< 2 Samuel 7 >

1 David wohnte nun in seinem Hause, und der Herr hatte ihm Ruhe ringsum vor all seinen Feinden verschafft.
Ein gong kongen sat i huset sitt, og Herren hadde unnt honom fred for alle uvenerne sine rundt ikring,
2 Da sprach der König zum Propheten Natan: "Sieh doch! Ich wohne in einem Zedernhause. Die Gotteslade aber weilt in einem bloßen Zelt."
so sagde han med profeten Natan: «Sjå her bur eg i eit hus av cedertre; men Guds kista bur i eit tjeld.»
3 Da sprach Natan zum König: "Tu alles, was du im Sinne hast! Denn der Herr ist mit dir."
Natan svara kongen: «Gjer du alt det du finn fyre! For Herren er med deg!»
4 Aber noch in der gleichen Nacht erging das Wort des Herrn an Natan:
Men natti etterpå kom Herrens ord til Natan soleis:
5 "Gehe hin und sage meinem Knechte David: 'So spricht der Herr: Du willst ein Haus mir bauen zu meinem Sitze?
«Gakk av stad og seg med David, tenaren min: «So segjer Herren: Etlar du byggja hus der eg skal bu?
6 Ich habe nie in einem Haus gewohnt seit jener Zeit, da ich die Söhne Israels aus Ägypterland geführt, bis hin zu diesem Tag. Ich zog in einem Wohnzelt umher.
Eg hev då ikkje butt i noko hus heilt frå den tid eg førde Israels-borni upp frå Egyptarland alt til i dag, men hev flutt rundt i eit tjeld og i ei bud.
7 Habe ich, solange ich bei all den Söhnen Israels umhergezogen, jemals ein Wort zu einem Führer Israels gesagt, den ich beauftragt, Israel, mein Volk, zu weiden: "Warum baut ihr mir nicht ein Zedernhaus?"'
All den tidi eg flutte rundt med Israels-borni - hev eg noko sinn nemnt eit einaste ord um det med nokon av domarane i Israel som eg bad vakta Israel, folket mitt, og sagt: «Kvifor byggjer de ikkje eit hus av cedertre åt meg?»»
8 So sage nunmehr zu meinem Knechte David: 'So spricht der Herr der Heerscharen: Ich habe von der Weide, aus der Herde dich hinweggeholt, auf daß du meines Volkes Israel Gebieter seiest.
Og no skal du segja so med David, tenaren min: «So segjer Herren, allhers drott: Eg henta deg frå beitemarki der du fylgde småfeet, og sette deg til fyrste yver Israel, folket mitt;
9 Ich war mit dir allüberall, wohin du gingst, und tilgte vor dir alle deine Feinde. Ich habe einen großen Namen dir geschaffen, gleich dem der Großen auf der Erde.
eg var med deg på alle dine vegar, eg rudde ut alle dine uvener; og eg vil gjeva deg eit namn so stort som dei største på jordi;
10 Ich habe eine Stätte meinem Volke Israel bestimmt und es dann eingepflanzt, daß es, an seiner Stätte wohnend, nimmer zittere und Ruchlose es nimmer drücken, so wie früher.
og Israel, folket mitt, gjev eg ein bustad; der set eg deim ned, der skal dei få bu og aldri verta uroa meir; og aldri skal nidingar kua deim meir, so som i gamle dagar,
11 Seit jenen Zeiten, da ich Richter meinem Volke Israel bestellt, habe ich dir Ruhe verschafft vor allen deinen Feinden. Der Herr hat dir verkündet, daß dir der Herr ein Haus erbauen werde.
då eg sette domarar yver Israel, folket mitt; eg gjev deg fred for alle dine uvener. Og Herren forkynner deg at Herren vil byggja hus åt deg.
12 Sind deine Tage voll geworden, und liegst du dann bei deinen Vätern, alsdann bestimme ich auch deinen Leibessprossen zu deinem Nachfolger und ich bestätige sein Königtum.
Når æva di er all, og du fær kvila hjå dine feder, so vil eg reisa upp avkjømet ditt som kjem etter deg og gjeng ut frå deg; hans kongedøme vil eg grunnfesta.
13 Er baut ein Haus dann meinem Namen, und ich bestätige seinen Königsthron für alle Zeit.
Han skal byggja hus åt meg, hans kongsstol vil eg grunnfesta til æveleg tid.
14 Ich will ihm Vater sein; er wird mir Sohn. Verfehlt er sich, dann strafe ich ihn mit einer Rute, wie für ganz einfache Menschen, mit Schlägen wie für ganz gewöhnliche Leute.
Eg vil vera far for honom, han skal vera son min: gjer han noko gale, so vil eg refsa honom med manneris, med ulukkar som manneborn kann røyna;
15 Und nie weicht meine Huld von dir, wie ich sie Saul entzogen, den ich vor dir beseitigt habe.
men mi miskunn skal aldri vika frå honom, so som ho veik frå Saul, då eg let honom vika undan for deg.
