< Ii Samuelis 19 >

1 Nunciatum est autem Ioab quod rex fleret et lugeret filium suum:
Joab spurde at kongen gret og syrgde yver Absalom.
2 et versa est victoria in luctum in die illa omni populo: audivit enim populus in die illa dici: Dolet rex super filio suo.
Sigeren vart soleis umskift til ei stor folkesorg den dagen. For herfolket høyrde gjete den dagen at kongen bar sorg for son sin.
3 Et declinavit populus in die illa ingredi civitatem, quomodo declinare solet populus versus et fugiens de praelio.
Folket stal seg inn i byen den dagen, soleis som folk plar gjera når dei skjemmest av di dei hev rømt frå slaget.
4 Porro rex operuit caput suum, et clamabat voce magna: Fili mi Absalom, Absalom fili mi.
Kongen hadde sveipt eit plagg kring andlitet sitt, og jamra med høgt mål: «Absalom, son min! Absalom, son min, son min!»
5 Ingressus ergo Ioab ad regem in domum, dixit: Confudisti hodie vultus omnium servorum tuorum, qui salvam fecerunt animam tuam, et animam filiorum tuorum, et filiarum tuarum, et animam uxorum tuarum, et animam concubinarum tuarum.
Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sagde: «Du hev i dag fenge alle tenarane dine til å raudna av skam, endå dei i dag hev berga ditt liv og berga livet åt sønerne og døtterne dine, åt konorne og fylgjekonorne dine.
6 Diligis odientes te, et odio habes diligentes te: et ostendisti hodie quia non curas de ducibus tuis, et de servis tuis: et vere cognovi modo, quia si Absalom viveret, et omnes nos occubuissemus, tunc placeret tibi.
Du elskar då deim som hatar deg, og hatar deim som elskar deg. Du hev kunngjort i dag at hovdingarne og tenarane dine er inkjevetta for deg. Eg skynar det no, at det vilde du ha lika godt: um Absalom hadde vore i live, og alle me andre no vore drepne.
7 Nunc igitur surge, et procede, et alloquens satisfac servis tuis: iuro enim tibi per Dominum, quod si non exieris, ne unus quidem remansurus sit tecum nocte hac: et peius erit hoc tibi, quam omnia mala, quae venerunt super te ab adolescentia tua usque in praesens.
Ris upp! gakk ut, og tala venleg med tenarane dine! Det sver eg ved Herren: Gjer du ikkje det, so vil ikkje ein einaste mann natta yver hjå deg i natt. Og det vil verta større ulukka for deg enn alle andre ulukkor som hev kome yver frå din ungdom til no.»
8 Surrexit ergo rex et sedit in porta: et omni populo nunciatum est quod rex sederet in porta: venitque universa multitudo coram rege: Israel autem fugit in tabernacula sua.
Då reis kongen upp og sette seg i porten. Det vart kunngjort for alt herfolket: «Sjå kongen sit no i porten.» Då kom dei alle fram for kongen. Israel hadde rømt kvar til seg.
9 Omnis quoque populus certabat in cunctis tribubus Israel, dicens: Rex liberavit nos de manu inimicorum nostrorum, ipse salvavit nos de manu Philisthinorum: et nunc fugit de terra propter Absalom.
Og alt folket i alle Israels ætter tok til å tretta med kvarandre og segja: «Kongen var det som fria oss frå fiendarne våre og berga oss frå filistarane. No hev han lote røma landet for Absalom.
10 Absalom autem, quem unximus super nos, mortuus est in bello: usquequo siletis, et non reducitis regem? Et consilium totius Israel venit ad regem.
Absalom, som me salva til konge yver oss, han er drepen i krigen. Kvifor drygjer de då med å få kongen attende?»
11 Rex vero David misit ad Sadoc et Abiathar sacerdotes, dicens: Loquimini ad maiores natu Iuda, dicentes: Cur venitis novissimi ad reducendum regem in domum suam? (Sermo autem omnis Israel pervenerat ad regem in domo eius.) quia dixerat rex: Haec dicetis ad populum Iuda:
Alt dette vart bore fram for kongen der han heldt seg. David sende bod til prestarne Sadok og Abjatar og bad deim bera fram dette bodet: «Tala so til dei øvste i Juda: «Kvifor vil det vera dei siste til å henta kongen heim att til kongsgarden?»
12 Fratres mei vos, os meum, et caro mea vos, quare novissimi reducitis regem?
De er brørne mine! me er då same folket! kvifor vil de då vera dei siste til å henta kongen attende?»
13 Et Amasae dicite: Nonne os meum, et caro mea es? Haec faciat mihi Deus, et haec addat, si non magister militiae fueris coram me omni tempore pro Ioab.
Til Amasa bad han deim segja: «Er ikkje me same folket? Gud late meg bøta no og sidan, um ikkje du skal verta herhovdingen min for alle tider i staden hans Joab.»
14 Et inclinavit cor omnium virorum Iuda, quasi viri unius: miseruntque ad regem, dicentes: Revertere tu, et omnes servi tui.
Han vann soleis Juda-mennerne alle som ein, so dei sende dette bodet til kongen: «Kom heim att, du og alle tenarane dine!»
