< 미가 1 >

1 유다 열왕 요담과 아하스와 히스기야 시대에 모레셋 사람 미가에게 임한 여호와의 말씀 곧 사마리아와 예루살렘에 관한 묵시라
Herrens ord, som kom til Mika frå Moreset i dei dagarne då Jotam og Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.
2 백성들아 너희는 다 들을지어다 땅과 거기 있는 모든 것들아 자세히 들을지어다 주 여호와께서 너희에게 대하여 증거하시되 곧 주께서 성전에서 그리하실 것이니라
Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord og alle som på deg bur! No vil Herren, Herren vitna imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel.
3 여호와께서 그 처소에서 나오시고 강림하사 땅의 높은 곳을 밟으실 것이라
For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi.
4 그 아래서 산들이 녹고 골짜기들이 갈라지기를 불 앞의 밀 같고 비탈로 쏟아지는 물 같을 것이니
Og fjelli brånar under føterne hans, og dalarne rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfyre ein hamar.
5 이는 다 야곱의 허물을 인함이요 이스라엘 족속의 죄를 인함이라 야곱의 허물이 무엇이뇨 사마리아가 아니뇨 유다의 산당이 무엇이뇨 예루살렘이 아니뇨
Og alt dette fær me for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?
6 이러므로 내가 사마리아로 들의 무더기 같게 하고 포도 심을 동산 같게 하며 또 그 돌들을 골짜기에 쏟아 내리고 그 지대를 드러내며
So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein vinplantingsstad. Eg vil velta steinarne hennar ned i dalen og leggja grunnvollarne hennar berre.
7 그 새긴 우상을 다 파쇄하고 그 음행의 값을 다 불사르며 그 목상을 다 훼파하리니 그가 기생의 값으로 모았은즉 그것이 기생의 값으로 돌아가리라
Alle dei utskorne bilæti hennar vil eg krasa; alle horegåvorne hennar vil eg brenna upp med eld; og alle gudebilæti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla deim i hop, og til horeløn skal dei atter verta.
8 이러므로 내가 애통하며 애곡하고 벌거벗은 몸으로 행하며 들개 같이 애곡하고 타조 같이 애통하리니
For dette vil eg øya og jamra, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil øya som sjakalarne og gjeva syrgjelåt som strussarne.
9 이는 그 상처는 고칠 수 없고 그것이 유다까지도 이르고 내 백성의 성문 곧 예루살렘에도 미쳤음이니라
For såri hennar let seg ikkje lækja, for det kjem radt til Juda, det når til porten åt folket mitt, radt til Jerusalem.
10 가드에 고하지 말며 도무지 호곡하지 말지어다 베들레아브라에서 티끌에 굴지어다
Kunngjer det ikkje i Gat! Gråt ikkje so sårt! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.
11 사빌 거민아 너는 벗은 몸에 수치를 무릅쓰고 나갈지어다 사아난 거민은 나오지 못하고 벧에셀이 애곡하여 너희로 의지할 곳이 없게 하리라
Burt med dykk, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-ha-Esel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.
12 마롯 거민이 근심 중에 복을 바라니 이는 재앙이 여호와께로 말미암아 예루살렘 성문에 임함이니라
For dei som bur i Marot, lengtar etter lukka; for ulukka hev fare ned frå Herren til porten i Jerusalem.
13 라기스 거민아 너는 준마에 병거를 메울지어다 라기스는 딸 시온의 죄의 근본이니 이는 이스라엘의 허물이 네게서 보였음이니라
Beit tråvaren for vogni, de som bur i Lakis! de var upphavet til syndi for dotteri Sions; for hjå dykk vart Israels fråfall fyrst funne.
14 이러므로 너는 가드 모레셋에 작별하는 예물을 줄지어다 악십의 집들이 이스라엘 열왕을 속이리라
Difor lyt du gjeva Moreset-Gat skilsmålsbrev. Husi i Akzib vert ein svikal bekk for Israels kongar.
15 마레사 거민아 내가 장차 너를 얻을 자로 네게 임하게 하리니 이스라엘의 영광이 아둘람까지 이를 것이라
Endå ein gong let eg landvinnaren koma yver dykk som bur i de Maresa. Radt til Adullam skal Israels herlegdom koma.
16 너는 네 기뻐하는 자식으로 인하여 네 머리털을 깎아 대머리 같게 할지어다 네 머리로 크게 무여지게 하기를 독수리 같게 할지어다 이는 그들이 사로잡혀 너를 떠났음이니라
Raka deg og klypp deg, i sorg yver kjæleborni dine! Gjer deg snaud til gagns som gribben; for dei vert førde burt ifrå deg.

< 미가 1 >