< Deuteronomii 22 >

1 Non videbis bovem fratris tui, aut ovem errantem, et praeteribis: sed reduces fratri tuo,
Ser du ein framand ukse eller sau som hev kome på vidåtta, so skal du ikkje slengje deg undan; du skal hava deim attende til den som eig deim;
2 etiamsi non est propinquus frater tuus, nec nosti eum: duces in domum tuam, et erunt apud te quamdiu quaerat ea frater tuus, et recipiat.
men bur ikkje han tett attmed deg, eller veit du ikkje kven det er, so skal du taka deim heim til deg sjølv, og hava deim der, til eigaren kjem og spør etter deim, so du kann få gjeve honom deim att.
3 Similiter facies de asino, et de vestimento, et de omni re fratris tui, quae perierit: si inveneris eam, ne negligas quasi alienam.
Det same skal du gjera når du finn eit asen eller eit klædeplagg, eller kva det elles kann vera, som ein annan hev mist, eller som hev kome burt for honom; du må ikkje slengja deg undan.
4 Si videris asinum fratris tui aut bovem cecidisse in via, non despicies, sed sublevabis cum eo.
Ser du annan manns asen eller ukse liggjande i ålvelta på vegen, so må du ikkje slengja deg undan, men hjelpa mannen å reisa deim upp att.
5 Non induetur mulier veste virili, nec vir utetur veste feminea: abominabilis enim apud Deum est qui facit haec.
Eit kvende må ikkje ganga i karmannsbunad, og ein kar må ikkje klæda seg i kvendeklæde; for dei som det gjer, er avstyggjelege for Herren, din Gud.
6 Si ambulans per viam, in arbore vel in terra nidum avis inveneris, et matrem pullis vel ovis desuper incubantem: non tenebis eam cum filiis,
Når du fer etter ein veg, og fær sjå eit fuglereir med ungar eller egg i eit tre eller på marki, og mori ligg på reiret, so skal du ikkje taka både mori og ungarne;
7 sed abire patieris, captos tenens filios: ut bene sit tibi, et longo vivas tempore.
du skal lata mori fljuga, men ungarne kann du taka. Då skal du få liva både vel og lenge.
8 Cum aedificaveris domum novam, facies murum tecti per circuitum: ne effundatur sanguis in domo tua, et sis reus labente illo, et in praeceps ruente.
Når du byggjer deg nytt hus, skal du setja eit handriv kring taket; elles kunde einkvar detta ned, og då kom du til å føra blodskuld yver huset ditt.
9 Non seres vineam tuam altero semine: ne et sementis quam sevisti, et quae nascuntur ex vinea, pariter sanctificentur.
Du skal ikkje så noko i vinhagen din; gjer du det, so fell heile avlingi under heilagdomen, både av det du hev sått, og av vintrei.
10 Non arabis in bove simul et asino.
Du skal ikkje setja ein ukse og eit asen i hop for plogen
11 Non indueris vestimento, quod ex lana linoque contextum est.
Du skal ikkje ganga med klæde som er gjorde av tvo slag vyrke, ull og lin i hop.
12 Funiculos in fimbriis facies per quattuor angulos pallii tui, quo operieris.
Du skal gjera deg duskar i alle fire snipparne på kjolen du gjeng med.
13 Si duxerit vir uxorem, et postea odio habuerit eam,
Når ein mann tek seg ei kona, men fær uhug til henne etter dei hev kome i hop,
14 quaesieritque occasiones quibus dimittat eam, obiiciens ei nomen pessimum, et dixerit: Uxorem hanc accepi, et ingressus ad eam non inveni virginem:
og so kjem med skuldingar mot kona, og set ut eit stygt ord um henne, og segjer: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då me kom i hop, skyna eg at ho hadde mist møydomen, »
15 tollent eam pater et mater eius, et ferent secum signa virginitatis eius ad seniores urbis qui in porta sunt:
so skal foreldri åt den unge kona taka møydomsmerki hennar, og fara til tings,
16 et dicet pater: Filiam meam dedi huic uxorem: quam quia odit,
og faren skal segja so til styresmennerne: «Eg let denne mannen få dotter mi, men no hev han fenge uhug til henne,
17 imponit ei nomen pessimum, ut dicat: Non inveni filiam tuam virginem: et ecce haec sunt signa virginitatis filiae meae. expandent vestimentum coram senioribus civitatis:
og so kjem han med skuldingar mot henne, og segjer: «Eg fann ikkje møydom hjå dotter di; » men sjå her er møydomsmerki hennar.» Dermed skal dei breida ut brurelakanet for augo åt styresmennerne.