15 Et reversus est rex: et venit usque ad Iordanem, et omnis Iuda venit usque in Galgalam ut occurreret regi, et traduceret eum Iordanem.
Då snudde kongen på heimvegen og kom til Jordan. Juda-folket møtte kongen i Gilgal og førde honom yver Jordan.
16 Festinavit autem Semei filius Gera filii Iemini de Bahurim, et descendit cum viris Iuda in occursum regis David
Og benjaminiten Sime’i Gerason frå Bahurim skunda seg og drog ned med Juda-folket og møtte kong David.
17 cum mille viris de Beniamin, et Siba puer de domo Saul: et quindecim filii eius, ac viginti servi erant cum eo: et irrumpentes Iordanem, ante regem
Med honom fylgde tusund mann frå Benjamin. Like eins kom Siba, sveinen åt Sauls-ætti, med femtan søner og tjuge tenarar. Dei kom fram til Jordan fyre kongen.
18 transierunt vada, ut traducerent domum regis, et facerent iuxta iussionem eius: Semei autem filius Gera prostratus coram rege, cum iam transisset Iordanem,
Dei ferja yver og førde kongslyden yver, og heldt på å ferja so som kongen ynskte. Sime’i Gerason fall å gruve for kongen då han skulde fara yver Jordan.
19 dixit ad eum: Ne reputes mihi domine mi iniquitatem, neque memineris iniuriarum servi tui in die qua egressus es domine mi rex de Ierusalem, neque ponas rex in corde tuo.
«Herre!» sagde han, «du må ikkje rekna på illgjerningi mi, og ikkje koma i hug kor ille tenaren din gjorde den dagen du, herre konge, drog ut frå Jerusalem! Bry deg ikkje um det, konge!
20 Agnosco enim servus tuus peccatum meum: et idcirco hodie primus veni de omni domo Ioseph, descendique in occursum domini mei regis.
Tenaren din skyner eg forsynda meg mot deg den gongen. Difor er eg i dag den fyrste av heile Josefs hus som er komen til å møta deg, herre konge!»
21 Respondens vero Abisai filius Sarviae, dixit: Numquid pro his verbis non occidetur Semei, quia maledixit christo Domini?
Abisai Serujason tok til ords og sagde: «Skulde ikkje Sime’i lata livet for dette, at han banna den som Herren hev salva?»
22 Et ait David: Quid mihi, et vobis filii Sarviae? cur efficimini mihi hodie in satan? ergone hodie interficietur vir in Israel? an ignoro hodie me factum regem super Israel?
Men David svara: «Kva hev eg med dykk, Seruja-søner, med di de er motmennerne mine i dag? Ingen mann i Israel skal lata livet i dag. Eg veit: i dag hev eg vorte konge yver Israel.»
23 Et ait rex Semei: Non morieris. Iuravitque ei.
So sagde kongen til Sime’i: «Du skal ikkje døy!» Og kongen gjorde eid på det.
24 Miphiboseth quoque filius Saul descendit in occursum regis illotis pedibus, et intonsa barba: vestesque suas non laverat a die qua egressus fuerat rex, usque ad diem reversionis eius in pace.
Mefiboset, soneson åt Saul, hadde og fare ned og møtt kongen. Han hadde ikkje vølt føterne sine, ikkje greidt skjegget sitt, og heller ikkje vaska klædi sine frå den dagen kongen drog burt, heilt til den dagen han kom att med heilo.
25 Cumque Ierusalem occurrisset regi, dixit ei rex: Quare non venisti mecum Miphiboseth?
Då no kom til Jerusalem og møtte kongen, spurde kongen honom: «Kvifor fylgde du ikkje med meg, Mefiboset?»
26 Et respondens ait: Domine mi rex, servus meus contempsit me: dixique ei ego famulus tuus ut sterneret mihi asinum, et ascendens abirem cum rege: claudus enim sum servus tuus.
Han svara: «Herre konge, tenaren min sveik meg. Eg sagde: «Eg vil sala asnet mitt, stiga uppå og rida med kongen; du veit eg er lam.»
27 Insuper et accusavit me servum tuum ad te dominum meum regem: tu autem domine mi rex, sicut angelus Dei es, fac quod placitum est tibi.
Men han hev i staden loge på meg for deg, herre konge. Like vel: du, herre konge, er som Guds engel; gjer det du tykkjer best!
28 Neque enim fuit domus patris mei, nisi morti obnoxia domino meo regi: tu autem posuisti me servum tuum inter convivas mensae tuae: quid ergo habeo iustae querelae? aut quid possum ultra vociferari ad regem?
Heile farshuset mitt fortente ikkje anna enn daudedom av deg, herre konge! endå sette du meg millom deim som fekk eta ved ditt bord. Kva hev eg då rett å krevja meir? Og kva kann eg meir beda kongen um?»
29 Ait ergo ei rex: Quid ultra loqueris? fixum est quod locutus sum: tu, et Siba dividite possessiones.
Kongen svara: «Du tarv ikkje tala meir um det! Eg segjer: Du og Siba skal hava kvar sin lut av jordeigedomen.»
