< I Paralipomenon 29 >

1 Locutusque est David rex ad omnem ecclesiam: Salomonem filium meum unum elegit Deus, adhuc puerum et tenellum: opus namque grande est, neque enim homini praeparatur habitatio, sed Deo.
Og kong David sagde til heile lyden: «Salomo, son min, den einaste Gud hev valt ut, er ung og kløkk, og arbeidet er stort; for denne borgi er ikkje etla til eit menneskje, men til Gud Herren.
2 Ego autem totis viribus meis praeparavi impensas domus Dei mei. Aurum ad vasa aurea, et argentum in argentea, aes in aenea, ferrum in ferrea, ligna ad lignea: et lapides onychinos, et quasi stibinos, et diversorum colorum, omnemque pretiosum lapidem, et marmor Parium abundantissime:
Men det meste eg hev kunna, hev eg, åt huset for min Gud, rådt meg gull til det som skal vera av gull, sylv til det som skal vera av sylv, kopar til det som skal vera av kopar, jarn til det som skal vera av jarn, og tre til det som skal vera av tre, dessutan sjohamsteinar og andre innfellingssteinar, svartblanke og brokute steinar, stutt sagt allskyns dyre steinar og marmorstein i mengd.
3 et super haec, quae obtuli in domum Dei mei de peculio meo aurum et argentum, do in templum Dei mei, exceptis his, quae praeparavi in aedem sanctam.
Og etter di eg tykkjer um Guds hus, gjev eg dessutan det eg eig av gull og sylv til min Guds hus umfram alt det eg hev rådt meg åt det heilage huset,
4 Tria millia talenta auri de auro Ophir: et septem millia talentorum argenti probatissimi ad deaurandos parietes templi.
tri tusund talent gull, Ofir-gull, og sju tusund talent reinsa sylv, so dei kann klæda veggjerne i husi med det,
5 Et, ubicumque opus est aurum de auro, et ubicumque opus est argentum de argento, opera fiant per manus artificum: et si quis sponte offert, impleat manum suam hodie, et offerat quod voluerit Domino.
og gjera alle dei ting som skal vera av gull, og deim som skal vera av sylv, ja, all slags arbeid som kunstmenner kann gjera. Vil då nokon annan no i dag godvilljugt fylla handi si med gåvor åt Herren?»
6 Polliciti sunt itaque principes familiarum, et proceres tribuum Israel, tribuni quoque, et centuriones, et principes possessionum regis.
Dei kom då friviljugt, hovdingarne for ættgreinerne og Israels ættarhovdingar, og hovdingarne yver tusund og yver hundrad og formennerne yver kongens arbeid.
7 Dederuntque in opera domus Dei auri talenta quinque millia, et solidos decem millia: argenti talenta decem millia, et aeris talenta decem et octo millia: ferri quoque centum millia talentorum.
Og dei gav til arbeidet på Guds hus fem tusund talent og femti tusund dalar gull, ti tusund talent sylv, attan tusund talent kopar og eit hundrad tusund talent jarn.
8 Et apud quemcumque inventi sunt lapides, dederunt in thesauros domus Domini, per manum Iahiel Gersonitis.
Og kvar og ein som hadde dyre steinar i sitt eige, gav deim til skatten i Herrens hus, som gersoniten Jehiel hadde i varveitsla.
9 Laetatusque est populus, cum vota sponte promitterent: quia corde toto offerebant ea Domino: sed et David rex laetatus est gaudio magno.
Og folket gledde seg yver at dei gav unøydde; for av heile sitt hjarta kom dei friviljugt med gåvorne sine åt Herren; kong David og gledde seg storom.
10 Et benedixit Domino coram universa multitudine, et ait: Benedictus es Domine Deus Israel patris nostri ab aeterno in aeternum.
Og David lova Herren framfor heile lyden; David sagde: «Lova vere du, Herre, du Gud åt far vår Israel, frå æva til æva!
11 Tua est Domine magnificentia, et potentia, et gloria, atque victoria: et tibi laus: cuncta enim quae in caelo sunt, et in terra, tua sunt: tuum Domine regnum, et tu es super omnes principes.
Deg, Herre, høyrer stordomen til og velde og æra og bragd og herlegdom, ja, alt som i himmelen og på jordi er; ditt er riket, Herre, og du hev hevja deg upp til eit hovud yver alt.
12 Tuae divitiae, et tua est gloria: tu dominaris omnium, in manu tua virtus et potentia: in manu tua magnitudo, et imperium omnium.
Rikdom og æra kjem frå deg, du råder yver alt, og i di hand er kraft og velde; det stend i di hand å gjera alt stort og sterkt.
13 Nunc igitur Deus noster confitemur tibi, et laudamus nomen tuum inclytum.
So prisar me deg no, vår Gud, og lover ditt herlege namn.
14 Quis ego, et quis populus meus, ut possimus haec tibi universa promittere? tua sunt omnia: et quae de manu tua accepimus dedimus tibi.
For kven er eg, og kva er folket mitt, at me sjølve skulde evla å gjeva slike gåvor friviljugt? Nei, frå deg kjem alt, og or di hand hev me gjeve deg det.
