horeb.
Då reiv Israels-folket av seg høgtidsskrudet, og bar det ikkje meir etter dei hadde teke ut ifrå Horeb.
7 Moyses quoque tollens tabernaculum, tetendit extra castra procul, vocavitque nomen eius, Tabernaculum foederis. Et omnis populus, qui habebat aliquam quaestionem, egrediebatur ad Tabernaculum foederis, extra castra.
Moses tok jamleg og sette upp tjeldet for honom utanfor lægret, eit godt stykke ifrå; han kalla det møtetjeldet, og alle som vilde finna Herren, gjekk ut til møtetjeldet, som var utanfor lægret.
8 Cumque egrederetur Moyses ad tabernaculum, surgebat universa plebs, et stabat unusquisque in ostio papilionis sui, aspiciebantque tergum Moysi, donec ingrederetur tentorium.
Og kvar gong Moses gjekk ut til tjeldet, so reiste alt folket seg, og stod, kvar i døri til si tjeldbud, og såg etter Moses, til han var komen åt tjeldet.
9 Ingresso autem illo tabernaculum foederis, descendebat columna nubis, et stabat ad ostium, loquebaturque cum Moyse,
Og når Moses gjekk inn i tjeldet, då kom skystopulen ned og stod i tjelddøri, og han tala med Moses.
10 cernentibus universis quod columna nubis staret ad ostium Tabernaculi. Stabantque ipsi, et adorabant per fores tabernaculorum suorum.
Og heile folket såg skystopulen, som stod i døri til møtetjeldet. Då reiste dei seg alle saman, og lagde seg på kne, kvar i døri til si tjeldbud.
11 Loquebatur autem Dominus ad Moysen facie ad faciem, sicut solet loqui homo ad amicum suum. Cumque ille reverteretur in castra, minister eius Iosue filius Nun, puer, non recedebat de Tabernaculo.
Og Herren tala med Moses, andlit mot andlit, som ein mann talar med grannen sin. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men Josva, Nunssonen, som var fylgjesveinen hans og gjekk honom til handa, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.
12 Dixit autem Moyses ad Dominum: Praecipis ut educam populum istum: et non indicas mihi quem missurus es mecum, praesertim cum dixeris: Novi te ex nomine, et invenisti gratiam coram me.
Og Moses sagde til Herren: «Sjå, du segjer det til meg; «Fylg dette folket fram!» men eg fær ikkje vita kven du vil senda med meg, og du hev då sjølv sagt: «Eg kjenner deg vel, og eg hev fenge godvilje for deg.»
13 Si ergo inveni gratiam in conspectu tuo, ostende mihi faciem tuam, ut sciam te, et inveniam gratiam ante oculos tuos: respice populum tuum gentem hanc.
Kjære væne, hev du godvilje for meg, so syn meg då vegarne dine, so eg kann læra å kjenna deg, og vera deg til lags! Og kom so i hug at dette er ditt eige folk!»
14 Dixitque Dominus: Facies mea praecedet te, et requiem dabo tibi.
Då sagde Herren til honom: «Når eg sjølv gjeng med, kann du då slå deg til tols?»
15 Et ait Moyses: Si non tu ipse praecedas, ne educas nos de loco isto.
«Gjeng du ikkje sjølv med, so lat oss ikkje fara herifrå!» svara Moses.
16 In quo enim scire poterimus ego et populus tuus invenisse nos gratiam in conspectu tuo, nisi ambulaveris nobiscum, ut glorificemur ab omnibus populis qui habitant super terram?
«Kann då nokon vita at du hev godvilje for meg og for folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag i heile verdi?»
17 Dixit autem Dominus ad Moysen: Et verbum istud, quod locutus es, faciam: invenisti enim gratiam coram me, et teipsum novi ex nomine.
Då sagde Herren til Moses: «Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg likar deg godt, og kjenner deg for den mann du er.»
18 Qui ait: Ostende mihi gloriam tuam.
«Kjære deg, lat meg få sjå herlegdomen din!» sagde Moses.
19 Respondit: Ego ostendam omne bonum tibi, et vocabo in nomine Domini coram te: et miserebor cui voluero, et clemens ero in quem mihi placuerit.
Og han svara: «Eg skal fara fram midt for andlitet ditt i fagraste hamen min, og ropa Herrens namn med det same eg fer framum deg, og eg skal vera so mild som eg kann, og spara so mange som eg kann;
20 Rursumque ait: Non poteris videre faciem meam: non enim videbit me homo, et vivet.
men», sagde han, «du kann ikkje få sjå andlitet mitt; for inkje menneskje som ser meg, kann liva.
21 Et iterum: Ecce, inquit, est locus apud me, et stabis supra petram.
Sjå her innmed meg på berget er eit rom, » sagde Herren, «der kann du standa,
22 Cumque transibit gloria mea, ponam te in foramine petrae, et protegam dextera mea, donec transeam:
og når herlegdomen min fer framum, so skal eg setja deg i denne bergskori, og halda handi mi yver deg, til dess eg hev kome framum.
23 tollamque manum meam, et videbis posteriora mea: faciem autem meam videre non poteris.
Då skal eg taka handi mi burt att; so kann du sjå meg attantil; men andlitet mitt fær ingen sjå.»

< Exodus 33 >