< I Paralipomenon 17 >

1 Cum autem habitaret David in domo sua, dixit ad Nathan prophetam: Ecce ego habito in domo cedrina: arca autem foederis Domini sub pellibus est.
Ein gong David sat i huset sitt, sagde David til profeten Natan: «Sjå, eg bur i eit hus av cedertre, medan Herrens sambandskista stend under eit tjeld!»
2 Et ait Nathan ad David: Omnia, quae in corde tuo sunt, fac: Deus enim tecum est.
Natan sagde til David: «Gjer alt det som du hev i hugen; for Gud er med deg.»
3 Igitur nocte illa factus est sermo Domini ad Nathan, dicens:
Men natti etterpå kom Guds ord til Natan soleis:
4 Vade, et loquere David servo meo: Haec dicit Dominus: Non aedificabis tu mihi domum ad habitandum.
«Gakk og seg til David, tenaren min: «So segjer Herren: Ikkje skal du byggja meg det huset eg skal bu i.
5 Neque enim mansi in domo ex eo tempore, quo eduxi Israel, usque ad diem hanc: sed fui semper mutans loca tabernaculi, et in tentorio
For eg hev då ikkje butt i noko hus, alt frå den dagen då eg førde Israel upp hit, og til denne dag, anna eg hev flutt frå tjeld til tjeld, frå hus til hus.
6 manens cum omni Israel. Numquid locutus sum saltem uni Iudicum Israel, quibus praeceperam, ut pascerent populum meum, et dixi: Quare non aedificastis mihi domum cedrinam?
I all den tidi eg hev fare ikring med heile Israel - hev eg då nokosinne tala so til nokon Israels domarar som eg sette til hyrding for folket mitt: «Kvi hev de ikkje bygt meg eit hus av cedertre?»»
7 Nunc itaque sic loqueris ad servum meum David: Haec dicit Dominus exercituum: Ego tuli te, cum in pascuis sequereris gregem, ut esses dux populi mei Israel.
Og no skal du segja so til David, tenaren min: «So segjer Herren, allhers drott: Frå buhagen, der du fylgte sauerne, hev eg teke deg til fyrste yver Israel, folket mitt.
8 Et fui tecum quocumque perrexisti: et interfeci omnes inimicos tuos coram te, fecique tibi nomen quasi unius magnorum, qui celebrantur in terra.
Og eg hev vore med deg på alle dine vegar og rudt ut alle fiendarne dine for deg. Og eg vil gjeva deg eit namn liksom namnet åt dei største menner på jordi.
9 Et dedi locum populo meo Israel: plantabitur, et habitabit in eo, et ultra non commovebitur: nec filii iniquitatis atterent eos, sicut a principio,
Og eg skal reida ein heimstad åt Israel, folket mitt, og planta det so det kann verta buande der, og ikkje verta uroa meir. Valdsmenner skal ikkje meir øyda det, so som i gamle dagar,
10 ex diebus quibus dedi iudices populo meo Israel, et humiliavi universos inimicos tuos. Annuncio ergo tibi, quod aedificaturus sit tibi Dominus domum.
alt ifrå den tidi då eg sette domarar yver mitt folk Israel; og eg skal mykja upp alle fiendarne dine. So gjer eg no det kunnigt for deg, at Herren skal byggja deg eit hus.
11 Cumque impleveris dies tuos ut vadas ad patres tuos, suscitabo semen tuum post te, quod erit de filiis tuis: et stabiliam regnum eius.
Når di æva er all, og du gjeng til federne dine, då skal eg reisa upp avkjømet ditt etter deg, ein av sønerne dine, og eg skal grunnfesta kongedømet hans.
12 Ipse aedificabit mihi domum, et firmabo solium eius usque in aeternum.
Han skal byggja eit hus åt meg; og eg skal grunnfesta kongsstolen hans til æveleg tid.
13 Ego ero ei in patrem, et ipse erit mihi in filium: et misericordiam meam non auferam ab eo, sicut abstuli ab eo, qui ante te fuit.
Eg skal vera far hans, og han skal vera son min, og mi miskunn skal eg ikkje taka frå honom, liksom eg tok henne frå fyremannen din.