18 apprehendentque senes urbis illius virum, et verberabunt illum,
Og styresmennerne skal taka mannen og gjeva honom hogg,
19 condemnantes insuper centum siclis argenti, quos dabit patri puellae, quoniam diffamavit nomen pessimum super virginem Israel: habebitque eam uxorem, et non poterit dimittere eam omnibus diebus vitae suae.
og leggja honom ei bot på hundrad sylvdalar; deim skal dei gjeva til far åt den unge kona. Det skal den mannen hava for di han sette ut eit stygt ord um ei møy i Israel; og ho skal vera kona hans som ho hev vore; han skal aldri hava lov til å skilja seg med henne.
20 Quod si verum est quod obiicit, et non est in puella inventa virginitas:
Men er skuldingi sann, hadde ikkje ho møydomen sin,
21 eiicient eam extra fores domus patris sui, et lapidibus obruent viri civitatis illius, et morietur: quoniam fecit nefas in Israel, ut fornicaretur in domo patris sui: et auferes malum de medio tui.
so skal dei føra henne burt til døri til farshuset hennar, og mennerne der i byen skal steina henne i hel, for di ho hev gjort eit skjemdarverk og fare åt som ei skjøkja i huset åt far sin. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
22 Si dormierit vir cum uxore alterius, uterque morietur, id est, adulter et adultera: et auferes malum de Israel.
Kjem de yver ein mann som ligg hjå ei gift kona, so skal dei døy båe tvo, både mannen og kona han låg hjå; soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.
23 Si puellam virginem desponderit vir, et invenerit eam aliquis in civitate, et concubuerit cum ea,
Er ei ungmøy trulova med ein mann, og ein annan mann råkar henne i byen, og ligg hjå henne,
24 educes utrumque ad portam civitatis illius, et lapidibus obruentur: puella, quia non clamavit, cum esset in civitate: vir, quia humiliavit uxorem proximi sui. et auferes malum de medio tui.
so skal de stemna båe tvo for retten, og so steina deim i hel, gjenta for di ho ikkje ropa på hjelp, endå det var i byen dette hende, og mannen for di han hev skjemt ut annan manns festarmøy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
25 Sin autem in agro repererit vir puellam, quae desponsata est, et apprehendens concubuerit cum ea, ipse morietur solus:
Men er det ute på marki ein mann råkar ei gjenta som er trulova, og han tek henne med magt, og ligg hjå henne, so skal berre mannen lata livet;
26 puella nihil patietur, nec est rea mortis: quoniam sicut latro consurgit contra fratrem suum, et occidit animam eius, ita et puella perpessa est.
gjenta skal du ikkje gjera noko; ho hev ingi synd gjort som ho skulde missa livet for. For med dette er det som når ein mann ryk på ein annan og slær honom i hel.
27 sola erat in agro: clamavit, et nullus affuit qui liberaret eam.
Mannen råka gjenta ute på marki, og ho skreik, men der var ingen til å hjelpa henne.
28 Si invenerit vir puellam virginem, quae non habet sponsum, et apprehendens concubuerit cum illa, et res ad iudicium venerit:
Når ein mann råkar på ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg hjå henne, og folk kjem yver deim,
29 dabit qui dormivit cum ea, patri puellae quinquaginta siclos argenti, et habebit eam uxorem, quia humiliavit illam: non poterit dimittere eam cunctis diebus vitae suae.
so skal mannen gjeva far åt gjenta eit halvt hundrad sylvdalar, og ho skal verta kona hans, for di han hev skjemt henne ut, og han må aldri skilja seg med henne.
30 Non accipiet homo uxorem patris sui, nec revelabit operimentum eius.
Ingen må taka stykmor si til kona, eller søkja seng med henne.

< Deuteronomii 22 >