< Ii Regum 19 >

1 Quae cum audisset Ezechias rex, scidit vestimenta sua, et opertus est sacco, ingressusque est domum Domini.
Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.
2 Et misit Eliacim praepositum domus, et Sobnam scribam, et senes de sacerdotibus opertos saccis, ad Isaiam prophetam filium Amos.
Han sende drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson,
3 Qui dixerunt: Haec dicit Ezechias: Dies tribulationis, et increpationis, et blasphemiae dies iste: venerunt filii usque ad partum, et vires non habet parturiens.
med dei ordi: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda.
4 Si forte audiat Dominus Deus tuus universa verba Rabsacis, quem misit rex Assyriorum dominus suus, ut exprobraret Deum viventem, et argueret verbis, quae audivit Dominus Deus tuus: et fac orationem pro reliquiis, quae repertae sunt.
Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»»
5 Venerunt ergo servi regis Ezechiae ad Isaiam.
Då hirdmennerne frå Hizkia kom til Jesaja,
6 Dixitque eis Isaias: Haec dicetis domino vestro: Haec dicit Dominus: Noli timere a facie sermonum, quos audisti, quibus blasphemaverunt pueri regis Assyriorum me.
sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde då trælarne åt assyrarkongen spotta meg!
7 Ecce, ego immittam ei spiritum, et audiet nuncium, et revertetur in terram suam, et deiiciam eum gladio in terra sua.
Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»
8 Reversus est ergo Rabsaces, et invenit regem Assyriorum expugnantem Lobnam: Audierat enim quod recessisset de Lachis.
Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis.
9 Cumque audisset de Tharaca rege Aethiopiae, dicentes: Ecce, egressus est ut pugnet adversum te: et iret contra eum, misit nuncios ad Ezechiam dicens:
Då han fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut på herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:
10 Haec dicite Ezechiae regi Iuda: Non te seducat Deus tuus, in quo habes fiduciam: neque dicas: Non tradetur Ierusalem in manus regis Assyriorum.
«Seg so med Hizkia, Juda-kongen: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen!
11 Tu enim ipse audisti quae fecerunt reges Assyriorum universis terris, quo modo vastaverunt eas: num ergo solus poteris liberari?
Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt mot alle landi; at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?
12 Numquid liberaverunt dii Gentium singulos, quos vastaverunt patres mei, Gozan videlicet, et Haran, et Reseph, et filios Eden, qui erant in Thelassar?
Kunde folke-gudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan, Haran, Resef eller Edens-folki i Telassar?
13 Ubi est rex Emath, et rex Arphad, et rex civitatis Sepharvaim, Ana, et Ava?
Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen yver Sefarvajimbyen, yver Hena og Ivva?»»
14 Itaque cum accepisset Ezechias litteras de manu nunciorum, et legisset eas, ascendit in domum Domini, et expandit eas coram Domino,
Hizkia tok brevet frå sendebodi og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn.
15 et oravit in conspectu eius, dicens: Domine Deus Israel, qui sedes super cherubim, tu es Deus solus regum omnium terrae: tu fecisti caelum et terram.
Og Hizkia bad for Herrens åsyn, og sagde: «Herre, du Israels Gud! du som sit yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi! du hev gjort himmelen og jordi.
16 Inclina aurem tuam, et audi: aperi Domine oculos tuos, et vide: audi omnia verba Sennacherib, qui misit ut exprobraret nobis Deum viventem.
Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende, og svivyrde den livande Gud!
17 Vere Domine dissipaverunt reges Assyriorum Gentes, et terras omnium.
Herre, det er sant: assyrarkongen hev øydt ut folki og deira land,
18 Et miserunt deos eorum in ignem: non enim erant dii, sed opera manuum hominum ex ligno et lapide, et perdiderunt eos.
kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein; difor kunde dei øydast.
19 Nunc igitur Domine Deus noster, salvos nos fac de manu eius, ut sciant omnia regna terrae, quia tu es Dominus Deus solus.
Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna: du, Herre, einast er Gud!»
