< Lucam 4 >

1 Jesus autem plenus Spiritu Sancto regressus est a Jordane: et agebatur a Spiritu in desertum
Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden dreiv honom kring i øydemarki
2 diebus quadraginta, et tentabatur a diabolo. Et nihil manducavit in diebus illis: et consummatis illis esuriit.
i fyrti dagar, alt med han vart freista av djevelen. I dei dagarne åt han ingen ting, og då dei var lidne, kjende han seg svolten.
3 Dixit autem illi diabolus: Si Filius Dei es, dic lapidi huic ut panis fiat.
Då sagde djevelen til honom: «Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød.»
4 Et respondit ad illum Jesus: Scriptum est: Quia non in solo pane vivit homo, sed in omni verbo Dei.
Jesus svara honom so: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.»»
5 Et duxit illum diabolus in montem excelsum, et ostendit illi omnia regna orbis terræ in momento temporis,
So førde djevelen honom upp på eit høgt fjell, og synte honom alle heimsens rike i ein augneblink,
6 et ait illi: Tibi dabo potestatem hanc universam, et gloriam illorum: quia mihi tradita sunt, et cui volo do illa.
og sagde til honom: «Deg vil eg gjeva magt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil;
7 Tu ergo si adoraveris coram me, erunt tua omnia.
fell du no på kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman.»
8 Et respondens Jesus, dixit illi: Scriptum est: Dominum Deum tuum adorabis, et illi soli servies.
Men Jesus svara: «Det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena!»»
9 Et duxit illum in Jerusalem, et statuit eum super pinnam templi, et dixit illi: Si Filius Dei es, mitte te hinc deorsum.
So førde djevelen honom til Jerusalem, og sette honom ytst på tempeltaket og sagde til honom: «Er du Guds son, so kasta deg ned herifrå!
10 Scriptum est enim quod angelis suis mandavit de te, ut conservent te:
For det stend skrive: «Han englarne sine bjoda skal at dei tek vare på deg vel, »
11 et quia in manibus tollent te, ne forte offendas ad lapidem pedem tuum.
og: «På hender dei deg bera skal, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»
12 Et respondens Jesus, ait illi: Dictum est: Non tentabis Dominum Deum tuum.
Då svara Jesus: «Det er sagt: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»
13 Et consummata omni tentatione, diabolus recessit ab illo, usque ad tempus.
Då djevelen soleis hadde freista honom på alle vis, gjekk han ifrå honom, og let honom vera i fred ei tid.
14 Et regressus est Jesus in virtute Spiritus in Galilæam, et fama exiit per universam regionem de illo.
So for Jesus attende til Galilæa, fyllt av den krafti som Anden gav honom, og ordet um honom kom ut yver alle bygderne der ikring.
15 Et ipse docebat in synagogis eorum, et magnificabatur ab omnibus.
Han lærde i synagogorne deira, og alle rosa honom.
16 Et venit Nazareth, ubi erat nutritus, et intravit secundum consuetudinem suam die sabbati in synagogam, et surrexit legere.
Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga på kviledagen, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt deim,
17 Et traditus est illi liber Isaiæ prophetæ. Et ut revolvit librum, invenit locum ubi scriptum erat:
og dei gav honom boki åt profeten Jesaja. Då han slo henne upp, fann han den staden der det stend:
18 Spiritus Domini super me: propter quod unxit me, evangelizare pauperibus misit me, sanare contritos corde,
«Ja, Herrens Ånd er yver meg, for han hev salva meg te bera ut eit fagnadbod åt fatige; sendt hev han meg te ropa ut for fangar fridoms dag og lova blinde augneljoset klårt, te løysa deim som trælka er, or tvang,
19 prædicare captivis remissionem, et cæcis visum, dimittere confractos in remissionem, prædicare annum Domini acceptum et diem retributionis.
Te lysa ut eit hugnads-år frå Herren.»
20 Et cum plicuisset librum, reddit ministro, et sedit. Et omnium in synagoga oculi erant intendentes in eum.
Då han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste på honom.
21 Cœpit autem dicere ad illos: Quia hodie impleta est hæc scriptura in auribus vestris.
So tok han til ords og byrja soleis: «I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra.»
22 Et omnes testimonium illi dabant: et mirabantur in verbis gratiæ, quæ procedebant de ore ipsius, et dicebant: Nonne hic est filius Joseph?
Og alle let vel um honom, og undra seg yver dei ovfagre ordi som kom frå hans munn. «Er’kje dette son åt Josef?» sagde dei.