16 Dein Haus mit deinem Königtum wird ewiglich vor mir bestehen. Dein Thron steht fest für alle Zeit.'"
Stød skal ætti di standa, traust og trygt ditt kongedøme i all æva for di åsyn; ja stødug skal din kongsstol standa i all æva.»»
17 Genau nach all diesen Worten und diesem ganzen Gesichte hatte Natan zu David gesprochen.
Natan tala alle desse ordi til David og sagde honom heile denne syni.
18 Da kam König David, setzte sich vor den Herrn und sprach: "Wer bin ich, Herr, ach Herr? Was ist mein Haus, daß Du mich bis hierher geführt?
Då gjekk kong David inn og sette seg ned framfor Herrens åsyn og sagde: «Kven er eg, Herre, Herre! og kva er huset mitt, at du hev ført meg hit?
19 Dies war Dir noch zuwenig, Herr, ach Herr. Du gabst dem Hause Deines Sklaven Verheißungen auf weit hinaus. Und dies ist eine Lehre für die Menschen, Herr, Du Herr.
Og endå er det for lite i dine augo, Herre, Herre! Du gjev meg lovnader um huset åt tenaren din langt fram i tidi. På mannevis talar du um dette, Herre, Herre!
20 Was sollte David weiter zu Dir sagen? Du selbst kennst Deinen Knecht, Herr, Herr.
Kva hev no David meir å mæla med deg? Du kjenner tenaren din, Herre, Herre!
21 Für Deinen Sklaven, Deinen Hund, hast Du dies Große all getan, um Deinem Sklaven es zu zeigen.
For ditt ord skuld, og etter eigen hug, gjer du alt dette og kunngjer dette underverk for tenaren din.
22 Deswegen bist Du groß, Herr, Gott. Denn Dir ist keiner gleich. Kein Gott ist außer Dir, nach alledem, was wir vernommen.
Difor er du stor, du Herre Gud. Ingen er som du! Forutan deg er det ingen Gud, etter alt me hev høyrt gjete med øyro våre.
23 Wo ist ein Volk, gleich Deinem Israel, ein einzig Volk auf Erden, das sich zum Volke zu erkaufen, ein Gott gegangen wäre, sich einen Namen zu verschaffen, euch Großes zu erweisen und Wunderbares Deinem Land, vor Deinem Volke, das Du Dir aus Ägypten hast erlöst? Wo ist ein Volk und dessen Gott?
Kvar finst på jordi noko folk maken til folket ditt, til Israel, som Gud sjølv gjekk av og løyste til sin eigen lyd, til eit frægdarnamn åt seg og gjorde so store gjerningar for dykk og agelege verk med landet ditt, for folket ditt, det som du sjølv løyste ut åt deg frå Egyptarland, frå heidningefolk og deira gudar.
24 Doch Du hast Israel, Dein Volk, für immer Dir zum Volk bestellt und Du bist ihnen, Herr, zum Gott geworden.
Israels-folket hev du grunnfest til ditt folk i all æva. Du, Herre, vart deira Gud!»
25 Nun aber, Herr und Gott, laß jetzt das Wort für alle Zeiten gültig sein, das Du gesprochen über Deinen Sklaven und sein Haus, und handle so, wie Du gesagt!
So lat no lovnaden din, Herre Gud, um tenaren din og huset hans få standa stødt i alder og i æva! Gjer som du hev sagt!
26 Dann ist Dein Name groß für alle Zeiten und lautet: 'Herr der Heeresscharen, Gott Israels'. Und Deines Sklaven David Haus steht vor Dir fest.
Då skal namnet ditt verta stort i all æva og lyda so: «Herren, allhers drott, er Gud yver Israel.» Og huset åt din tenar David skal standa stødt for di åsyn.
27 Denn Du, der Heeresscharen Herr, Gott Israels, hast Deinem Sklaven selbst geoffenbart: 'Ich will ein Haus dir bauen.' Drum faßt Dein Sklave sich ein Herz, um dies Gebet Dir vorzutragen.
Du, Herre, allhers drott, Israels Gud! Sjølv hev du kunngjort for tenaren din: «Eg byggjar hus åt deg.» Difor hev tenaren din teke seg mod til å bera denne bøni fram for deg.
28 Nun denn, Herr, Herr! Du selbst bist Gott, und Deine Worte, Herr, sind Wahrheit. Du gabst dies herrliche Versprechen Deinem Sklaven.
Og no, Herre, Herre! Du er Gud, og dine ord er sætande, og du hev lova tenaren din alt dette gode.
29 Nun laß es Dir gefallen und segne Deines Sklaven Haus, daß es für alle Zeit vor Dir bestehe! Herr, Herr! Du hast es selbst gesagt. So möge auch durch Deinen Segen auf ewig Deines Sklaven Haus gesegnet sein!"
So gjer no vel, velsigna huset mitt so det må standa i all æva for di åsyn! Ja, du hev sagt det, Herre, Herre! Med di velsigning skal huset åt tenaren velsignast til æveleg tid.

< 2 Samuel 7 >