< 申命記 33 >

1 神の人モーセその死る前にイスラエルの子孫を祝せりその祝せし言は是のごとし云く
Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.
2 ヱホバ、シナイより來りセイルより彼らにむかひて昇りバランの山より光明を發ちて出で千萬の聖者の中間よりして格りたまへりその右の手には輝やける火ありき
Han kvad: «Herren frå Sinai kom, steig upp for oss ifrå Se’ir, skein ifrå Parans heid, gjekk fram or dei heilage herar, og strålar frå handi hans strøymde.
3 ヱホバは民を愛したまふ其聖者は皆その手にあり皆その足下に坐りその言によりて起あがる
Ja, han elskar ætterne høgt, og vel sine heilage vardar; dei flokkar seg kring hans fot, dei lyder trutt på hans tale.
4 モーセわれらに律法を命ぜり是はヤコブの會衆の產業たり
Moses lærd’ oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob;
5 民の首領等イスラエルの諸の支派あひ集れる時に彼はヱシユルンの中に王たりき
og Jesjurun kåra ein konung, då hovdingarn’ slo seg i hop, og Israels-ætterne eintest.
6 ルベンは生ん死はせじ然どその人數は寡少ならん
«Lat Ruben liva og aldri døy ut, um mennern’ hans ikkje er mange!»
7 ユダにつきては斯いふヱホバよユダの聲を聽きこれをその民に引かへしたまへ彼はその手をもて己のために戰はん願くは汝これを助けてその敵にあたらしめたまへ
Og um Juda kvad han dette: «Høyr, Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk, som han strider veldeleg fyre; ver imot valdsmenn hans hjelp!»
8 レビについては言ふ汝のトンミムとウリムは汝の聖人に歸す汝かつてマツサにて彼を試みメリバの水の邊にてかれと爭へり
Og um Levi kvad han: «Ditt «ljos» og «di sanning» gjev lyden åt den som hev vore deg lydug, han som du røynde i Massa, og rengdest med ved Meriba!
9 彼はその父またはその母につきて言り我はこれを見ずと又彼は自己の兄弟を認ずまた自己の子等を顧みざりき是はなんぢの言に遵がひ汝の契約を守りてなり
Dei segjer um far sin og mor si: «Eg hev ikkje sett desse folki; » dei bryr seg ikkje um brødern’ og kjendest ikkje ved borni, men agtar på ordi dine, og gøymer di pakt i sitt hjarta.
10 彼らは汝の式例をヤコブに敎へ汝の律法をイスラエルに敎へ又香を汝の鼻の前にそなへ燔祭を汝の壇の上にささぐ
Dei lærer Jakob di lov og Israels lyd dine bod, dei legg røykjelse for ditt andlit, og offerfe på ditt altar.
11 ヱホバよ彼の所有を祝し彼が手の作爲を悦こびて納れたまへ又起てこれに逆らふ者とこれを惡む者との腰を摧きて復起あがることあたはざらしめたまへ
Velsigna, herre, hans velde, hav hugnad i alt hans verk! Brjot ryggen på deim som renn på han, so dei aldri vinn reisa seg meir!»
12 ベニヤミンについては言ふヱホバの愛する者安然にヱホバとともにあり日々にその庇護をかうむりてその肩の間に居ん
Um Benjamin kvad han: Hjartebarnet åt Herren hev seg so trygg ei heim han kviler imillom hans herdar; stødt held Gud si hand yver han.»
13 ヨセフについては言ふ願くはその地ヱホバの祝福をかうむらんことを即ち天の寶物なる露淵の底なる水
Og um Josef kvad han: «Med doggi, dyre himmelgåva, velsignar Herren landet hans, med vatn utor det store djupet, som gøymt innunder jordi ligg.
14 日によりて產する寶物月によりて生ずる寶物
Med alt det beste soli el, med frukti månarne driv fram.
