< Lucam 22 >

1 Appropinquabat autem dies festus azymorum, qui dicitur Pascha:
No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske.
2 et quærebant principes sacerdotum, et scribæ, quomodo Jesum interficerent: timebant vero plebem.
Og øvsteprestarne og dei skriftlærde grunda på korleis dei skulde bera seg åt for å få rudt honom or vegen; for dei var rædde folket.
3 Intravit autem Satanas in Judam, qui cognominabatur Iscariotes, unum de duodecim:
Då for Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv;
4 et abiit, et locutus est cum principibus sacerdotum, et magistratibus, quemadmodum illum traderet eis.
han gjekk av stad og tala med øvsteprestarne og hovdingarne for tempelvakti um korleis han skulde få gjeve Jesus yver til deim.
5 Et gavisi sunt, et pacti sunt pecuniam illi dare.
Dei vart glade og lova honom pengar.
6 Et spopondit, et quærebat opportunitatem ut traderet illum sine turbis.
Han slo til, og sidan leita han etter eit laglegt høve til å gjeva han yver til deim utan uppstyr.
7 Venit autem dies azymorum, in qua necesse erat occidi pascha.
So kom søtebrødsdagen, den dagen då påskelambet skulde slagtast.
8 Et misit Petrum et Joannem, dicens: Euntes parate nobis pascha, ut manducemus.
Då sende han Peter og Johannes i veg og sagde: «Gakk av stad og stell til påskemålet åt oss, so me kann halda måltid!»
9 At illi dixerunt: Ubi vis paremus?
«Kvar vil du me skal stella det til?» spurde dei.
10 Et dixit ad eos: Ecce introëuntibus vobis in civitatem occurret vobis homo quidam amphoram aquæ portans: sequimini eum in domum, in quam intrat,
«Høyr her!» svara han; «når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukka med vatn. Honom skal de fylgja til han gjeng inn i eit hus,
11 et dicetis patrifamilias domus: Dicit tibi Magister: Ubi est diversorium, ubi pascha cum discipulis meis manducem?
og so skal de segja til huseigaren: «Meisteren helsar: Kvar er romet der eg kann halda påskemåltid med læresveinarne mine?»
12 Et ipse ostendet vobis cœnaculum magnum stratum, et ibi parate.
Då syner han dykk ein stor sal med duka bord. Der skal de stella til.
13 Euntes autem invenerunt sicut dixit illis, et paraverunt pascha.
So gjekk dei, og fann det so som han hadde sagt, og dei stelte til påskemålet.
14 Et cum facta esset hora, discubuit, et duodecim apostoli cum eo.
Då tidi kom, sette han seg til bords, og apostlarne med honom.
15 Et ait illis: Desiderio desideravi hoc pascha manducare vobiscum, antequam patiar.
Og han sagde til deim: Eg hev lengta so etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, fyrr eg skal lida;
16 Dico enim vobis, quia ex hoc non manducabo illud, donec impleatur in regno Dei.
for eg segjer dykk: Eg kjem aldri til å eta det meir, fyrr det hev fenge fullnaden sin i Guds rike.»
17 Et accepto calice gratias egit, et dixit: Accipite, et dividite inter vos.
So tok han ein kalk i handi, og takka og sagde: «Tak dette og skift det imillom dykk!
18 Dico enim vobis quod non bibam de generatione vitis donec regnum Dei veniat.
For eg segjer dykk: Heretter skal eg aldri drikka av druvesafti fyrr Guds rike er kome.»
19 Et accepto pane gratias egit, et fregit, et dedit eis, dicens: Hoc est corpus meum, quod pro vobis datur: hoc facite in meam commemorationem.
Og han tok brødet, takka, og braut det, og gav deim og sagde: «Dette er likamen min, som vert gjeven for dykk! Gjer dette til minne um meg!»
20 Similiter et calicem, postquam cœnavit, dicens: Hic est calix novum testamentum in sanguine meo, qui pro vobis fundetur.
