< 창세기 44 >

1 요셉이 그 청지기에 명하여 가로되 양식을 각인의 자루에 실을 수 있을 만큼 채우고 각인의 돈을 그 자루에 넣고
Sidan sagde han med den som stod fyre huset hans: «Fyll sekkjerne åt desse mennerne med grjon, so mykje som dei kann føra, og legg pengarne åt kvar av deim ovanpå i sekken hans.
2 또 잔 내 곧 은잔을 그 소년의 자루 아구에 넣고 그 양식 값 돈도 함께 넣으라 하매 그가 요셉의 명령대로 하고
Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal du leggja øvst i sekken åt den yngste av deim, i hop med kornpengarne hans.» Og han gjorde som Josef sagde honom fyre.
3 개동시에 사람들과 그 나귀를 보내니라
Um morgonen, med same det ljosna, let dei mennerne fara av stad med asni sine.
4 그들이 성에서 나가 멀리 가기 전에 요셉이 청지기에게 이르되 일어나 그 사람들의 뒤를 따라 미칠 때에 그들에게 이르기를 너 희가 어찌하여 악으로 선을 갚느냐
Dei var ikkje langt utum byen komne, då Josef sagde med den som stod fyre huset hans: «Upp, og set etter mennerne, og fyrst du når deim att, so seg ned deim: «Kvi løner de godt med ilt?
5 이것은 내 주인이 가지고 마시며 늘 점치는데 쓰는 것이 아니냐 너희가 이같이 하니 악하도다 하라
Er ikkje dette det staupet som husbonden min drikk av, og som han plar spå i? Dette var ille gjort av dykk!»»
6 청지기가 그들에게 따라 미쳐 그대로 말하니
Og han tok deim att, og sagde dette med deim.
7 그들이 그에게 대답하되 우리 주여 어찌 이렇게 말씀하시나이까 이런 일은 종들이 결단코 아니하나이다
Då sagde dei med honom: «Kvi talar du soleis, herre? Gud frie tenarane dine frå å gjera slikte ting.
8 우리 자루에 있던 돈도 우리가 가나안 땅에서부터 당신에게로 가져왔거늘 우리가 어찌 당신 주인의 집에서 은, 금을 도적질 하리이까
Sjå no, dei pengarne som me fann øvst i sekkjerne våre, deim hadde me med hit til deg att frå Kana’ans-landet. Kvi skulde me då stela sylv eller gull utor huset åt husbonden din?
9 종들 중 뉘게서 발견되든지 그는 죽을 것이요 우리는 우리 주의 종이 되리이다
Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og me andre skal vera trælarne dine.»
10 그가 가로되 그러면 너희 말과 같이 하리라 그것이 뉘게서든지 발견되면 그는 우리 종이 될 것이요 너희에게는 책망이 없으리라
«Ja, » sagde han, «lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men dei andre skal vera saklause.»
11 그들이 각각 급히 자루를 땅에 내려 놓고 각기 푸니
So skunda dei seg, og lyfte klyvjarne ned på marki, og løyste upp kvar si klyv.
12 그가 나이 많은 자에게서부터 시작하여 나이 적은 자에게까지 수탐하매 잔이 베냐민의 자루에서 발견된지라
Og han rannsaka; han tok til hjå den eldste, og enda hjå den yngste. Og staupet vart funne i sekken hans Benjamin.
13 그들이 옷을 찢고 각기 짐을 나귀에 싣고 성으로 돌아오니라
Då reiv dei sund klædi sine, og klyvja på asni att, og for attende til byen.
14 유다와 그 형제들이 요셉의 집에 이르니 요셉이 오히려 그곳에 있는지라 그 앞 땅에 엎드리니
Og Juda og brørne hans gjekk inn til huset åt Josef, for han var der endå, og dei kasta seg å gruve for honom.
15 요셉이 그들에게 이르되 너희가 어찌하여 이런 일을 행하였느냐 나 같은 사람이 점 잘 칠 줄을 너희가 알지 못하느냐
Og Josef sagde med deim: «Kva er det de hev gjort no? Veit de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult?»
16 유다가 가로되 우리가 내 주께 무슨 말을 하오리이까 무슨 설명을 하오리이까 어떻게 우리의 정직을 나타내리이까 하나님이 종들의 죄악을 적발하셨으니 우리와 이 잔이 발견된 자가 다 내 주의 종이 되겠나이다
Då sagde Juda: «Kva skal me segja til deg, herre? Korleis skal me taka til ords? Kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælarne dine, både me og han som staupet vart funne hjå.»
17 요셉이 가로되 내가 결코 그리하지 아니하리라 잔이 그 손에서 발견된 자만 나의 종이 되고 너희는 평안히 너희 아버지께로 도로 올라갈 것이니라
Men han sagde: «Gud frie meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar.»
