< I Paralipomenon 16 >

1 Attulerunt igitur arcam Dei, et constituerunt eam in medio tabernaculi, quod tetenderat ei David: et obtulerunt holocausta, et pacifica coram Deo.
Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne i tjeldet som David hadde sett upp åt henne; deretter bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn.
2 Cumque complesset David offerens holocausta, et pacifica, benedixit populo in nomine Domini.
Og då David hadde ofra brennofferet og takkofferet, velsigna han folket i Herrens namn.
3 Et divisit universis per singulos, a viro usque ad mulierem tortam panis, et partem assae carnis bubalae, et frixam oleo similam.
Og til kvar og ein av alle israelitarne, både kar og kvinna, skifte han ut ein brødleiv, eit stykke kjøt og ei rosinkaka.
4 Constituitque coram arca Domini de Levitis, qui ministrarent, et recordarentur operum eius, et glorificarent, atque laudarent Dominum Deum Israel:
Og han sette sume levitar til å gjera tenesta framfor Herrens kista, at dei skulde prisa, takka og lova Herren, Israels Gud.
5 Asaph principem, et secundum eius Zachariam: Porro Iahiel, et Semiramoth, et Iehiel, et Mathathiam, et Eliab, et Banaiam, et Obededom: Iehiel super organa psalterii, et lyras: Asaph autem ut cymbalis personaret;
Asaf var den fremste, og Zakarja næst etter honom, og so Je’iel, Semiramot, Jehiel og Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel med harpor og cithrar, og Asaf skulde slå på cymblar.
6 Banaiam vero, et Iaziel sacerdotes, canere tuba iugiter coram arca foederis Domini.
Men prestarne Benaja og Jahaziel skulde standa stendigt med trompetarne sine framfor Guds sambandskista.
7 In illo die fecit David principem ad confitendum Domino Asaph, et fratres eius.
Den dagen var det at David fyrst fastsette den skipnaden at dei ved Asaf og brørne hans skulde prisa Herren på denne visi:
8 Confitemini Domino, et invocate nomen eius: notas facite in populis adinventiones eius.
«Prisa Herren, kalla på hans namn! Forkynn millom folkeslagi hans storverk!
9 Cantate ei, et psallite ei: et narrate omnia mirabilia eius.
Syng for honom, syng honom lov! Tala um alle hans under!
10 Laudate nomen sanctum eius: laetetur cor quaerentium Dominum.
Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!
11 Quaerite Dominum, et virtutem eius: quaerite faciem eius semper.
Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid!
12 Recordamini mirabilium eius quae fecit: signorum illius, et iudiciorum oris eius.
Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
13 Semen Israel servi eius: filii Iacob electi eius.
de etterkomarar av Israel, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde.
14 Ipse Dominus Deus noster: in universa terra iudicia eius.
Han er Herren, vår Gud; yver all jordi gjeng hans domar.
15 Recordamini in sempiternum pacti eius: sermonis, quem praecepit in mille generationes.
Kom æveleg i hug hans pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,
16 Quem pepigit cum Abraham: et iuramenti illius cum Isaac.
den pakt han gjorde med Abraham, og hans eid til Isak!
17 Et constituit illud Iacob in praeceptum: et Israel in pactum sempiternum,
Han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel til ein æveleg pakt,
18 Dicens: Tibi dabo Terram Chanaan, funiculum hereditatis vestrae.
med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut, »
19 Cum essent pauci numero, parvi et coloni eius.
då de var ein liten flokk, få og framande der.
20 Et transierunt de gente in gentem, et de regno ad populum alterum.
Og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk.
21 Non dimisit quemquam calumniari eos, sed increpavit pro eis reges.
Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld:
22 Nolite tangere christos meos: et in prophetis meis nolite malignari.
«Rør ikkje deim eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!»
23 Cantate Domino omnis terra, annunciate ex die in diem salutare eius.
Syng for Herren, all jordi! Forkynn frå dag til dag hans frelsa!
