< イザヤ書 10 >

1 わざわいなるかな、不義の判決を下す者、暴虐の宣告を書きしるす者。
Usæle dei som gjev urettferdige lover, og som med all si skriving berre bokfører urett,
2 彼らは乏しい者の訴えを引き受けず、わが民のうちの貧しい者の権利をはぎ、寡婦の資産を奪い、みなしごのものをかすめる。
so dei kann trengja småfolk burt ifrå retten og rana frå armingarne i folket mitt det som deira er og gjera enkjor til sitt herfang og plundra farlause.
3 あなたがたは刑罰の日がきたなら、何をしようとするのか。大風が遠くから来るとき、何をしようとするのか。あなたがたはのがれていって、だれに助けを求めようとするのか。また、どこにあなたがたの富を残そうとするのか。
Kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattarne dykkar?
4 ただ捕われた者の中にかがみ、殺された者の中に伏し倒れるのみだ。それでも主の怒りはやまず、なおも、そのみ手を伸ばされる。
Er det noko anna for enn å bøygja kne millom fangar eller å falla millom drepne? Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
5 ああ、アッスリヤはわが怒りのつえ、わが憤りのむちだ。
Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.
6 わたしは彼をつかわして不信の国を攻め、彼に命じてわが怒りの民を攻め、かすめ奪わせ、彼らをちまたの泥のように踏みにじらせる。
Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.
7 しかし彼はそのようには思わず、その心もそのようには考えず、かえってその心は滅ぼすことを思い、あまたの国々を倒そうとする。
Men soleis meiner ikkje han, og hjarta hans tenkjer ikkje soleis. Nei, hans hug stend til å øyda og rydja ut folk i mengd.
8 彼は言う、「わが諸侯はみな王ではないか。
Han segjer: «Er ikkje hovdingarne mine kongar alle i hop?
9 カルノはカルケミシのようではないか。ハマテはアルパデのようではないか。サマリヤはダマスコのようではないか。
Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis og Hamat liksom Arpad og Samaria liksom Damaskus?
10 わが手は偶像に仕える国々に伸びた。その彫った像はエルサレムおよびサマリヤのものにまさっていた。
Liksom mi hand hev nått kongeriki åt dei andre gudarne, endå gudebilæti var meir tallrike enn i Jerusalem og i Samaria,
11 わたしはサマリヤとその偶像に行ったように、エルサレムとその偶像に行わぬであろうか」。
skulde eg ikkje då magta å gjera det same med Jerusalem og gudebilæti der som eg hev gjort med Samaria og gudarne der?»
12 主がシオンの山とエルサレムとになそうとすることを、ことごとくなし遂げられた時、主はアッスリヤ王の無礼な言葉と、その高ぶりとを罰せられる。
Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, skal eg heimsøkja assyrarkongen for hans hjartans ovmodsfrukt og for hans høglyfte, stolte augo.
13 彼は言う、「わが手の力により、またわが知恵によって、わたしはこれをなした。わたしは賢いからである。わたしはもろもろの民の境を除き、その財宝を奪った。またわたしは雄牛のように、位に座する者を引きおろした。
For han segjer: «Med mi velduge hand hev eg gjort dette og med min visdom, for eg er gløgg. Eg flutte folkegrensorne, og rana eignaluterne deira, og i mitt velde støytte eg ned deim som sat i kongsstolarne,
14 わが手は巣を取るように、もろもろの民の富を得た。またわたしは人々が捨てられた卵を集めるように、全地を取り集めた。あるいは翼を動かし、あるいは口を開き、あるいはぺちゃくちゃ言う者もなかった」。
og handi mi greip etter skattarne åt folki liksom fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglarne er flogne av, soleis samla eg saman alle land på jordi, det fanst ingen som rørde vengen eller opna nebben til minste pip.»
15 おのは、それを用いて切る者にむかって、自分を誇ることができようか。のこぎりは、それを動かす者にむかって、みずから高ぶることができようか。これはあたかも、むちが自分をあげる者を動かし、つえが木でない者をあげようとするのに等しい。
Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!