30 Responditque Miphiboseth regi: Etiam cuncta accipiat, postquam reversus est dominus meus rex pacifice in domum suam.
Mefiboset svara kongen: «Han må gjerne eiga alt i hop, sidan du, herre konge, no hev kome att til kongsgarden med heilo.»
31 Berzellai quoque Galaadites, descendens de Rogelim, traduxit regem Iordanem, paratus etiam ultra fluvium prosequi eum.
Barzillai frå Gilead hadde og fare ned frå Rogelim, og drog so med kongen til Jordan og fylgde honom yver Jordan.
32 Erat autem Berzellai Galaadites senex valde, id est octogenarius, et ipse praebuit alimenta regi, cum moraretur in Castris: fuit quippe vir dives nimis.
Barzillai var då ovleg gamall, åtteti år. Han hadde sytt for kongen medan han heldt til i Mahanajim; for han var ein rik mann.
33 Dixit itaque rex ad Berzellai: Veni mecum, ut requiescas securus mecum in Ierusalem.
Kongen baud no Barzillai: «Du skal fylgja meg; so vil eg syta for deg hjå meg i Jerusalem.»
34 Et ait Berzellai ad regem: Quot sunt dies annorum vitae meae, ut ascendam cum rege in Ierusalem?
Men Barzillai svara: «Kor lang tid hev eg att å liva, so eg skulde fylgja kongen upp til Jerusalem?
35 Octogenarius sum hodie: numquid vigent sensus mei ad discernendum suave, aut amarum? aut delectare potest servum tuum cibus aut potus? vel audire possum ultra vocem cantorum, atque cantatricum? quare servus tuus sit oneri domino meo regi?
Eg er no åtteti år, eg. Kann eg då skilja millom godt og låkt? Eller kann eg smaka kva eg et eller drikk? Eller kann eg njota å lyda på songarar og songmøyar? Kvifor skulde eg då meir vera til bry for deg, herre konge?
36 Paululum procedam famulus tuus ab Iordane tecum: non indigeo hac vicissitudine,
Berre eit stykke på veg vilde tenaren din fara med kongen yver Jordan. Kvifor skulde kongen gjeva meg vederlag soleis?
37 sed obsecro ut revertar servus tuus, et moriar in civitate mea, et sepeliar iuxta sepulchrum patris mei, et matris meae. Est autem servus tuus Chamaam, ipse vadat tecum, domine mi rex, et fac ei quidquid tibi bonum videtur.
Lat tenaren din fara heim att og døy i heimbyen min, der som far og mor ligg gravlagde! Men her er Kimham, tenaren din! Lat honom fylgja med deg, herre konge, og gjer for honom det du tykkjer!»
38 Dixit itaque ei rex: Mecum transeat Chamaam, et ego faciam ei quidquid tibi placuerit, et omne, quod petieris a me, impetrabis.
Kongen svara: «So skal Kimham fylgja med meg. Og eg vil gjera mot honom det du ynskjer. Og alt du bed meg um, skal eg gjera.»
39 Cumque transisset universus populus et rex Iordanem, osculatus est rex Berzellai, et benedixit ei: et ille reversus est in locum suum.
So gjekk alt folket yver Jordan; og kongen sjølv gjekk yver. Kongen kysste Barzillai og tok farvel med honom. Og so vende han heim att.
40 Transivit ergo rex in Galgalam, et Chamaam cum eo. omnis autem populus Iuda traduxerat regem, et media tantum pars adfuerat de populo Israel.
Kongen drog til Gilgal. Kimham fylgde med, og alle Juda-mennerne. Saman med helvti av Israels-mennerne førde dei kongen dit yver.
41 Itaque omnes viri Israel concurrentes ad regem dixerunt ei: Quare te furati sunt fratres nostri viri Iuda, et traduxerunt regem et domum eius Iordanem, omnesque viros David cum eo?
Då kom alle Israels-mennerne til kongen og sagde: «Kvifor hev brørne våre, Juda-mennerne, stole seg til å få tak i deg og føra kongen og lyden hans og alle Davids-tenarane yver Jordan?»
42 Et respondit omnis vir Iuda ad viros Israel: Quia mihi propior est rex: cur irasceris super hac re? numquid comedimus aliquid ex rege, aut munera nobis data sunt?
Juda-mennerne svara Israels-mennerne: «Kongen stend då næmare oss. Kvifor er de harme for det? Hev me livt på kongen, eller fenge nokor gåva?»
43 Et respondit vir Israel ad viros Iuda, et ait: Decem partibus maior ego sum apud regem, magisque ad me pertinet David quam ad te: cur fecisti mihi iniuriam, et non mihi nunciatum est priori, ut reducerem regem meum? Durius autem responderunt viri Iuda viris Israel.
Israels-mennerne svara Juda-mennerne: «Ti gonger større lut enn de hev me i honom som er konge, soleis ogso i David. Kvifor hev de vanvyrdt oss? Var det ikkje me som fyrst tala um å henta kongen vår heim?» Det svaret Juda-mennerne gav, var endå argare enn det Israels-mennerne hadde gjeve.

< Ii Samuelis 19 >