Like eins kalken etter dei hadde ete kveldverden, og sagde: «Denne kalken er den nye pakt i blodet mitt, det som renn for dykk.
21 Verumtamen ecce manus tradentis me, mecum est in mensa.
Men sjå: svikaren held handi si framyver bordet med meg!
22 Et quidem Filius hominis, secundum quod definitum est, vadit: verumtamen væ homini illi per quem tradetur.
Menneskjesonen gjeng fulla burt; for so er det laga. Men ve yver den mannen som veld at han vert gjeven i fiendehand!»
23 Et ipsi cœperunt quærere inter se quis esset ex eis qui hoc facturus esset.
Då tok dei til å dryfta seg imillom kven av deim det kunde vera som skulde koma til å gjera dette.
24 Facta est autem et contentio inter eos, quis eorum videretur esse major.
Det vart og ein ordstrid millom deim um kven av deim som skulde gjelda for den største.
25 Dixit autem eis: Reges gentium dominantur eorum: et qui potestatem habent super eos, benefici vocantur.
Då sagde han til deim: «Kongarne råder yver folki sine, og dei som held deim i age, vert kalla velgjerdsmenner.
26 Vos autem non sic: sed qui major est in vobis, fiat sicut minor: et qui præcessor est, sicut ministrator.
So må det ikkje vera med dykk; men den som er største ibland dykk, skal vera som han var yngst, og styraren som han var tenar.
27 Nam quis major est, qui recumbit, an qui ministrat? nonne qui recumbit? Ego autem in medio vestrum sum, sicut qui ministrat:
For kven er størst, den som sit til bords, eller den som ber på bordet? Er det’kje den som sit til bords? Men eg er berre som ein bordsvein ibland dykk.
28 vos autem estis, qui permansistis mecum in tentationibus meis.
De er dei som heldt ut hjå meg i røyningarne mine,
29 Et ego dispono vobis sicut disposuit mihi Pater meus regnum,
og eg eignar dykk kongedøme, liksom far min eigna meg det;
30 ut edatis et bibatis super mensam meam in regno meo, et sedeatis super thronos judicantes duodecim tribus Israël.
de skal eta og drikka ved bordet mitt i mitt rike, og sitja i kvar sitt høgsæte og styra dei tolv Israels-ætterne.
31 Ait autem Dominus: Simon, Simon, ecce Satanas expetivit vos ut cribraret sicut triticum:
Simon, Simon, høyr kva eg segjer: Satan kravde å få sælda dykk liksom korn.
32 ego autem rogavi pro te ut non deficiat fides tua: et tu aliquando conversus, confirma fratres tuos.
Men eg hev bede for deg at trui di ikkje må trjota, og når du ein gong vender um, so styrk brørne dine!»
33 Qui dixit ei: Domine, tecum paratus sum et in carcerem et in mortem ire.
«Herre, » sagde Peter, «med deg gjeng eg gjerne både i fangehus og i dauden.»
34 At ille dixit: Dico tibi, Petre, non cantabit hodie gallus, donec ter abneges nosse me. Et dixit eis:
«Eg segjer deg, Peter, » svara Herren: «Hanen gjel ikkje i natt, fyrr du tri gonger hev neitta at du kjenner meg.»
35 Quando misi vos sine sacculo, et pera, et calceamentis, numquid aliquid defuit vobis?
So sagde han til deim: «Då eg sende dykk i veg forutan pung og skreppa og skor, vanta de då nokon ting?» «Ingen ting, » svara dei.
36 At illi dixerunt: Nihil. Dixit ergo eis: Sed nunc qui habet sacculum, tollat; similiter et peram: et qui non habet, vendat tunicam suam et emat gladium.
«Men no lyt den som hev pung taka honom med, » sagde han, «og like eins den som hev skreppa, og den som ikkje hev noko sverd, lyt selja kjolen sin og kjøpa seg eit.
