< 列王記Ⅰ 6 >

1 イスラエルの人々がエジプトの地を出て後四百八十年、ソロモンがイスラエルの王となって第四年のジフの月すなわち二月に、ソロモンは主のために宮を建てることを始めた。
I det fire hundrad og åttetiande året etter Israels-folket for ut or Egyptarland i månaden siv - det er den andre månaden i det fjorde året etter Salomo hadde vorte konge yver Israel - tok han til å byggja huset for Herren.
2 ソロモン王が主のために建てた宮は長さ六十キュビト、幅二十キュビト、高さ三十キュビトであった。
Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjuge alner breidt og tretti alner høgt.
3 宮の拝殿の前の廊は宮の幅にしたがって長さ二十キュビト、その幅は宮の前で十キュビトであった。
Forhalli framanfor det heilage var tjuge alner lang langs etter breidsida på huset og ti alner breid framanfrå huset.
4 彼は宮に、内側の広い枠の窓を造った。
Han laga vindaugo på huset med fast traleverk fyre.
5 また宮の壁につけて周囲に脇屋を設け、宮の壁すなわち拝殿と本殿の壁の周囲に建てめぐらし、宮の周囲に脇間があるようにした。
Og rundt umkring huset frammed veggen sette han upp ein tilbygnad, umkring både det heilage og det høgheilage, og reide til kovar der rundt ikring.
6 下の脇間は広さ五キュビト、中の広さ六キュビト、第三のは広さ七キュビトであった。宮の外側には壁に段を造って、梁を宮の壁の中に差し込まないようにした。
Den nedste høgdi var fem alner breid, millomhøgdi seks alner breid, og den tridje høgdi var sju alner breid; for han hadde gjort hjellar utantil rundt um på huset, so ikkje bjelkarne skulde ganga inn i husveggjerne.
7 宮は建てる時に、石切り場で切り整えた石をもって造ったので、建てている間は宮のうちには、つちも、おのも、その他の鉄器もその音が聞えなかった。
Då huset vart reist, vart det bygt av stein som var tilhoggen i steinbrotet; difor høyrde ein korkje hamar eller øks eller noko jarnverkty i huset då det vart bygt.
8 下の脇間の入口は宮の右側にあり、回り階段によって中の脇間に、中の脇間から第三の脇間にのぼった。
Døri til midkoven stod på høgre sida av huset, med ei vindetropp kom ein upp i andre høgdi og frå andre høgdi upp i tridje høgdi.
9 こうして彼は宮を建て終り、香柏のたるきと板をもって宮の天井を造った。
Då han hadde bygt huset fullferdigt, tekte han det med bjelkar og cederplankar i rader.
10 また宮につけて、おのおの高さ五キュビトの脇間のある脇屋を建てめぐらし、香柏の材木をもって宮に接続させた。
Og tilbygnaden frammed heile huset sette han upp i høgder på fem alner; dei var feste til huset med cederbjelkar.
11 そこで主の言葉がソロモンに臨んだ、
Og Herrens ord kom til Salomo soleis:
12 「あなたが建てるこの宮については、もしあなたがわたしの定めに歩み、おきてを行い、すべての戒めを守り、それに従って歩むならば、わたしはあなたの父ダビデに約束したことを成就する。
«Dette huset som du byggjer - dersom du gjeng etter mine fyresegner og held loverne mine og agtar på alle bodordi mine og fylgjer deim, so vil eg stadfesta på deg det ordet som eg tala til David, far din,
13 そしてわたしはイスラエルの人々のうちに住み、わたしの民イスラエルを捨てることはない」。
og eg vil bu hjå Israels-borni og ikkje slå handi av Israel, folket mitt.»
14 こうしてソロモンは宮を建て終った。
So bygde då Salomo huset og gjorde det fullferdigt.
15 彼は香柏の板をもって宮の壁の内側を張った。すなわち宮の床から天井のたるきまで香柏の板で張った。また、いとすぎの板をもって宮の床を張った。
Han klædde husveggjerne innvendes med cederbord; frå golvet i huset og like upp til loftslistarne klædde han det med bord innvendes, og golvet i huset klædde han yver med cypressplankar.
16 また宮の奥に二十キュビトの室を床から天井のたるきまで香柏の板をもって造った。すなわち宮の内に至聖所としての本堂を造った。
Tjuge alner fram ifrå baksida i templet sette han ein vegg av cederbord frå golvet og upp til loftslisterne, og dette reidde han til innvendes kor åt seg, det høgheilage.
17 宮すなわち本殿の前にある拝殿は長さ四十キュビトであった。
Og huset - det heilage framanfor koret - var fyrti alner langt.
18 宮の内側の香柏の板は、ひさごの形と、咲いた花を浮彫りにしたもので、みな香柏の板で、石は見えなかった。
Innantil hadde huset cederklædnad med utskorne kolokvintar og blomeband; alt saman der var av cedertre; ingen stein synte.