15 古山の嶺の寶物老嶽の寶物
Alt godt ifrå dei gamle fjelli, alt hævt frå ævelege haug,
16 地の寶物地の中の產物および柴の中に居たまひし者の恩惠などヨセフの首に臨みその兄弟と別になりたる者の頂に降らん
alt gjævt og gildt som fyller jordi, hans blida som i klungeren bur, det kome yver Josefs hovud, det kryne kvervelen åt han, som konung er bland sine brøder!
17 彼の牛の首出はその身に榮光ありてその角は兕の角のごとく之をもて國々の民を衝たふして直に地の四方の極にまで至る是はエフライムの萬々是はマナセの千々なり
Ovgild er hans frumborne ukse! hans horn er som uruksehorn; med deim stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efraims store herar, det er Manasses sterke hop.»
18 ゼブルンについては言ふゼブルンよ汝は外に出て快樂を得よイツサカルよ汝は家に居て快樂を得よ
Og um Sebulon kvad han: «Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du Issakar, i ditt tjeld!
19 彼らは國々の民を山に招き其處にて義の犠牲を献げん又海の中に盈る物を得て食ひ沙の中に蔵れたる物を得て食はん
Til fjellet bed dei folki koma - rettuge forner ber dei fram; for utor sjøen syg dei rikdom og skattar gøymd’ i havsens sand.
20 ガドについては言ふガドをして大ならしむる者は讃べき哉ガドは獅子のごとくに伏し腕と首の頂とを掻裂ん
Og um Gad kvad han: «Lova vere han som gav Gad romt land! Der ligg han og lurer som løva og riv sund herdar og hovud.
21 彼は初穂の地を自己のために選べり其處には大將の分もこもれり彼は民の首領等とともに至りイスラエルとともにヱホバの公義と審判とをなこなへり
Han såg seg ut fyrste luten, etla åt den som var førar, so for han fram fyre folket, og saman med Israels-sønern’ gjord’ han alt det Herren sa fyre, alt det som var rett i Guds augo.»
22 ダンについては言ふダンは小獅子のごとくバシヤンより跳り出づ
Og um Dan kvad han: «Dan er ein løveunge lik som ifrå Basan byksar fram.»
23 ナフタリについては言ふナフタリよ汝は大に福祉をかうむりヱホバの恩惠にうるほふて西と南の部を獲ん
Og um Naftali kvad han: «Naftali, metta med nåde og nørd med Herrens velsigning, søk landet ditt sud med sjøen!»
24 アセルについては言ふアセルは他の子等よりも幸福なりまた其兄弟等にこえて惠まれその足を膏の中に浸さん
Og um Asser kvad han: «Sælaste sonen vert Asser, bestebarn bland sine brøder; i olje fær han duppa foten.
25 汝の門閂は鐵のごとく銅のごとし汝の能力は汝が日々に需むるところに循はん
Av kopar og jarn er ditt lås, og di kvild so lang som ditt liv!»
26 ヱシユルンよ全能の神のごとき者は外に無し是は天に乗て汝を助け雲に駕てその威光をあらはしたまふ
Det finst ingen som Gud, Jesjurun! Han fer deg til hjelp yver himmelen og ek i si allmagt på skyerne.
27 永久に在す神は住所なり下には永遠の腕あり敵人を汝の前より驅はらひて言たまふ滅ぼせよと
Ei borg er den eld’-gamle Gud; hit ned når hans evige arm. Dine uvener driv han burt, og segjer åt deg: «Øyd ut!»
28 イスラエルは安然に住をりヤコブの泉は穀と酒との多き地に獨り在らんその天はまた露をこれに降すべし
So bur då Israel trygt, og Jakobs-ætti åleine, i eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel!
29 イスラエルよ汝は幸福なり誰か汝のごとくヱホバに救はれし民たらんヱホバは汝を護る楯汝の榮光の劍なり汝の敵は汝に諂ひ服せん汝はかれらの高處を踐ん
Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, din verjande skjold og ditt velduge sverd! Sjå, fiendarne smeikjer for deg, med du yver høgderne deira skrid fram!»

< 申命記 33 >