37 Dico enim vobis, quoniam adhuc hoc quod scriptum est, oportet impleri in me: Et cum iniquis deputatus est. Etenim ea quæ sunt de me finem habent.
For eg segjer dykk at på meg lyt det sannast det ordet som stend skrive: «Og han vart rekna millom brotsmenner.» For med meg lid det mot enden.»
38 At illi dixerunt: Domine, ecce duo gladii hic. At ille dixit eis: Satis est.
«Herre, » sagde dei, «sjå her er tvo sverd.» «Det er nok, » svara han.
39 Et egressus ibat secundum consuetudinem in monte Olivarum. Secuti sunt autem illum et discipuli.
So gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han var van ved; og læresveinarne fylgde og med.
40 Et cum pervenisset ad locum, dixit illis: Orate ne intretis in tentationem.
Då han var komen dit, sagde han til deim: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»
41 Et ipse avulsus est ab eis quantum jactus est lapidis: et positis genibus orabat,
Han drog seg ifrå deim so langt som eit steinkast og lagde seg på kne og bad:
42 dicens: Pater, si vis, transfer calicem istum a me: verumtamen non mea voluntas, sed tua fiat.
«Fader, um du vilde taka denne skåli ifrå meg! Men lat det ikkje vera som eg vil, berre som du vil!»
43 Apparuit autem illi angelus de cælo, confortans eum. Et factus in agonia, prolixius orabat.
Ein engel frå himmelen synte seg for honom og styrkte honom.
44 Et factus est sudor ejus sicut guttæ sanguinis decurrentis in terram.
Og i si såre hjartekvida bad han endå heitare, og sveiten hans vart som blodsdråpar, som fall ned på jordi.
45 Et cum surrexisset ab oratione et venisset ad discipulos suos, invenit eos dormientes præ tristitia.
So reiste han seg frå bøni. Då han kom til læresveinarne, såg han at dei hadde sovna av sorg.
46 Et ait illis: Quid dormitis? surgite, orate, ne intretis in tentationem.
Då sagde han til deim: «Kvi søv de? Statt upp, og bed at de ikkje må koma i freisting!»
47 Adhuc eo loquente, ecce turba: et qui vocabatur Judas, unus de duodecim, antecedebat eos, et appropinquavit Jesu ut oscularetur eum.
Fyrr han hadde tala ut, fekk han sjå ein flokk som kom; han som heitte Judas - ein av dei tolv - gjekk fyre deim og kom burtåt Jesus, vilde kyssa honom.
48 Jesus autem dixit illi: Juda, osculo Filium hominis tradis?
Då sagde Jesus til honom: «Judas, svik du Menneskjesonen med ein kyss?»
49 Videntes autem hi qui circa ipsum erant, quod futurum erat, dixerunt ei: Domine, si percutimus in gladio?
Då dei som var ikring honom såg korleis det bar i veg, sagde dei: «Herre, skal me slå til med sverdet?»
50 Et percussit unus ex illis servum principis sacerdotum, et amputavit auriculam ejus dexteram.
Og ein av deim hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra.
51 Respondens autem Jesus, ait: Sinite usque huc. Et cum tetigisset auriculam ejus, sanavit eum.
Då tok Jesus til ords og sagde: «Lat det vera nok med det!» Og han tok burtpå øyra hans og lækte honom.
52 Dixit autem Jesus ad eos qui venerant ad se principes sacerdotum, et magistratus templi, et seniores: Quasi ad latronem existis cum gladiis et fustibus?
So sagde han til deim som var komne og skulde taka honom, øvsteprestarne og tempelhovdingarne og styresmennerne: «De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar!
53 Cum quotidie vobiscum fuerim in templo, non extendistis manus in me: sed hæc est hora vestra, et potestas tenebrarum.
Den tid eg var saman med dykk i templet dag etter dag, då baud de’kje til å gripa meg. Men no er det dykkar time, no er det myrkret som råder.»
