< लैव्यव्यवस्था 11 >

1 फिर यहोवा ने मूसा और हारून से कहा,
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde med deim:
2 “इस्राएलियों से कहो: जितने पशु पृथ्वी पर हैं उन सभी में से तुम इन जीवधारियों का माँस खा सकते हो।
«Tala til Israels-folket og seg: «Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som liver på jordi:
3 पशुओं में से जितने चिरे या फटे खुर के होते हैं और पागुर करते हैं उन्हें खा सकते हो।
Alle dyr som hev klauver og jortar, deim kann de eta.
4 परन्तु पागुर करनेवाले या फटे खुरवालों में से इन पशुओं को न खाना, अर्थात् ऊँट, जो पागुर तो करता है परन्तु चिरे खुर का नहीं होता, इसलिए वह तुम्हारे लिये अशुद्ध ठहरा है।
Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk,
5 और चट्टानी बिज्जू, जो पागुर तो करता है परन्तु चिरे खुर का नहीं होता, वह भी तुम्हारे लिये अशुद्ध है।
og bergtassen, for han og jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk,
6 और खरगोश, जो पागुर तो करता है परन्तु चिरे खुर का नहीं होता, इसलिए वह भी तुम्हारे लिये अशुद्ध है।
og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk,
7 और सूअर, जो चिरे अर्थात् फटे खुर का होता तो है परन्तु पागुर नहीं करता, इसलिए वह तुम्हारे लिये अशुद्ध है।
og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk.
8 इनके माँस में से कुछ न खाना, और इनकी लोथ को छूना भी नहीं; ये तो तुम्हारे लिये अशुद्ध है।
Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva deim; dei skal vera ureine for dykk.
9 “फिर जितने जलजन्तु हैं उनमें से तुम इन्हें खा सकते हों, अर्थात् समुद्र या नदियों के जलजन्तुओं में से जितनों के पंख और चोंयेटे होते हैं उन्हें खा सकते हो।
Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet, i havet og i elvarne, og hev uggar og reist, kann de eta.
10 १० और जलचरी प्राणियों में से जितने जीवधारी बिना पंख और चोंयेटे के समुद्र या नदियों में रहते हैं वे सब तुम्हारे लिये घृणित हैं।
Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller å, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk.
11 ११ वे तुम्हारे लिये घृणित ठहरें; तुम उनके माँस में से कुछ न खाना, और उनकी लोथों को अशुद्ध जानना।
Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kropparne deira.
12 १२ जल में जिस किसी जन्तु के पंख और चोंयेटे नहीं होते वह तुम्हारे लिये अशुद्ध है।
Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk.
13 १३ “फिर पक्षियों में से इनको अशुद्ध जानना, ये अशुद्ध होने के कारण खाए न जाएँ, अर्थात् उकाब, हड़फोड़, कुरर,
Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ufysne: Ørnen og gribben og sjøørnen
14 १४ चील, और भाँति-भाँति के बाज,
og glenta og heile falkeætti
15 १५ और भाँति-भाँति के सब काग,
og alle fuglar av ramneætti
16 १६ शुतुर्मुर्ग, तखमास, जलकुक्कट, और भाँति-भाँति के शिकरे,
og strussen og gauken og måsen og alle haukeslag
17 १७ हबासिल, हाड़गील, उल्लू,
og kattula og kavfuglen og stunulven
18 १८ राजहँस, धनेश, गिद्ध,
og kveldknarren og pelikanen og etslegribben
19 १९ सारस, भाँति-भाँति के बगुले, टिटीहरी और चमगादड़।
og storken og heidloi med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.
20 २० “जितने पंखवाले कीड़े चार पाँवों के बल चलते हैं वे सब तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं।
Alt krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk:
21 २१ पर रेंगनेवाले और पंखवाले जो चार पाँवों के बल चलते हैं, जिनके भूमि पर कूदने फाँदने को टाँगें होती हैं उनको तो खा सकते हो।
Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføterne hev leggjer til å hoppa på marki med.
22 २२ वे ये हैं, अर्थात् भाँति-भाँति की टिड्डी, भाँति-भाँति के फनगे, भाँति-भाँति के झींगुर, और भाँति-भाँति के टिड्डे।
Av det kann de eta dei slagi som dei kallar fljugaren og slukaren og springaren og sprettaren.
23 २३ परन्तु और सब रेंगनेवाले पंखवाले जो चार पाँव वाले होते हैं वे तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं।
Men alt anna krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk.
24 २४ “इनके कारण तुम अशुद्ध ठहरोगे; जिस किसी से इनकी लोथ छू जाए वह साँझ तक अशुद्ध ठहरे।
No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, han er urein alt til kvelds,
25 २५ और जो कोई इनकी लोथ में का कुछ भी उठाए वह अपने वस्त्र धोए और साँझ तक अशुद्ध रहे।
og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds -:
26 २६ फिर जितने पशु चिरे खुर के होते हैं परन्तु न तो बिलकुल फटे खुर और न पागुर करनेवाले हैं वे तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं; जो कोई उन्हें छूए वह अशुद्ध ठहरेगा।
Alle dyr som hev høver, og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim, vert urein.
27 २७ और चार पाँव के बल चलनेवालों में से जितने पंजों के बल चलते हैं वे सब तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं; जो कोई उनकी लोथ छूए वह साँझ तक अशुद्ध रहे।
Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim når dei er daude, han er urein alt til kvelds,
28 २८ और जो कोई उनकी लोथ उठाए वह अपने वस्त्र धोए और साँझ तक अशुद्ध रहे; क्योंकि वे तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं।
og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk.