16 それゆえ、主、万軍の主は、その肥えた勇士の中に病気を送って衰えさせ、その栄光の下に火の燃えるような炎を燃やされる。
Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.
17 イスラエルの光は火となり、その聖者は炎となり、そのいばらと、おどろとを一日のうちに焼き滅ぼす。
Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, og dei skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.
18 また、その林と土肥えた田畑の栄えを、魂も、からだも二つながら滅ぼし、病める者のやせ衰える時のようにされる。
Og han skal gjera ende på dei gilde skogarne og aldehagarne hans med rubb og stubb; han skal verta liksom ein sjukling som visnar burt.
19 その林の木の残りのものはわずかであって、わらべもそれを書きとめることができる。
Dei tre som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande, eit barn kann skriva deim upp.
20 その日にはイスラエルの残りの者と、ヤコブの家の生き残った者とは、もはや自分たちを撃った者にたよらず、真心をもってイスラエルの聖者、主にたより、
På den tid skal leivningen av Israel og det som er att av Jakobs hus ikkje lenger stydja seg til honom som slo deim, men trufast stydja seg til Herren, Israels Heilage.
21 残りの者、すなわちヤコブの残りの者は大能の神に帰る。
Ein leivning skal venda um, ein leivning av Jakob, til Gud den velduge.
22 あなたの民イスラエルは海の砂のようであっても、そのうちの残りの者だけが帰って来る。滅びはすでに定まり、義であふれている。
For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.
23 主、万軍の主は定められた滅びを全地に行われる。
For øyding og fastsett straffedom skal Herren, Allhers-Herren, lata koma yver all jordi.
24 それゆえ、主、万軍の主はこう言われる、「シオンに住むわが民よ、アッスリヤびとが、エジプトびとがしたように、むちをもってあなたを打ち、つえをあげてあなたをせめても、彼らを恐れてはならない。
Difor segjer Herren, Allhers-Herren, so: Folket mitt, du som bur på Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med ris og lyfter staven sin imot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!
25 ただしばらくして、わが憤りはやみ、わが怒りは彼らを滅ぼすからである。
For um ei liti stund er harmen min slokna, og min vreide vender seg til deira undergang.
26 万軍の主は、むかしミデアンびとをオレブの岩で撃たれた時のように、彼らにむかって、むちをふるわれる。またそのつえを海の上にのばし、エジプトでなされたように、それをあげられる。
Og Herren, allhers drott, svingar svipa si yver honom, liksom då han slo Midjan ved Ramneberget; og staven hans er utrett yver havet, og han skal lyfta honom som i Egyptarland.
27 その日には、彼の重荷はあなたの肩からおり、彼のくびきはあなたの首から離れる」。彼はリンモンから上り、
PÅ den dag skal byrdi hans falla av herdarne dine og oket hans av halsen din, oket skal brotna for ditt aukande hold.
28 アイアテにきたり、ミグロンを過ぎ、ミクマシでその行李をとどめ、
Han kjem mot Ajjat, fer framum Migron; han let etter seg trænet i Mikmas.
29 渡しを過ぎて、ゲバに宿る。ラマはおののき、サウルのギベアは逃げ去った。
Dei fer yver skardet. «I Geba heldt me nattekvild!» Rama skjelv; Sauls Gibea flyr.
30 ガリムの娘よ、声をあげて叫べ。ライシよ、耳を傾けよ。アナトテよ、彼に答えよ。
Skrik høgt, du dotter Gallim! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!
31 マデメナは逃げ去り、ゲビムの民は隠れ場を求めた。
Madmena flyr, Gebim-buarne bergar sitt bu.
32 この日彼はノブに立ちとどまり、シオンの娘の山、エルサレムの丘にむかって、その手を振る。
Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.
33 見よ、主、万軍の主は、恐ろしい力をもって枝を切りおろされる。たけの高いものも切り落され、そびえ立つものは低くされる。
Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.
34 主はおのをもって茂りあう林を切られる。みごとな木の茂るレバノンも倒される。
Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi. Libanon fell for den herlege.

< イザヤ書 10 >