< Ii Regum 6 >

1 Dixerunt autem filii prophetarum ad Eliseum: Ecce locus, in quo habitamus coram te, angustus est nobis.
Profetsveinarne sagde med Elisa: «Romet der me sit for di åsyn, er for lite oss.
2 Eamus usque ad Iordanem, et tollant singuli de silva materias singulas, ut aedificemus nobis ibi locum ad habitandum. Qui dixit: Ite.
Lat oss då få lov å ganga til Jordan og henta kvar sin timberstokk, so vil me byggja oss rom der me kann sitja.» «Ja, gakk de!» svara han.
3 Et ait unus ex illis: Veni ergo et tu cum servis tuis. Respondit: Ego veniam.
Ein av deim bad honom: «Å, gjer vel og fylg med tenarane dine!» «Eg skal so, » sagde han.
4 Et abiit cum eis. Cumque venissent ad Iordanem, caedebant ligna.
Han fylgde deim. Då dei kom til Jordan, tok dei til å hogga ned trei.
5 Accidit autem, ut cum unus materiam succidisset, caderet ferrum securis in aquam: exclamavitque ille, et ait: Heu heu heu domine mi, et hoc ipsum mutuo acceperam.
Med ein holdt på å fella ein stokk, datt øksi i vatnet. Han skreik upp: «Å, herre! Det var lånegods!»
6 Dixit autem homo Dei: Ubi cecidit? At ille monstravit ei locum. praecidit ergo lignum, et misit illuc: natavitque ferrum,
«Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Dei synte honom staden. Han skar av ei grein og kasta henne dit. Då fekk han øksi til å fljota upp.
7 et ait: Tolle. Qui extendit manum, et tulit illud.
«Tak henne!» sagde han. Og han rette ut handi og tok henne.
8 Rex autem Syriae pugnabat contra Israel, consiliumque iniit cum servis suis, dicens: In loco illo, et illo ponamus insidias.
Syrarkongen låg den tid i ufred med Israel. Når han samråddest med mennerne sine og lagde yver: «Der og der vil eg lægra meg, »
9 Misit itaque vir Dei ad regem Israel, dicens: Cave ne transeas in locum illum: quia ibi Syri in insidiis sunt.
so sende gudsmannen det bodet til Israels-kongen: «Tak deg i vare for å fara den vegen! for der for syrarane ned.»
10 Misit itaque rex Israel ad locum, quem dixerat ei vir Dei, et praeoccupavit eum, et observavit se ibi non semel neque bis.
Når so Israels-kongen sende folk til den staden som gudsmannen hadde peika ut og vara honom for, so tok han seg i vare nett der. Dette hende ikkje berre ein og tvo gonger.
11 Conturbatumque est cor regis Syriae pro hac re: et convocatis servis suis, ait: Quare non indicatis mihi quis proditor mei sit apud regem Israel?
Av dette kom syrarkongen radt i egse. Han kalla i hop mennerne sine og spurde deim: «Kann de ikkje segja meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?»
12 Dixitque unus servorum eius: Nequaquam domine mi rex, sed Eliseus propheta, qui est in Israel, indicat regi Israel omnia verba quaecumque locutus fueris in conclavi tuo.
Ein av mennerne svara: «Nei, herre konge! Det er profeten Elisa i Israel som segjer Israels-kongen dei ting du talar i sengkammerset ditt.»
13 Dixitque eis: Ite, et videte ubi sit: ut mittam, et capiam eum. Annunciaveruntque ei, dicentes: Ecce in Dothain.
Då sagde han: «Få greida på kvar han heldt seg, so skal eg senda folk og gripa honom.» Dei melde honom: «Han held seg i Dotan.»
14 Misit ergo illuc equos et currus, et robur exercitus: qui cum venissent nocte, circumdederunt civitatem.
Dit sende han so hestar og vogner og ein stor herstyrke. Dei kom ved natteti og kringsette byen.
15 Consurgens autem diluculo minister viri Dei, egressus portam, vidit exercitum in circuitu civitatis, et equos et currus: nunciavitque ei, dicens: Heu heu heu domine mi, quid faciemus?
Då tenaren åt gudsmannen reis upp og gjekk ut tidleg næste morgon, fekk han sjå ein herstyrke med hestar og vogner lægra kring byen. Drengen sagde då til honom: «Ai, ei, herre! Kva skal me gjera?»
16 At ille respondit: Noli timere: plures enim nobiscum sunt, quam cum illis.
«Ver ikkje rædd!» svara han; «det er fleire med oss enn med deim.»
17 Cumque orasset Eliseus, ait: Domine, aperi oculos huius, ut videat. Et aperuit Dominus oculos pueri, et vidit: et ecce mons plenus equorum, et curruum igneorum, in circuitu Elisei.
Og Elisa bad og sagde: «Herre, lat upp augo hans, so han kann sjå!» Herren let upp augo på guten, og han fekk sjå fjellet fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisa.
18 Hostes vero descenderunt ad eum: porro Eliseus oravit ad Dominum, dicens: Percute, obsecro, gentem hanc caecitate. Percussitque eos Dominus, ne viderent, iuxta verbum Elisei.
Då dei so gjekk ned, bad Elisa til Herren: «Å, slå dette folket med blindskap!» Og Herren slo deim med blindskap, so som Elisa hadde sagt.