29 २९ “और जो पृथ्वी पर रेंगते हैं उनमें से ये रेंगनेवाले तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं, अर्थात् नेवला, चूहा, और भाँति-भाँति के गोह,
Av alle smådyr som røyver seg på jordi er det fyrst og fremst desse som skal vera ureine for dykk: Røysekatten og musi og alle fjorføtleslag,
30 ३० और छिपकली, मगर, टिकटिक, सांडा, और गिरगिट।
og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og litkvervingen.
31 ३१ सब रेंगनेवालों में से ये ही तुम्हारे लिये अशुद्ध हैं; जो कोई इनकी लोथ छूए वह साँझ तक अशुद्ध रहे।
Deim skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær deim når dei er daude, er urein alt til kvelds.
32 ३२ और इनमें से किसी की लोथ जिस किसी वस्तु पर पड़ जाए वह भी अशुद्ध ठहरे, चाहे वह काठ का कोई पात्र हो, चाहे वस्त्र, चाहे खाल, चाहे बोरा, चाहे किसी काम का कैसा ही पात्र आदि क्यों न हो; वह जल में डाला जाए, और साँझ तक अशुद्ध रहे, तब शुद्ध समझा जाए।
Og alt det som dei dyri dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekkjer og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn, og er ureint alt til kvelds; sidan er det reint.
33 ३३ और यदि मिट्टी का कोई पात्र हो जिसमें इन जन्तुओं में से कोई पड़े, तो उस पात्र में जो कुछ हो वह अशुद्ध ठहरे, और पात्र को तुम तोड़ डालना।
Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og han skal slåast sund.
34 ३४ उसमें जो खाने के योग्य भोजन हो, जिसमें पानी का छुआव हो वह सब अशुद्ध ठहरे; फिर यदि ऐसे पात्र में पीने के लिये कुछ हो तो वह भी अशुद्ध ठहरे।
All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i.
35 ३५ और यदि इनकी लोथ में का कुछ तंदूर या चूल्हे पर पड़े तो वह भी अशुद्ध ठहरे, और तोड़ डाला जाए; क्योंकि वह अशुद्ध हो जाएगा, वह तुम्हारे लिये भी अशुद्ध ठहरे।
Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; er det ein bakaromn eller ei eisa, so skal dei rivast ned; dei er ureine, og skal vera ureine for dykk.
36 ३६ परन्तु सोता या तालाब जिसमें जल इकट्ठा हो वह तो शुद्ध ही रहे; परन्तु जो कोई इनकी लोथ को छूए वह अशुद्ध ठहरे।
Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, er like reine; men den som tek i den daude kroppen som ligg der, vert urein.
37 ३७ और यदि इनकी लोथ में का कुछ किसी प्रकार के बीज पर जो बोने के लिये हो पड़े, तो वह बीज शुद्ध रहे;
Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint,
38 ३८ पर यदि बीज पर जल डाला गया हो और पीछे लोथ में का कुछ उस पर पड़ जाए, तो वह तुम्हारे लिये अशुद्ध ठहरे।
men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk.
39 ३९ फिर जिन पशुओं के खाने की आज्ञा तुम को दी गई है यदि उनमें से कोई पशु मरे, तो जो कोई उसकी लोथ छूए वह साँझ तक अशुद्ध रहे।
Daudar noko av dei dyri som skal vera til føda for dykk, so er den som kjem nær skrotten deira urein alt til kvelds,
40 ४० और उसकी लोथ में से जो कोई कुछ खाए वह अपने वस्त्र धोए और साँझ तक अशुद्ध रहे; और जो कोई उसकी लोथ उठाए वह भी अपने वस्त्र धोए और साँझ तक अशुद्ध रहे।
den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og er urein alt til kvelds.
41 ४१ “सब प्रकार के पृथ्वी पर रेंगनेवाले जन्तु घिनौने हैं; वे खाए न जाएँ।
Alt kreket som krelar på marki, er ein styggedom, og må ikkje etast.
42 ४२ पृथ्वी पर सब रेंगनेवालों में से जितने पेट या चार पाँवों के बल चलते हैं, या अधिक पाँव वाले होते हैं, उन्हें तुम न खाना; क्योंकि वे घिनौने हैं।
Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; for det er ufyse.
43 ४३ तुम किसी प्रकार के रेंगनेवाले जन्तु के द्वारा अपने आपको घिनौना न करना; और न उनके द्वारा अपने को अशुद्ध करके अपवित्र ठहराना।
Gjer dykk ikkje sjølve ufysne med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine!
44 ४४ क्योंकि मैं तुम्हारा परमेश्वर यहोवा हूँ; इस कारण अपने को शुद्ध करके पवित्र बने रहो, क्योंकि मैं पवित्र हूँ। इसलिए तुम किसी प्रकार के रेंगनेवाले जन्तु के द्वारा जो पृथ्वी पर चलता है अपने आपको अशुद्ध न करना।
Eg, Herren, er dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje sulka dykk sjølve med noko av det kreket som krabbar på marki.
45 ४५ क्योंकि मैं वह यहोवा हूँ जो तुम्हें मिस्र देश से इसलिए निकाल ले आया हूँ कि तुम्हारा परमेश्वर ठहरूँ; इसलिए तुम पवित्र बनो, क्योंकि मैं पवित्र हूँ।
Kom i hug: Eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag.
46 ४६ “पशुओं, पक्षियों, और सब जलचरी प्राणियों, और पृथ्वी पर सब रेंगनेवाले प्राणियों के विषय में यही व्यवस्था है,
Dette er lovi um dyri og fuglarne og alt det livande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi,
47 ४७ कि शुद्ध अशुद्ध और भक्ष्य और अभक्ष्य जीवधारियों में भेद किया जाए।”
so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast frå deim, som ikkje må etast.»»

< लैव्यव्यवस्था 11 >