15 Peregrini enim sumus coram te, et advenae, sicut omnes patres nostri. Dies nostri quasi umbra super terram, et nulla est mora.
For me er framande for di åsyn, og gjester som alle våre feder; som ein skugge er våre dagar på jordi, og utan von.
16 Domine Deus noster, omnis haec copia, quam paravimus ut aedificaretur domus nomini sancto tuo, de manu tua est, et tua sunt omnia.
Herre, vår Gud, all denne midelen som me hev rådt oss, so me kunde byggja deg eit hus for det heilage namnet ditt - frå di hand er han komen, og ditt er alt i hop.
17 Scio Deus meus quod probes corda, et simplicitatem diligas, unde et ego in simplicitate cordis mei laetus obtuli universa haec: et populum tuum, qui hic repertus est, vidi cum ingenti gaudio tibi offerre donaria.
Og eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i det som rett er. Med ærlegt hjarta hev eg bore fram alle desse gåvorne sjølvviljugt, og no hev eg set med gleda korleis folket ditt, som her stend, hev sjølvviljugt bore fram åt deg gåvorne sine.
18 Domine Deus Abraham, et Isaac, et Israel patrum nostrorum, custodi in aeternum hanc voluntatem cordis eorum, et semper in venerationem tui mens ista permaneat.
Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, fedreguden vår, lat hugen og tankarne hjå folket ditt allstødt vera viljuge til slike ting, og vend hjarto deira til deg!
19 Salomoni quoque filio meo da cor perfectum, ut custodiat mandata tua, testimonia tua, et ceremonias tuas, et faciat universa: et aedificet aedem, cuius impensas paravi.
Og gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta til å fylja bodi, loverne og fyreskrifterne dine, og gjera alt dette, og byggja den borgi som eg hev gjort fyrebuingar til!»
20 Praecepit autem David universae ecclesiae: Benedicite Domino Deo nostro. Et benedixit omnis ecclesia Domino Deo patrum suorum: et inclinaverunt se, et adoraverunt Deum, et deinde regem.
So sagde David til heile lyden: «Lova Herren, dykkar Gud!» Og heile lyden lova Herren, fedreguden sin, og kasta seg ned å gruve for Herren og for kongen.
21 Immolaveruntque victimas Domino: et obtulerunt holocausta die sequenti, tauros mille, arietes mille, agnos mille cum libaminibus suis, et universo ritu abundantissime in omnem Israel.
Og andre dagen slagta dei slagtoffer og ofra brennoffer åt Herren: tusund uksar, tusund verar og tusund lamb med dei drykkofferi som til høyrde, og ei stor mengd med slagtoffer for heile Israel.
22 Et comederunt, et biberunt coram Domino in die illo cum grandi laetitia. Et unxerunt secundo Salomonem filium David. Unxerunt autem eum Domino in principem, et Sadoc in pontificem.
Og dei åt og drakk for Herrens åsyn på den dagen med stor gleda. Og dei gjorde Salomo, son åt David, andre gongen til konge; dei salva honom til ein fyrste for Herren, og Sadok til prest.
23 Seditque Salomon super solium Domini in regem pro David patre suo, et cunctis placuit: et paruit illi omnis Israel.
Og Salomo konge sat då konge i Herrens kongsstol etter David, far sin, og var lukkeleg, og heile Israel lydde honom.
24 Sed et universi principes, et potentes, et cuncti filii regis David dederunt manum, et subiecti fuerunt Salomoni regi.
Og alle hovdingarne og kjemporne, og dessutan alle sønerne åt kong David gav seg under kong Salomo.
25 Magnificavit ergo Dominus Salomonem super omnem Israel: et dedit illi gloriam regni, qualem nullus habuit ante eum rex Israel.
Og Herren gjorde Salomo ovleg stor for augo åt heile Israel og gav honom ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel fyre honom hadde havt.
26 Igitur David filius Isai regnavit super universum Israel.
Men David, son åt Isai, hadde rådt yver heile Israel.
27 Et dies, quibus regnavit super Israel, fuerunt quadraginta anni: in Hebron regnavit septem annis, et in Ierusalem annis trigintatribus.
Den tidi han var konge yver Israel, var fyrti år; i Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år.
28 Et mortuus est in senectute bona, plenus dierum, et divitiis, et gloria. et regnavit Salomon filius eius pro eo.
Og han døydde i ein god alderdom, mett av dagar og rikdom og æra. Og Salomo, son hans, vart konge i staden hans.
29 Gesta autem David regis priora, et novissima scripta sunt in Libro Samuelis Videntis, et in Libro Nathan prophetae, atque in volumine Gad Videntis:
Og soga um kong David frå upphavet til enden, ho er uppskrivi i krønikeboki åt sjåaren Samuel, i krønikeboki åt profeten Natan og i krønikeboki åt sjåaren Gad.
30 Universique regni eius, et fortitudinis, et temporum, quae transierunt sub eo, sive in Israel, sive in cunctis regnis terrarum.
Der er og fortalt um heile styringi hans, og um storverki hans, og den lagnad som kom yver honom og Israel og alle andre land og rike.

< I Paralipomenon 29 >