24 Narrate in gentibus gloriam eius: in cunctis populis mirabilia eius.
Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
25 Quia magnus Dominus, et laudabilis nimis: et horribilis super omnes deos.
For Herren er stor og mykje lovsungen, og skræmeleg er han framfor alle gudar.
26 Omnes enim dii populorum, idola: Dominus autem caelos fecit.
For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
27 Confessio et magnificentia coram eo: fortitudo et gaudium in loco eius.
Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og gleda er på hans stad.
28 Afferte Domino familiae populorum: afferte Domino gloriam et imperium.
Gjev Herren, de folkeætter, gjev Herren æra og magt!
29 Date Domino gloriam, nomini eius, levate sacrificium, et venite in conspectu eius: et adorate Dominum in decore sancto.
Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud!
30 Commoveatur a facie eius omnis terra: ipse enim fundavit orbem immobilem.
Skjelv for hans åsyn, all jordi! Jordriket stend fast; det let seg ikkje rikka.
31 Laetentur caeli, et exultet terra: et dicant in nationibus, Dominus regnavit.
Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningarne: «Herren er konge.»
32 Tonet mare, et plenitudo eius: exultent agri, et omnia quae in eis sunt.
Havet dure og alt som i det er! Marki frygde seg og alt det som på marki er!
33 Tunc laudabunt ligna saltus coram Domino: quia venit iudicare terram.
Då fegnast trei i skogen for Herrens åsyn; for han kjem og skal døma jordi.
34 Confitemini Domino, quoniam bonus: quoniam in aeternum misericordia eius.
Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
35 Et dicite: Salva nos Deus salvator noster; et congrega nos, et erue de gentibus, ut confiteamur nomini sancto tuo, et exultemus in carminibus tuis.
Og seg: «Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!»
36 Benedictus Dominus Deus Israel ab aeterno usque in aeternum: et dicat omnis populo: Amen, et hymnum Deo.
Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva!» Og alt folket sagde amen og lova Herren.
37 Reliquit itaque ibi coram arca foederis Domini Asaph, et fratres eius ut ministrarent in conspectu arcae iugiter per singulos dies, et vices suas.
Og der, framfor Herrens sambandskista, gav han Asaf og brørne hans det yrket, at dei stendigt skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var fastsett for kvar dag.
38 Porro Obededom, et fratres eius sexaginta octo; et Obededom filium Idithun, et Hosa constituit ianitores.
Men Obed-Edom og brørne deira var åtte og seksti i tal, og Obed-Edom Jeditunsson og Hosa sette han til dørvaktarar.
39 Sadoc autem sacerdotem, et fratres eius sacerdotes, coram tabernaculo Domini in excelso, quod erat in Gabaon,
Og pesten Sadok og brørne hans, prestarne, sette han framfor Herrens hus på offerhaugen i Gibeon,
40 ut offerrent holocausta Domino super altare holocautomatis iugiter, mane et vesperi, iuxta omnia quae scripta sunt in lege Domini, quam praecepit Israeli.
at dei stendigt skulde ofra åt Herren brennoffer på brennofferaltaret, morgon og kveld, og gjera alt det som var fyresagt i Herrens lov, som han hadde sett for Israel.
41 Et post eum Heman, et Idithun, et reliquos electos, unumquemque vocabulo suo ad confitendum Domino: Quoniam in aeternum misericordia eius.
Og i lag med deim var Heman og Jedutun og dei andre utvalde som var nemnde, at dei skulde lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg.
42 Heman quoque, et Idithun canentes tuba, et quatientes cymbala, et omnia musicorum organa ad canendum Domino; filios autem Idithun fecit esse portarios.
Og trompetarne og cymblarne åt spelemennerne vart gøymde hjå Heman og Jedutun, og like eins andre spelgogner som høyrde gudstenesta til. Og Jedutuns-sønerne gjorde han til dørvaktarar.
43 Reversusque est omnis populus in domum suam: et David, ut benediceret etiam domui suae.
Deretter gjekk heile lyden heim, kvar til sitt; men David snudde heim att, vilde helsa på husfolket sitt.

< I Paralipomenon 16 >