19 そして主の契約の箱を置くために、宮の内の奥に本殿を設けた。
Inst i huset reidde han til ein kor til å setja Herrens sambandskista i.
20 本殿は長さ二十キュビト、幅二十キュビト、高さ二十キュビトであって、純金でこれをおおった。また香柏の祭壇を造った。
Og framanfor koren, som var tjuge alner lang og tjuge alner breid og tjuge alner høg, og som han klædde med skirt gull, sette han eit altar og klædde det med cedertre.
21 ソロモンは純金をもって宮の内側をおおい、本殿の前に金の鎖をもって隔てを造り、金をもってこれをおおった。
Og Salomo klædde huset innvendes med skirt gull, og han hengde gullkjedor frametter veggen framfor koren og klædde den og med gull.
22 また金をもって残らず宮をおおい、ついに宮を飾ることをことごとく終えた。また本殿に属する祭壇をことごとく金でおおった。
Heile huset klædde han med gull, til det var gullklædt heilt og halde. Han klædde og med gull heile altaret som høyrde til i koren.
23 本殿のうちにオリブの木をもって二つのケルビムを造った。その高さはおのおの十キュビト。
Tvo kerubar av oljetre laga han og til i koren; ti alner var deira høgd.
24 そのケルブの一つの翼の長さは五キュビト、またそのケルブの他の翼の長さも五キュビトであった。一つの翼の端から他の翼の端までは十キュビトあった。
Fem alner var den eine kerubvengen fem alner var den andre, ti alner frå vengjesnipp til vengjesnipp.
25 他のケルブも十キュビトであって、二つのケルビムは同じ寸法、同じ形であった。
Ti alner var den andre keruben og; båe kerubarne hadde same mål og same skap.
26 このケルブの高さは十キュビト、かのケルブの高さも同じであった。
Den eine keruben var ti alner høg, og det same var den andre.
27 ソロモンは宮のうちの奥にケルビムをすえた。ケルビムの翼を伸ばしたところ、このケルブの翼はこの壁に達し、かのケルブの翼はかの壁に達し、他の二つの翼は宮の中で互に触れ合った。
Og han sette kerubarne midt i inste romet i huset, og breidde ut vengjerne deira, so den eine keruben nådde burt i veggen med eine vengjen, og den andre keruben nådde veggen på hi sida med eine vengjen; og midt i huset nådde dei tvo andre vengjerne i hop.
28 彼は金をもってそのケルビムをおおった。
Og han klædde kerubarne yver med gull.
29 彼は宮の周囲の壁に、内外の室とも皆ケルビムと、しゅろの木と、咲いた花の形の彫り物を刻み、
Og alle veggjer i huset rundt ikring prydde han med utskorne bilæte av kerubar og palmor og utsprotne blomar både i inste romet og i det ytre romet.
30 宮の床は、内外の室とも金でおおった。
Golvet i huset klædde han yver med gull, både i inste romet og i det ytre.
31 本殿の入口にはオリブの木のとびらを造った。そのとびらの上のかまちと脇柱とで五辺形をなしていた。
For inngangen til koren sette han vengdører av oljetre. Dørkarmen med stolparne var ein femtepart av veggen.
32 その二つのとびらもオリブの木であって、ソロモンはその上にケルビムと、しゅろの木と、咲いた花の形を刻み、金をもっておおった。すなわちケルビムと、しゅろの木の上に金を着せた。
Og dei tvo dørerne av oljetre prydde han med utskorne bilæte av kerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde deim med gull. Han lagde gullet ut yver kerubarne og palmorne.
33 こうしてソロモンはまた拝殿の入口のためにオリブの木で四角の形に脇柱を造った。
Sameleis sette han dørstolpar av oljetre for inngangen til det heilage, på fjordeparten av veggen,
34 その二つのとびらはいとすぎであって、一つのとびらは二つにたたむ折り戸であり、他のとびらも二つにたたむ折り戸であった。
og tvo vengdører av cypresstre, den eine vengdøri laga av tvo rørlege bordbreider, og den andre vengdøri laga av tvo rørlege bordbreider.
35 ソロモンはその上にケルビムと、しゅろの木と、咲いた花を刻み、金をもって彫り物の上を形どおりにおおった。
Og han fekk skore ut kerubar og palmor og utsprotne blomar og lagde på gull, som vart jamna utyver treskurden.
36 また切り石三かさねと、香柏の角材ひとかさねとをもって内庭を造った。
Den indre fyregarden gjerde han inn med tri rader hoggen stein og ei rad cederbjelkar.
37 第四年のジフの月に主の宮の基をすえ、
I det fjorde året, i månaden siv, vart grunnen lagd til Herrens hus,
38 第十一年のブルの月すなわち八月に、宮のすべての部分が設計どおりに完成した。ソロモンはこれを建てるのに七年を要した。
og i det ellevte året, i månaden bul - det er åttande månaden - var huset ferdigt i alle stykke og heilt som det skulde vera. I sju år var det då bygt på det.

< 列王記Ⅰ 6 >