< Exodus 22 >

1 Si quis furatus fuerit bovem, aut ovem, et occiderit vel vendiderit: quinque boves pro uno bove restituet, et quattuor oves pro una ove.
Når ein mann stel eit naut eller ein sau, og slagtar eller sel deim, då skal han gjeva fem naut i staden for nautet, og fire sauer for sauen.
2 Si effringens fur domum sive suffodiens fuerit inventus, et accepto vulnere mortuus fuerit: percussor non erit reus sanguinis.
Vert tjuven teken, medan han bryt seg inn, og slegen so han døyr, so skal det ikkje reknast for manndråp.
3 Quod si orto sole hoc fecerit, homicidium perpetravit, et ipse morietur. Si non habuerit quod pro furto reddat, ipse venundabitur.
Men gjeng det fyre seg etter soli hev runne, so vert det ei dråpssak. Tjuven skal gjeva full bot. Eig han ikkje so mykje, so skal han seljast til bot for det han hev stole.
4 si inventum fuerit apud eum quod furatus est, vivens, sive bos, sive asinus, sive ovis: duplum restituet.
Vert tjuvegodset funne hjå honom, anten det er naut eller asen eller sau, og det endå er livande, so skal han bøta tvo for eitt.
5 Si laeserit quispiam agrum vel vineam, et dimiserit iumentum suum ut depascatur aliena: quidquid optimum habuerit in agro suo, vel in vinea, pro damni aestimatione restituet.
Når ein mann beiter bøen eller vingarden sin, og slepper feet sitt utyver, so det gjer skade på annan manns eiga, då skal han gjeva i bot det beste som veks på bøen eller i vingarden hans.
6 Si egressus ignis invenerit spicas, et comprehenderit acervos frugum, sive stantes segetes in agris, reddet damnum qui ignem succenderit.
Når det kjem upp lauseld og det fatar i eit klungergjerde, og kornskurv eller uskore korn eller heile åkeren brenn upp, då skal den bøta skaden som kveikte elden.
7 Si quis commendaverit amico pecuniam, aut vas in custodiam, et ab eo, qui susceperat, furto ablata fuerint: si invenitur fur, duplum reddet:
Når ein mann hev gjeve grannen sin pengar eller eignaluter til gøymings, og det vert stole utor huset det ligg i, då skal tjuven, so sant han vert funnen, tvibøta det.
8 si latet fur, dominus domus applicabitur ad deos, et iurabit quod non extenderit manum in rem proximi sui,
Men vert ikkje tjuven funnen, so skal huseigaren ganga fram for Gud og vitna at han ikkje hev rett ut handi si etter det som grannen hans åtte.
9 ad perpetrandam fraudem, tam in bove, quam in asino, et ove ac vestimento, et quidquid damnum inferre potest: ad deos utriusque causa perveniet: et si illi iudicaverit, duplum restituet proximo suo.
Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er eit naut eller eit asen eller ein sau eller klæde eller eitkvart anna som er burtkome, og so ein segjer: «Her er det!» då skal dei båe ganga fram for Gud, og den som Gud dømer skuldig, skal bøta tvifaldt til den andre.
10 Si quis commendaverit proximo suo asinum, bovem, ovem, et omne iumentum ad custodiam, et mortuum fuerit, aut debilitatum, vel captum ab hostibus, nullusque hoc viderit:
Når ein mann hev sett burt eit asen eller eit naut eller ein sau eller noko anna dyr til grannen sin, og det døyr, eller kjem til skade, eller vert rana vitnelaust,
11 iusiurandum erit in medio, quod non extenderit manum ad rem proximi sui: suscipietque dominus iuramentum, et ille reddere non cogetur.
då skal eiden skilja millom deim: han skal kalla Herren til vitne på at han ikkje hev rett ut handi etter det som grannen hans åtte; den eiden skal eigaren taka for god, og hin skal ingi bot leggja.
12 Quod si furto ablatum fuerit, restituet damnum domino.
Men vert det stole frå honom, so skal han gjera eigaren like for det.
13 Si comestum a bestia, deferat ad eum quod occisum est, et non restituet.
Vert det ihelrive, so skal han syna det fram til prov; skaden skal han ikkje bøta.
