< מלכים א 10 >

ומלכת שבא שמעת את שמע שלמה לשם יהוה ותבא לנסתו בחידות׃ 1
Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og vilde røyna honom med djupe gåtor.
ותבא ירושלמה בחיל כבד מאד גמלים נשאים בשמים וזהב רב מאד ואבן יקרה ותבא אל שלמה ותדבר אליו את כל אשר היה עם לבבה׃ 2
Ho kom til Jerusalem med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar, og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.
ויגד לה שלמה את כל דבריה לא היה דבר נעלם מן המלך אשר לא הגיד לה׃ 3
Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar. For honom var ingenting dult, som han ikkje kunde svara på.
ותרא מלכת שבא את כל חכמת שלמה והבית אשר בנה׃ 4
Då dronningi frå Saba såg all Salomos visdom og såg huset han hadde bygt,
ומאכל שלחנו ומושב עבדיו ומעמד משרתו ומלבשיהם ומשקיו ועלתו אשר יעלה בית יהוה ולא היה בה עוד רוח׃ 5
og retterne på bordet hans, og korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, og skjenkjarsveinarne hans og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, då vart ho reint ifrå seg.
ותאמר אל המלך אמת היה הדבר אשר שמעתי בארצי על דבריך ועל חכמתך׃ 6
Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det ordet eg høyrde i landet mitt um deg og um visdomen din!
ולא האמנתי לדברים עד אשר באתי ותראינה עיני והנה לא הגד לי החצי הוספת חכמה וטוב אל השמועה אשר שמעתי׃ 7
Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg sjølv kom og fekk sjå det med mine eigne augo; ikkje helvti hev dei fortalt meg, det ser eg no; i visdom og vyrdnad gjeng du yver det gjetordet eg hev høyrt um deg.
אשרי אנשיך אשרי עבדיך אלה העמדים לפניך תמיד השמעים את חכמתך׃ 8
Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.
יהי יהוה אלהיך ברוך אשר חפץ בך לתתך על כסא ישראל באהבת יהוה את ישראל לעלם וישימך למלך לעשות משפט וצדקה׃ 9
Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på Israels kongsstol! For di Herren elskar Israel alle dagar, sette han deg til konge, so du kann skipa rett og rettferd.»
ותתן למלך מאה ועשרים ככר זהב ובשמים הרבה מאד ואבן יקרה לא בא כבשם ההוא עוד לרב אשר נתנה מלכת שבא למלך שלמה׃ 10
So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; so stor mengd av kryddor som den dronningi frå Saba gav kong Salomo, hev aldri vorte innførd sidan.
וגם אני חירם אשר נשא זהב מאופיר הביא מאפיר עצי אלמגים הרבה מאד ואבן יקרה׃ 11
Då skipi til Hiram henta gull frå Ofir, tok dei og med almuggim-tre i stor mengd og dyre steinar frå Ofir.
ויעש המלך את עצי האלמגים מסעד לבית יהוה ולבית המלך וכנרות ונבלים לשרים לא בא כן עצי אלמגים ולא נראה עד היום הזה׃ 12
Av almuggim-treet fekk kongen tillaga handrid til Herrens hus og til huset åt kongen, og like eins cithrar og harpor til songarane; so mykje almuggim-tre hev aldri vore innført eller set sidan til denne dag.
והמלך שלמה נתן למלכת שבא את כל חפצה אשר שאלה מלבד אשר נתן לה כיד המלך שלמה ותפן ותלך לארצה היא ועבדיה׃ 13
Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt det ho hadde hug på, og bad um, umfram det han gav henne i samhøve med Salomos kongelege vyrdnad. So snudde ho heim att til sitt land, ho sjølv og tenarane hennar.
ויהי משקל הזהב אשר בא לשלמה בשנה אחת שש מאות ששים ושש ככר זהב׃ 14
Det gullet som kom inn til Salomo på eit år, vog sekstan hundrad og seks og seksti våger,
לבד מאנשי התרים ומסחר הרכלים וכל מלכי הערב ופחות הארץ׃ 15
og då var ikkje medrekna det som kom inn frå kjøpmennerne og av kræmarhandelen og frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet.