23 Et ait illis: Utique dicetis mihi hanc similitudinem: Medice cura teipsum: quanta audivimus facta in Capharnaum, fac et hic in patria tua.
Då sagde han til deim: «De vil visst segja med meg som det stend i ordtøket: «Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins her i fødesheimen din!»
24 Ait autem: Amen dico vobis, quia nemo propheta acceptus est in patria sua.
Men eg segjer dykk for sant, » heldt han fram: «Ingen profet er velkomen i heimbygdi si.
25 In veritate dico vobis, multæ viduæ erant in diebus Eliæ in Israël, quando clausum est cælum annis tribus et mensibus sex, cum facta esset fames magna in omni terra:
Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias’ dagar, då himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet,
26 et ad nullam illarum missus est Elias, nisi in Sarepta Sidoniæ, ad mulierem viduam.
og endå vart’kje Elias send til nokor av deim, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der.
27 Et multi leprosi erant in Israël sub Eliseo propheta: et nemo eorum mundatus est nisi Naaman Syrus.
Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa livde, og endå vart ingen av deim rein att, men berre Na’aman, syraren.»
28 Et repleti sunt omnes in synagoga ira, hæc audientes.
Då dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme.
29 Et surrexerunt, et ejecerunt illum extra civitatem: et duxerunt illum usque ad supercilium montis, super quem civitas illorum erat ædificata, ut præcipitarent eum.
Dei for upp og dreiv honom ut or byen og førde honom burt på bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta honom utyver.
30 Ipse autem transiens per medium illorum, ibat.
Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg.
31 Et descendit in Capharnaum civitatem Galilææ, ibique docebat illos sabbatis.
So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilæa. Der lærde han folket på kviledagen;
32 Et stupebant in doctrina ejus, quia in potestate erat sermo ipsius.
og dei var reint tekne av det han lærde deim, for det var magt i talen hans.
33 Et in synagoga erat homo habens dæmonium immundum, et exclamavit voce magna,
I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt han kunde:
34 dicens: Sine, quid nobis et tibi, Jesu Nazarene? venisti perdere nos? scio te quis sis, Sanctus Dei.
«Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud!»
35 Et increpavit illum Jesus, dicens: Obmutesce, et exi ab eo. Et cum projecisset illum dæmonium in medium, exiit ab illo, nihilque illum nocuit.
Jesus truga den vonde åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!» So kasta åndi honom ned på jordi midt ibland deim og for ut or honom, men skadde honom ikkje.
36 Et factus est pavor in omnibus, et colloquebantur ad invicem, dicentes: Quod est hoc verbum, quia in potestate et virtute imperat immundis spiritibus, et exeunt?
Då kom det ein otte yver alle, og dei sagde seg imillom: «Kva er dette for ord? Med mynd og magt talar han til dei ureine ånderne, og dei fer ut!»
37 Et divulgabatur fama de illo in omnem locum regionis.
Og det gjekk gjetordet av honom utyver alle bygderne der ikring.
38 Surgens autem Jesus de synagoga, introivit in domum Simonis. Socrus autem Simonis tenebatur magnis febribus: et rogaverunt illum pro ea.
So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke hiteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne.
39 Et stans super illam imperavit febri: et dimisit illam. Et continuo surgens, ministrabat illis.
Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; då slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for deim.
40 Cum autem sol occidisset, omnes qui habebant infirmos variis languoribus, ducebant illos ad eum. At ille singulis manus imponens, curabat eos.
Då soli gladde, kom alle til honom med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han lagde henderne på kvar ein av deim og lækte deim.
41 Exibant autem dæmonia a multis clamantia, et dicentia: Quia tu es Filius Dei: et increpans non sinebat ea loqui: quia sciebant ipsum esse Christum.
Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: «Du er Guds son!» Men han truga deim og gav deim ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias.
42 Facta autem die egressus ibat in desertum locum, et turbæ requirebant eum, et venerunt usque ad ipsum: et detinebant illum ne discederet ab eis.
Då det vart dag, drog han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter honom, og då dei kom dit han var, freista dei å halda honom att, so han ikkje skulde ganga frå deim.
43 Quibus ille ait: Quia et aliis civitatibus oportet me evangelizare regnum Dei: quia ideo missus sum.
Då sagde han til deim: «Eg lyt bera ut fagnadbodet um Guds rike til dei andre byarne og; for det vart eg send for.»
44 Et erat prædicans in synagogis Galilææ.
Og han heldt ved og tala ordet i synagogorne i Galilæa.

< Lucam 4 >