< Deuteronomii 13 >

1 Si surrexerit in medio tui prophetes, aut qui somnium vidisse se dicat, et praedixerit signum atque portentum,
Når det stig fram ein profet millom dykk, eller ein som hev draumsyner, og han spår dykk eit teikn eller under,
2 et evenerit quod locutus est, et dixerit tibi: Eamus, et sequamur deos alienos quos ignoras, et serviamus eis:
og segjer: «Lat oss fylgja andre gudar» - gudar som du ikkje kjenner - «og beda til deim!» so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer, um det so horver etter som han spådde;
3 non audies verba prophetae illius aut somniatoris: quia tentat vos Dominus Deus vester, ut palam fiat utrum diligatis eum an non, in toto corde, et in tota anima vestra.
for Herren vil då røyna dykk og sjå um de elskar honom av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.
4 Dominum Deum vestrum sequimini, et ipsum timete, et mandata illius custodite, et audite vocem eius: ipsi servietis, et ipsi adhaerebitis.
Herren, dykkar Gud, skal de fylgja, og honom skal de ottast; hans bod skal de lyda, og hans ord skal de høyra; honom skal de tena, og honom skal de halda dykk til.
5 Propheta autem ille aut fictor somniorum interficietur: quia locutus est ut vos averteret a Domino Deo vestro, qui eduxit vos de Terra Aegypti, et redemit vos de domo servitutis: ut errare te faceret de via, quam tibi praecepit Dominus Deus tuus: et auferes malum de medio tui.
Og denne profeten eller draumsjåaren skal lata livet, for di han talde dykk til å falla frå Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og fria dykk ut or slavehuset, og for di han vilde lokka deg burt frå den vegen som Herren, din Gud, hev sagt du skal ganga. Soleis skal de rydja det vonde ut or lyden.
6 Si tibi voluerit persuadere frater tuus filius matris tuae, aut filius tuus vel filia, sive uxor quae est in sinu tuo, aut amicus, quem diligis ut animam tuam, clam dicens: Eamus, et serviamus diis alienis, quos ignoras tu, et patres tui,
Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din, eller dotter di, eller kona di, som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som ditt eige liv - um nokon av desse lokkar deg i løynd, og vil få deg til å dyrka ein annan gud, som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent,
7 cunctarum in circuitu gentium, quae iuxta vel procul sunt, ab initio usque ad finem terrae,
ein av gudarne åt dei folki som bur rundt ikring dykk, tett innmed eller langt undan, frå den eine enden av jordi til hin,
8 non acquiescas ei, nec audias, neque parcat ei oculus tuus ut miserearis et occultes eum,
so skal du ikkje fara etter honom, og ikkje høyra på honom; du skal ikkje tykkja synd i honom, og ikkje spara honom, og ikkje dylja brotet hans,
9 sed statim interficies. sit primum manus tua super eum, et post te omnis populus mittat manum.
men du skal drepa honom; sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handi mot honom, og sidan skal heile folket gjera det same.
10 Lapidibus obrutus necabitur: quia voluit te abstrahere a Domino Deo tuo, qui eduxit te de Terra Aegypti de domo servitutis:
Du skal steina honom i hel, for di han freista å lokka deg burt frå Herren, din Gud, som førde deg utor Egyptarlandet, or slavehuset.
11 ut omnis Israel audiens timeat, et nequaquam ultra faciat quippiam huius rei simile.
Og heile Israel skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort so stygg ei synd millom dykk.
12 Si audieris in una urbium tuarum, quas Dominus Deus tuus dabit tibi ad habitandum, dicentes aliquos:
Høyrer du gjete gudlause menner som hev stige fram millom dykk, i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg til å bu i,
13 Egressi sunt filii Belial de medio tui, et averterunt habitatores urbis suae, atque dixerunt: Eamus, et serviamus diis alienis quos ignoratis:
og fenge folket i byen til å dyrka andre gudar, som de ikkje kjenner,
14 quare solicite et diligenter, rei veritate perspecta, si inveneris certum esse quod dicitur, et abominationem hanc opere perpetratam,
so skal du lyda etter, og spyrja deg vel fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at det hev vore gjort slikt skjemdarverk hjå dykk,
15 statim percuties habitatores urbis illius in ore gladii, et delebis eam ac omnia quae in illa sunt, usque ad pecora.
so skal du bannstøyta den byen og alt som i honom er, og hogga ned både folk og fe.
16 quidquid etiam supellectilis fuerit, congregabis in medio platearum eius, et cum ipsa civitate succendes, ita ut universa consumas Domino Deo tuo, et sit tumulus sempiternus. non aedificabitur amplius,
Alt herfanget du tek der, skal du samla i hop midt på torget, og brenna upp både det og byen til eit heiloffer åt Herren, din Gud, og sidan skal byen i all æva vera ein grushaug, og må aldri byggjast upp att.
17 et non adhaerebit de illo anathemate quidquam in manu tua: ut avertatur Dominus ab ira furoris sui, et misereatur tui, multiplicetque te sicut iuravit patribus tuis,
Du må ikkje halda att noko av det som er bannstøytt; då skal Herren stagga sin brennande vreide, og gjeva deg nåde, og hava deg kjær, og auka ætti di, som han lova federne dine -
18 quando audieris vocem Domini Dei tui, custodiens omnia praecepta eius, quae ego praecipio tibi hodie, ut facias quod placitum est in conspectu Domini Dei tui.
so sant du lyder Herren, din Gud, og held alle bodi hans, deim som eg ber fram for deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.

< Deuteronomii 13 >