ויעש המלך שלמה מאתים צנה זהב שחוט שש מאות זהב יעלה על הצנה האחת׃ 16
Og kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull - seks hundrad lodd gull gjekk med til kvar skjold -
ושלש מאות מגנים זהב שחוט שלשת מנים זהב יעלה על המגן האחת ויתנם המלך בית יער הלבנון׃ 17
og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull - eit hundrad og åtteti lodd gull gjekk med til kvar skjold - og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset.
ויעש המלך כסא שן גדול ויצפהו זהב מופז׃ 18
Kongen let og gjera ein stor kongsstol av flisbein og klædde honom med skirt gull.
שש מעלות לכסה וראש עגל לכסה מאחריו וידת מזה ומזה אל מקום השבת ושנים אריות עמדים אצל הידות׃ 19
Kongsstolen hadde seks stig, og ryggstydi på kongsstolen var avrunda ovantil; på båe sidor av sætet var der armar, og attmed armarne stod tvo løvor;
ושנים עשר אריים עמדים שם על שש המעלות מזה ומזה לא נעשה כן לכל ממלכות׃ 20
og tolv løvor stod det på dei seks stigi, på båe sidor. Maken til dette var ikkje laga i noko kongerike.
וכל כלי משקה המלך שלמה זהב וכל כלי בית יער הלבנון זהב סגור אין כסף לא נחשב בימי שלמה למאומה׃ 21
Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var og av skirt gull; sylv fanst det ikkje; det var ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
כי אני תרשיש למלך בים עם אני חירם אחת לשלש שנים תבוא אני תרשיש נשאת זהב וכסף שנהבים וקפים ותכיים׃ 22
For kongen hadde sine Tarsis-skip på havet attåt floten til Hiram. Ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim og hadde med seg gull og sylv, og filsbein og apor og påfuglar.
ויגדל המלך שלמה מכל מלכי הארץ לעשר ולחכמה׃ 23
Kong Salomo vart større enn alle kongar på jordi i rikdom og visdom.
וכל הארץ מבקשים את פני שלמה לשמע את חכמתו אשר נתן אלהים בלבו׃ 24
Folk frå alle land vitja Salomo og vilde høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans.
והמה מבאים איש מנחתו כלי כסף וכלי זהב ושלמות ונשק ובשמים סוסים ופרדים דבר שנה בשנה׃ 25
Og då hadde kvar og ein av desse med seg gåvor: ymse ting av sylv og gull, klæde og våpn, kryddor, hestar og muldyr. Soleis gjekk det år etter år.
ויאסף שלמה רכב ופרשים ויהי לו אלף וארבע מאות רכב ושנים עשר אלף פרשים וינחם בערי הרכב ועם המלך בירושלם׃ 26
Salomo samla stridsvogner og hestfolk, so han hadde fjortan hundrad stridsvogner og tolv tusund hestfolk; og deim gav han læger i vognbyarne og i Jerusalem hjå kongen sjølv.
ויתן המלך את הכסף בירושלם כאבנים ואת הארזים נתן כשקמים אשר בשפלה לרב׃ 27
Og kongen gjorde sylvet i Jerusalem so vanleg som stein og cedertre som morberfiketre i låglandet.
ומוצא הסוסים אשר לשלמה ממצרים ומקוה סחרי המלך יקחו מקוה במחיר׃ 28
Og hestarne som Salomo fekk seg, førde han inn frå Egyptarland; ein flokk kjøpmenner hjå kongen henta ei viss mengd til ein fastsett pris.
ותעלה ותצא מרכבה ממצרים בשש מאות כסף וסוס בחמשים ומאה וכן לכל מלכי החתים ולמלכי ארם בידם יצאו׃ 29
Kvar vogn som vart henta upp og utførd frå Egyptarland, kosta seks hundrad lodd sylv, og kvar hest eit hundrad og femti. På same vis vart dei, med deira hjelp, utførde til alle kongarne hjå hetitarne og i Syria.

< מלכים א 10 >