19 Dixit autem ad eos Eliseus: Non est haec via, neque ista est civitas: sequimini me, et ostendam vobis virum, quem quaeritis. Duxit ergo eos in Samariam:
Elisa sagde då til deim: «Dette er ikkje rette vegen, detter er ikkje rette byen! fylg meg, so skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» So førde han deim til Samaria.
20 cumque ingressi fuissent in Samariam, dixit Eliseus: Domine aperi oculos istorum, ut videant. Aperuitque Dominus oculos eorum, et viderunt se esse in medio Samariae.
Då dei so var komne inn i Samaria, bad Elisa: «Herre, lat upp augo på desse, og lat deim sjå!» Herren let upp augo deira, og dei gådde at dei var midt inni Samaria.
21 Dixitque rex Israel ad Eliseum, cum vidisset eos: Numquid percutiam eos, pater mi?
Då Israels-kongen såg deim, sagde han til Elisa: «Skal eg hogga ned, hogga ned, far?»
22 At ille ait: Non percuties: neque enim cepisti eos gladio, et arcu tuo, ut percutias: sed pone panem, et aquam coram eis, ut comedant, et bibant, et vadant ad dominum suum.
«Nei, » svara han, «det skal du ikkje; plar du hogga ned deim du fangar med sverd eller boge? Set fram åt deim mat og drikka, lat deim eta og drikka, og lat deim so fara attende til herren sin!»
23 Appositaque est eis ciborum magna praeparatio, et comederunt, et biberunt, et dimisit eos, abieruntque ad dominum suum, et ultra non venerunt latrones Syriae in Terram Israel.
Han kosta på deim eit stort gjestebod; og då dei hadde ete og drukke, let han deim ganga. Og dei for attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire syriske herjeflokkar inn i Israelslandet.
24 Factum est autem post haec, congregavit Benadad rex Syriae, universum exercitum suum, et ascendit, et obsidebat Samariam.
No hende de seg sidan at Benhadad, syrarkongen, stemnde saman heile heren sin og drog upp og kringsette Samaria.
25 Factaque est fames magna in Samaria: et tandiu obsessa est, donec venundaretur caput asini octoginta argenteis, et quarta pars cabi stercoris columbarum quinque argenteis.
Medan dei kringsette byen, vart det so stor hunger i Samaria, at eit asenhovud kosta til sist åtteti sylvdalar, og fjordeparten av ei kanna med duvemøk fem sylvdalar.
26 Cumque rex Israel transiret per murum, mulier quaedam exclamavit ad eum, dicens: Salva me domine mi rex.
Ein dag Israels-kongen gjekk ikring på muren, var det ei kvinna som ropa på honom: «Hjelp, herre konge!»
27 Qui ait: Non te salvat Dominus: unde te possum salvare? de area, vel de torculari? Dixitque ad eam rex: Quid tibi vis? Quae respondit:
Han svara: «Hjelper ikkje Herren deg, kvar skal då eg henta hjelpi di frå? Frå treskjarvollen? eller frå vinpersa?
28 Mulier ista dixit mihi: Da filium tuum, ut comedamus eum hodie, et filium meum comedemus cras.
Kva er i vegen med deg?» spurde kongen. Ho svara: «Denne kona her sagde med meg: «Kom med son din, so skal me eta honom i dag, so kann me eta son min i morgon!»
29 Coximus ergo filium meum, et comedimus. Dixique ei die altera: Da filium tuum, ut comedamus eum. Quae abscondit filium suum.
So koka me son min og åt honom upp. Men då eg andre dagen sagde til henne: «Kom med son din, so me kann eta honom!» då løynde ho son sin.»
30 Quod cum audisset rex, scidit vestimenta sua, et transibat per murum. Viditque omnis populus cilicium, quo vestitus erat ad carnem intrinsecus.
Då kongen høyrde det kona sagde, reiv han sund klædi sine, medan han gjekk der på muren; og folk fekk sjå han gjekk med sekkjety innunder næmast kroppen.
31 Et ait rex: Haec mihi faciat Deus, et haec addat, si steterit caput Elisei filii Saphat super ipsum hodie.
Og han svor: «Gud late meg bøta no og sidan, um hovudet skal sitja på Elisa Safatsson dagen til endes!
32 Eliseus autem sedebat in domo sua, et senes sedebant cum eo. Praemisit itaque virum: et antequam veniret nuncius ille, dixit ad senes: Numquid scitis quod miserit filius homicidae hic, ut praecidatur caput meum? videte ergo, cum venerit nuncius, claudite ostium, et non sinatis eum introire: ecce enim sonitus pedum domini eius post eum est.
Sende han so ein fyre seg til Elisa, der han sat i heimen saman med dei øvste. Men fyrr bodet kom til honom, sagde han med dei øvste: Skynar de at denne mordarsonen hev sendt ein mann hit til å taka hovudet mitt? Sjå no til og lat att døri, og haldt henne stengd når bodet kjem! Høyrer det ikkje stigi til herren hans bak honom?»
33 Adhuc illo loquente eis, apparuit nuncius, qui veniebat ad eum. Et ait: Ecce, tantum malum a Domino est: quid amplius expectabo a Domino?
Medan han tala soleis med deim, såg dei bodet koma ned til honom med dei ordi: «Sjå for ei ulukka Herren hev sendt! kvifor skal eg då bia på Herren meir?»

< Ii Regum 6 >