54 Comprehendentes autem eum, duxerunt ad domum principis sacerdotum: Petrus vero sequebatur a longe.
So tok dei honom og førde honom burt og inn i garden åt øvstepresten; og Peter fylgde eit langt stykke etter.
55 Accenso autem igne in medio atrii et circumsedentibus illis, erat Petrus in medio eorum.
Dei hadde gjort upp ein eld midt i gardsromet og sett seg ikring, og Peter sette seg midt ibland deim.
56 Quem cum vidisset ancilla quædam sedentem ad lumen, et eum fuisset intuita, dixit: Et hic cum illo erat.
Med han sat der i ljoset, vart ei tenestgjenta var honom; ho stirde på honom og sagde: «Denne var og med honom!»
57 At ille negavit eum, dicens: Mulier, non novi illum.
Men han neitta og sagde: «Eg kjenner honom ikkje, kvinna!»
58 Et post pusillum alius videns eum, dixit: Et tu de illis es. Petrus vero ait: O homo, non sum.
Eit lite bil etter vart ein annan var honom og sagde: «Du er og ein av deim!» «Nei, mann, det er eg ikkje!» svara Peter.
59 Et intervallo facto quasi horæ unius, alius quidam affirmabat, dicens: Vere et hic cum illo erat: nam et Galilæus est.
Då um lag ein time var liden, var det ein til som sanna det og sagde: «Jau visst var denne og med honom; han er då ein galilæar.»
60 Et ait Petrus: Homo, nescio quid dicis. Et continuo, adhuc illo loquente, cantavit gallus.
«Eg veit’kje kva du talar um, mann!» sagde Peter. Og straks, fyrr han hadde tala ut, gol hanen.
61 Et conversus Dominus respexit Petrum, et recordatus est Petrus verbi Domini, sicut dixerat: Quia priusquam gallus cantet, ter me negabis.
Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det ordet Herren hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel i natt, hev du avneitta meg tri gonger.»
62 Et egressus foras Petrus flevit amare.
Og han gjekk ut og gret sårt.
63 Et viri qui tenebant illum, illudebant ei, cædentes.
Dei mennerne som heldt Jesus, spotta honom og slo honom.
64 Et velaverunt eum, et percutiebant faciem ejus: et interrogabant eum, dicentes: Prophetiza, quis est, qui te percussit?
Dei kasta eit klæde yver honom og spurde: «Kven var det som slo deg? Seg oss det, du som er ein profet!»
65 Et alia multa blasphemantes dicebant in eum.
Og mange andre hædingsord tala dei til honom.
66 Et ut factus est dies, convenerunt seniores plebis, et principes sacerdotum, et scribæ, et duxerunt illum in concilium suum, dicentes: Si tu es Christus, dic nobis.
Då det vart dag, kom styresmennerne åt folket i hop, og øvsteprestarne og dei skriftlærde; dei førde honom fram i rådsmøtet sitt
67 Et ait illis: Si vobis dixero, non credetis mihi:
og sagde: «Er du Messias, so seg oss det!» «Um eg segjer det åt dykk, trur de det ikkje, » svara han,
68 si autem et interrogavero, non respondebitis mihi, neque dimittetis.
«og um eg spør, svarar de ikkje.
69 Ex hoc autem erit Filius hominis sedens a dextris virtutis Dei.
Men heretter skal Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Guds allmagt.»
70 Dixerunt autem omnes: Tu ergo es Filius Dei? Qui ait: Vos dicitis, quia ego sum.
Då spurde dei alle: «Er du då Guds Son?» Han svara: «De segjer det, og eg er det.»
71 At illi dixerunt: Quid adhuc desideramus testimonium? ipsi enim audivimus de ore ejus.
«Kva skal me med fleire vitnemål?» sagde dei då; «no høyrde me det av hans eigen munn!»

< Lucam 22 >