18 유다가 그에게 가까이 가서 가로되 내 주여 청컨대 종으로 내 주의 귀에 한 말씀을 고하게 하소서 주의 종에게 노하지 마옵소서 주는 바로와 같으심이니이다
Då steig Juda fram for honom og sagde: «Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv!
19 이전에 내 주께서 종들에게 물으시되 너희는 아비가 있느냐 아우가 있느냐 하시기에
Du spurde oss, herre, og sagde: «Hev de nokon far eller bror?»
20 우리가 내 주께 고하되 우리에게 아비가 있으니 노인이요 또 그 노년에 얻은 아들 소년이 있으니 그의 형은 죽고 그 어미의 끼친 것은 그뿐이므로 그 아비가 그를 사랑하나이다 하였더니
Då sagde me til deg: «Ja, me hev ein gamall far, og han hev ein liten son, som han fekk på sine gamle dagar, bror åt denne sveinen er burte, og han er att åleine etter mor si, og far hans held honom so kjær.»
21 주께서 또 종들에게 이르시되 그를 내게로 데리고 내려와서 나로 그를 목도하게 하라 하시기로
Og du sagde til oss: «Kom hit til meg med honom, so eg fær sjå honom med mine eigne augo!»
22 우리가 내 주께 말씀하기를 그 아이는 아비를 떠나지 못할지니 떠나면 아비가 죽겠나이다
Då sagde me til deg: «Sveinen må ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå honom, so døyr faren.»
23 주께서 또 주의 종들에게 말씀하시되 너희 말째 아우가 너희와 함께 내려오지 아니하면 너희가 다시 내 얼굴을 보지 못하리라 하시기로
Og du sagde til oss: «Kjem ikkje yngste bror dykkar hit med dykk, so skal de ikkje oftare koma for augo mine.»
24 우리가 주의 종 우리 아비에게로 도로 올라가서 내 주의 말씀을 그에게 고하였나이다
Då me so kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde me honom kva du hadde sagt, herre.
25 그 후에 우리 아비가 다시 가서 곡물을 조금 사오라 하시기로
Og far vår sagde: «Far i vegen att og kjøp noko grjon åt oss!»
26 우리가 이르되 우리가 내려갈 수 없나이다 우리 말째 아우가 함께 하면 내려 가려니와 말째 아우가 우리와 함께함이 아니면 사람의 얼굴을 볼 수 없음이니이다
Då sagde me: «Me torer ikkje koma der att. Men er yngste bror vår med oss, so skal me fara der ned. For me fær ikkje koma mannen for augo utan yngste bror vår er med.»
27 주의 종 우리 아비가 우리에게 이르되 너희도 알거니와 내 아내가 내게 두 아들을 낳았으나
Og far vår sagde med oss: «De veit at eg fekk tvo søner med kona mi.
28 하나는 내게서 나간 고로 내가 말하기를 정녕 찢겨 죽었다하고 내가 지금까지 그를 보지 못하거늘
Og den eine vart burte for meg, og eg sagde: «Han er visst ihelriven; » for eg hev aldri set honom sidan.
29 너희가 이도 내게서 취하여 가려한즉 만일 재해가 그 몸에 미치면 나의 흰머리로 슬피 음부로 내려가게 하리라 하니 (Sheol h7585)
Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppa, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut og harm ned i nåheimen.» (Sheol h7585)
30 아비의 생명과 아이의 생명이 서로 결탁되었거늘 이제 내가 주의 종 우리 아비에게 돌아갈 때에 아이가 우리와 함께 하지 아니하면
Skal eg no koma heim til far min, og me hev ikkje med oss sveinen, som hjarta hans heng so fast ved,
31 아비가 아이의 없음을 보고 죽으리니 이같이 되면 종들이 주의 종 우리 아비의 흰 머리로 슬피 음부로 내려가게 함이니이다 (Sheol h7585)
då vert det dauden hans, med same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen. (Sheol h7585)
32 주의 종이 내 아비에게 아이를 담보하기를 내가 이를 아버지께로 데리고 돌아오지 아니하면 영영히 아버지께 죄를 지리이다 하였사오니
For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min, og sagde: «Kjem eg ikkje heim til deg att med honom, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar!»
33 청컨대 주의 종으로 아이를 대신하여 있어서 주의 종이 되게 하시고 아이는 형제와 함께 도로 올려 보내소서
Lat difor meg få vera att i staden for sveinen, og vera trælen din, og lat sveinen få fara heim att med brørne sine.
34 내가 어찌 아이와 함께 하지 아니하고 내 아비에게로 올라 갈 수 있으리이까 두렵건대 재해가 내 아비에게 미침을 보리이다
For korleis kunde eg koma heim att til far min, når sveinen ikkje var med? Eg tolde ikkje sjå på den sorg som då kom yver far min.»

< 창세기 44 >