20 Misit autem Isaias filius Amos ad Ezechiam, dicens: Haec dicit Dominus Deus Israel: Quae deprecatus es me super Sennacherib rege Assyriorum, audivi.
Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Bøni di hev eg høyrt um hjelp mot Sanherib, Assur-kongen.
21 Iste est sermo, quem locutus est Dominus de eo: Sprevit te, et subsannavit te virgo filia Sion: post tergum tuum caput movit, filia Ierusalem.
So lyder Herrens ord, som Herren hev tala imot honom: «Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.
22 Cui exprobrasti, et quem blasphemasti? contra quem exaltasti vocem tuam, et elevasti in excelsum oculos tuos? contra sanctum Israel.
Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage.
23 Per manum servorum tuorum exprobrasti Domino, et dixisti: In multitudine curruum meorum ascendi excelsa montium in summitate Libani, et succidi sublimes cedros eius, et electas abietes illius. Et ingressus sum usque ad terminos eius, et saltum carmeli eius
Ved sendebodi hædde du Herren og sagde: Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressarne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste skogen;
24 ego succidi. Et bibi aquas alienas, et siccavi vestigiis pedum meorum omnes aquas clausas.
eg borar meg brunnar og vatn drikk eg hjå framande folk; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptarlands elvar.»
25 Numquid non audisti quid ab initio fecerim? Ex diebus antiquis plasmavi illud, et nunc adduxi: eruntque in ruinam collium compugnantium civitates munitae.
Hev du’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.
26 Et qui sedent in eis, humiles manu, contremuerunt et confusi sunt, facti sunt velut foenum agri, et virens herba tectorum, quae arefacta est antequam veniret ad maturitatem.
Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som gras på marki og grøne urter, som vokstrar på taket som moldaks i bryddande åker.
27 Habitaculum tuum, et egressum tuum, et introitum tuum, et viam tuam ego praescivi, et furorem tuum contra me.
Eg veit når du sit, og gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.
28 Insanisti in me, et superbia tua ascendit in aures meas: ponam itaque circulum in naribus tuis, et camum in labiis tuis, et reducam te in viam, per quam venisti.
Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din, og vikjer deg heim att den vegen du kom.
29 Tibi autem Ezechia hoc erit signum: Comede hoc anno quae repereris: in secundo autem anno, quae sponte nascuntur: porro in tertio anno seminate et metite: plantate vineas, et comedite fructum earum.
Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne, men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim.
30 Et quodcumque reliquum fuerit de domo Iuda, mittet radicem deorsum, et faciet fructum sursum.
Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil og ovantil ber han si frukt.
31 De Ierusalem quippe egredientur reliquiae, et quod salvetur de monte Sion: zelus Domini exercituum faciet hoc.
For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Herrens brennhug skal gjera dette.
32 Quam ob rem haec dicit Dominus de rege Assyriorum: Non ingredietur urbem hanc, nec mittet in eam sagittam, nec occupabit eam clypeus, nec circumdabit eam munitio.
Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skal han skjota nokor pil der inn. Ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han.
33 Per viam, qua venit, revertetur: et civitatem hanc non ingredietur, dicit Dominus.
Den vegen som han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen kjem han ikkje inn, so segjer Herren.
34 Protegamque urbem hanc, et salvabo eam propter me, et propter David servum meum.
Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»»
35 Factum est igitur in nocte illa, venit Angelus Domini, et percussit in castris Assyriorum centum octogintaquinque millia. Cumque diluculo surrexisset, vidit omnia corpora mortuorum: et recedens abiit,
Det hende seg den natti at Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle ligjande lik.
36 et reversus est Sennacherib rex Assyriorum, et mansit in Ninive.
Då tok assyrarkongen Sankerib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.
37 Cumque adoraret in templo Nesroch deum suum, Adramelech et Sarasar filii eius percusserunt eum gladio, fugeruntque in terram Armenorum, et regnavit Asarhaddon filius eius pro eo.
Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg Adrammelek og Sareser honom ned med sverd; dei kom seg undan til Araratslandet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.

< Ii Regum 19 >