14 Et statuam eum in domo mea, et in regno meo usque in sempiternum: et thronus eius erit firmissimus in perpetuum.
Og skal halda honom uppe i mitt hus og i mitt rike i all æva, og kongsstolen hans skal vera grunnfest i all æva.»»
15 Iuxta omnia verba haec, et iuxta universam visionem istam, sic locutus est Nathan ad David.
Heilt i samhøve med desse ordi og med denne syni tala då Natan til David.
16 Cumque venisset rex David, et sedisset coram Domino, dixit: Quis ego sum Domine Deus, et quae domus mea, ut praestares mihi talia?
Då gjekk kong David inn og sette seg ned for Herrens åsyn og sagde: «Kven er eg, Herre Gud, og kva er huset mitt, at du hev ført meg hit?
17 Sed et hoc parum visum est in conspectu tuo, ideoque locutus es super domum servi tui etiam in futurum: et fecisti me spectabilem super omnes homines Domine Deus.
Og endå er det for lite i dine augo, Gud, du hev gjeve lovnader til huset åt tenaren um det som ligg langt fram i tidi. Ja, du hev set til meg på mannevis, so du kunde upphøgja meg, Herre Gud.
18 Quid ultra addere potest David, cum ita glorificaveris servum tuum, et cognoveris eum?
Kva skal no David meir segja til deg um den æra du hev gjort tenaren din? Du kjenner då tenaren din.
19 Domine propter famulum tuum iuxta cor tuum fecisti omnem magnificentiam hanc, et nota esse voluisti universa magnalia.
Herre, for din tenar skuld og etter ditt hjarta hev du gjort alt dette store, og kunngjort alle desse store ting.
20 Domine, non est similis tui: et non est alius Deus absque te, ex omnibus, quos audivimus auribus nostris.
Herre, ingen er som du, og det er ingen Gud utan du, etter alt det me hev høyrt med øyro våre.
21 Quis enim est alius, ut populus tuus Israel, gens una in terra, ad quam perrexit Deus, ut liberaret, et faceret populum sibi, et magnitudine sua atque terroribus eiiceret nationes a facie eius, quem de Aegypto liberarat?
Og kvar finst det på jordi eit einaste folk maken til ditt folk Israel, som Gud sjølv gjekk av og løyste til si eigen lyd, til eit stort og øgjelegt namn åt deg, med di du dreiv ut heidningarne for folket ditt, som du hadde fria ut or Egyptarland.
22 Et posuisti populum tuum Israel tibi in populum usque in aeternum, et tu Domine factus es Deus eius.
Og du hev gjort ditt folk Israel til eit folk åt deg for all æva, og du, Herre, hev vorte deira Gud.
23 Nunc igitur Domine, sermo, quem locutus es famulo tuo, et super domum eius, confirmetur in perpetuum, et fac sicut locutus es.
So lat då, Herre, det standa ved lag i all æva, som du hev tala um tenaren din og hans hus; gjer so som du hev sagt!
24 Permaneatque et magnificetur nomen tuum usque in sempiternum: et dicatur: Dominus exercituum Deus Israel, et domus David servi eius permanens coram eo.
Då skal namnet ditt haldast for traust og verta stort til æveleg tid, so dei skal segja: «Herren, allhers drott, Israels Gud, er Gud yver Israel.» Og då skal huset åt David, tenaren din, standa stødt for di åsyn.
25 Tu enim Domine Deus meus revelasti auriculam servi tui, ut aedificares ei domum: et idcirco invenit servus tuus fiduciam, ut oret coram te.
For du, min Gud, hev openberra for tenaren din at du skal byggja honom eit hus; difor hev tenaren din våga seg til å bera denne bøni fram for deg.
26 Nunc ergo Domine tu es Deus: et locutus es ad servum tuum tanta beneficia.
Og no, Herre, du er Gud, og etter di du hev lova tenaren din denne gode ting,
27 Et coepisti benedicere domui servi tui, ut sit semper coram te: te enim Domine benedicente, benedicta erit in perpetuum.
so lat det no og tekkjast deg å velsigna huset åt tenaren din, so det vart verande æveleg for di åsyn. For det som du, Herre, velsignar, det er velsigna i all æva.»

< I Paralipomenon 17 >