< Esther 6 >

1 Noctem illam duxit rex insomnem, iussitque sibi afferri historias et annales priorum temporum. Quae cum illo praesente legerentur,
Den natti flydde svevnen frå kongen. Han baud henta krønikeboki med minnelege hendingar, og ho vart upplesi for kongen.
2 ventum est ad illum locum ubi scriptum erat quomodo nunciasset Mardochaeus insidias Bagathan, et Thares eunuchorum, regem Assuerum iugulare cupientium.
Der fann dei uppskrive at Mordokai hadde meldt Bigtana og Teres, tvo hirdmenner hjå kongen som heldt vakt ved dørstokken, for dei hadde søkt høve til å leggja hand på kong Ahasveros.
3 Quod cum audisset rex, ait: Quid pro hac fide honoris ac praemii Mardochaeus consecutus est? Dixerunt ei servi illius ac ministri: Nihil omnino mercedis accepit.
So spurde kongen: «Kva æra og vyrdnad hev Mordokai fenge for dette?» Kongsdrengjerne som tente honom svara: «Han hev ingen ting fenge.»
4 Statimque rex, Quis est, inquit, in atrio? Aman quippe interius atrium domus regiae intraverat, ut suggereret regi, et iuberet Mardochaeum affigi patibulo, quod ei fuerat praeparatum.
So spurde kongen: «Kven er det som er ute i garden?» I det bilet var Haman komen inn i den ytre garden ved kongshuset, og vilde tala med kongen um å få hengt Mordokai i galgen han hadde reist åt honom.
5 Responderunt pueri: Aman stat in atrio. Dixitque rex: Ingrediatur.
Kongsdrengjerne svara: «Haman stend der ute i garden.» «Lat honom koma inn!» sagde kongen.
6 Cumque esset ingressus, ait illi: Quid debet fieri viro, quem rex honorare desiderat? Cogitans autem in corde suo Aman, et reputans quod nullum alium rex, nisi se, vellet honorare,
Då Haman kom inn, spurde kongen honom: «Korleis skal ein fara åt med den mannen som kongen gjerna vil heidra?» Haman tenkte med seg sjølv: «Kven skulde kongen vilja heidra meir enn meg?»
7 respondit: Homo, quem rex honorare cupit,
So svara han kongen: «Den som kongen gjerne vil heidra,
8 debet indui vestibus regiis, et imponi super equum, qui de sella regis est, et accipere regium diadema super caput suum,
åt honom skal ein henta ein kongeleg klædnad som kongen sjølv hev bore, og ein hest som kongen sjølv hev ride på, og som hev fenge ei kongeleg kruna på hovudet,
9 et primus de regiis principibus, ac tyrannis teneat equum eius, et per plateam civitatis incedens clamet, et dicat: Sic honorabitur, quemcumque voluerit rex honorare.
klædnaden og hesten skal gjevast til ein av dei øvste stormennerne åt kongen, og dei skal hava klædnaden på den mannen kongen vil heidra og føra honom ridande på hesten fram på bytorget, og ropa framfyre honom: «Soleis gjer ein med den mannen som kongen vil heidra.»»
10 Dixitque ei rex: Festina, et sumpta stola et equo, fac, ut locutus es, Mardochaeo Iudaeo, qui sedet ante fores palatii. Cave ne quidquam de his, quae locutus es, praetermittas.
Då sagde kongen med Haman: «Skunda deg, tak klædnaden og hesten, som du hev sagt, og gjer soleis med jøden Mordokai som sit i kongsporten! Gløym ikkje noko av alt det du sagde!»
11 Tulit itaque Aman stolam et equum, indutumque Mardochaeum in platea civitatis, et impositum equo praecedebat, atque clamabat: Hoc honore condignus est, quemcumque rex voluerit honorare.
Haman tok klædnaden og hesten, hadde klædnaden på Mordokai, let honom rida fram på bytorget og ropa fyre honom: «Soleis gjer ein med den mannen som kongen vil heidra!»
12 Reversusque est Mardochaeus ad ianuam palatii: et Aman festinavit ire in domum suam, lugens et operto capite:
Mordokai vende attende til kongsporten; men Haman skunda seg heim, sorgfull og med hovudet innsveipt.
13 narravitque Zares uxori suae, et amicis omnia quae evenissent sibi. Cui responderunt sapientes, quos habebat in consilio, et uxor eius: Si de semine Iudaeorum est Mardochaeus, ante quem cadere coepisti, non poteris ei resistere, sed cades in conspectu eius.
Og Haman fortalde Zeres, kona si, og alle venerne sine alt det som hadde hendt honom. Då sagde vismennerne hans og Zeres, kona hans, med honom: «Um so er at Mordokai, som du tek til å liggja under for, er av jødeætt, so magtast du ingen ting mot honom; du kjem til å liggja reint under for honom.»
14 Adhuc illis loquentibus, venerunt eunuchi regis, et cito eum ad convivium, quod regina paraverat, pergere compulerunt.
Medan dei endå tala med honom, kom hirdmennerne åt kongen og skulde snøggast henta Haman til gjestebodet som Ester hadde laga til.

< Esther 6 >