14 Qui a proximo suo quidquam horum mutuo postulaverit, et debilitatum aut mortuum fuerit domino non praesente, reddere compelletur.
Når ein mann låner fe av ein annan, og det kjem til skade eller døyr, og eigaren ikkje er med, skal han gjeva full bot,
15 Quod si impraesentiarum dominus fuerit, non restituet, maxime si conductum venerat pro mercede operis sui.
men er eigaren med, so skal han ikkje bøta. Er det ein leigekar, so gjeng det av på løni hans.
16 Si seduxerit quis virginem necdum desponsatam, dormieritque cum ea: dotabit eam, et habebit eam uxorem.
Når ein lokkar ei møy som ikkje er trulova, og ligg hjå henne, då skal han gjeva henne festargåvor, og taka henne til kona.
17 Si pater virginis dare noluerit, reddet pecuniam iuxta modum dotis, quam virgines accipere consueverunt.
Vil ikkje faren lata honom få henne, so skal hin leggja so mange pengar som møyar er vane å få i festargåva.
18 Maleficos non patieris vivere.
Ei trollkjerring skal du ikkje lata liva.
19 Qui coierit cum iumento, morte moriatur.
Kvar den som blandar seg med fe, skal lata livet.
20 Qui immolat diis, occidetur, praeterquam Domino soli.
Den som ofrar til avgudarne og ikkje til Herren åleine, han skal vera bannstøytt.
21 Advenam non contristabis, neque affliges eum: advenae enim et ipsi fuistis in Terra Aegypti.
Dei framande skal du ikkje plåga eller fara hardt med; for de var sjølve framande i Egyptarlandet.
22 Viduae et pupillo non nocebitis.
Enkjor og farlause skal de aldri vera harde mot.
23 Si laeseritis eos, vociferabuntur ad me, et ego audiam clamorem eorum:
Er de harde mot deim, og dei ropar til meg, so skal eg visst og sant høyra ropi deira,
24 et indignabitur furor meus, percutiamque vos gladio, et erunt uxores vestrae viduae, et filii vestri pupilli.
og harmen min skal loga upp, og eg skal slå dykk med sverdet, so dykkar konor vert enkjor og borni dykkar farlause.
25 Si pecuniam mutuam dederis populo meo pauperi qui habitat tecum, non urgebis eum quasi exactor, nec usuris opprimes.
Låner du nokon av folket mitt, den fatige grannen din, pengar, so skal du ikkje fara som ein okrar med honom; de skal ikkje krevja renta av honom.
26 Si pignus a proximo tuo acceperis vestimentum, ante solis occasum reddes ei.
Fær du kjolen åt grannen din i vissa, so lat honom få honom att fyre soleglad.
27 Ipsum enim est solum, quo operitur, indumentum carnis eius, nec habet aliud in quo dormiat: si clamaverit ad me, exaudiam eum, quia misericors sum.
For den er det einaste han hev til å sveipa kring seg; det er det han skal klæda likamen sin med; kva skal han elles liggja i? Og når han ropar til meg, skal eg høyra det; for eg er hjartemild.
28 Diis non detrahes, et principi populi tui non maledices.
Gud skal du ikkje hæda, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje banna.
29 Decimas tuas et primitias tuas non tardabis reddere, primogenitum filiorum tuorum dabis mihi.
Du skal ikkje drygja med å gjeva meg av det som fyller løda di, og som dryp frå vinpersa di. Den frumborne sonen din skal du gjeva meg.
30 De bobus quoque, et ovibus similiter facies: septem diebus sit cum matre sua, die octava reddes illum mihi.
Det same skal du gjera med nauti dine og småfeet ditt; sju dagar skal frumsungen fylgja mor si; den åttande dagen skal du lata meg få honom.
31 Viri sancti eritis mihi: carnem, quae a bestiis fuerit praegustata, non comedetis, sed proiicietis canibus.
Heilage menner skal de vera meg. Kjøt som de finn ihelrivne på marki, skal de ikkje eta; for hundarne skal de kasta det.

< Exodus 22 >