< 2 Samuel 16 >

1 David hatte den Gipfel nur wenig überschritten. Da kam Mephibosets Diener Siba ihm entgegen mit einem Paar gesattelter Esel. Sie trugen zweihundert Brote, hundert Dörrtrauben, hundert Obstkuchen und einen Schlauch Wein.
Då David var komen eit stykke på hi sida av fjellet, møtte han Siba, drengen åt Mefiboset, med eit par asen kløvja med tvo hundrad brød, hundrad rosinkakor, hundrad sumarfrukter og ei vinhit.
2 Da sprach der König zu Siba: "Was willst du damit?" Siba sprach: "Die Esel sind für das Königshaus zum Reiten, das Brot und das Obst für die Diener zum Essen und der Wein zum Trinken für die in der Wüste Erschöpften."
Kongen spurde Siba: «Kva er det du hev der?» Siba svara: «Asni skal vera til å rida på for kongens husfolk. Brødet og frukterne skal vera mat åt tenarane; og vinen til svaledrykk for dei trøytte mennerne dine i øydemarki.»
3 Da sprach der König: "Wo bleibt aber deines Herrn Sohn?" Siba sprach zum König: "Er bleibt in Jerusalem. Denn er hat gesagt: 'Heute gibt mir Israels Haus das Königtum meines Vaters zurück.'"
Kongen spurde: «Kvar er son åt husbonden din?» Siba svara: «Han er att i Jerusalem. Han tenkte at no vil Israels hus gjeva honom att kongedømet åt far hans.»
4 Da sprach der König zu Siba: "Dein ist, was Mephiboset gehört." Siba sprach: "Ich werfe mich nieder. Möchte ich weiter Gnade finden in deinen Augen, mein Herr, König."
Då sagde kongen til Siba: «Alt det Mefiboset eig, skal vera ditt!» Siba svara: «Eg fell ned for deg. Lat meg eiga godviljen din, herre konge!»
5 Der König David war nun bis Bachurim gekommen. Da trat ein Mann von der Sippe des Saulhauses hervor, Simei, Geras Sohn. Er kam fluchend.
Då kong David so kom til Bahurim, kom ut derifrå ein mann av Sauls-ætti, Sime’i Gerason heitte han. Han gjekk og banna
6 Und warf mit Steinen nach David, nach allen Dienern des Königs David, obwohl alles Kriegsvolk und alle Krieger zu seiner Rechten und Linken waren.
og kasta stein etter David og alle kongstenarane, endå heile heren og det djervaste stridsfolket gjekk på båe sidor av kongen.
7 Und also schrie Simei fluchend: "Fort! Fort, Blutmensch, Ruchloser!
Soleis banna Sime’i: «Burt, burt med deg, din blodhund! din niding!
8 Der Herr bringt über dich all das Blut des Hauses Sauls, für den du König geworden bist. Der Herr gab das Königtum deinem Sohne Absalom. Nun bist du in deinem Unglück. Denn du bist ein Blutmensch."
Herren let no alt blodet frå Sauls hus koma att yver deg, du som vart konge i hans stad. Herren gjev no kongedømet til Absalom, son din. Sjå no hev du fenge ulukka etter fortenesta! ein blodhund er du!»
9 Da sprach Abisai, Serujas Sohn, zum König: "Warum soll dieser tote Hund meinem Herrn und König fluchen? Ich will hinüber und ihm den Kopf abschlagen."
Abisai Serujason spurde kongen: «Kvifor skal den daude hunden der hava lov å banna deg, herre konge? Lat meg fara dit og hogga hovudet av honom!»
10 Da sprach der König: "Was habe ich mit euch, ihr Serujasöhne, zu schaffen? Flucht er, so geschieht es, weil der Herr zu ihm gesprochen: 'Fluche David!' Wer darf da sagen: 'Warum tust du so?'"
Men kongen svara: «Kva hev eg med dykk å gjera, Seruja-søner? Bannar han, og er det Herren som hev bode honom å banna David, kven vågar då spyrja: «Kvi gjer du so?»»
11 Dann sprach David zu Abisai und all seinen Dienern: "Mein eigener, leiblicher Sohn stellt mir nach dem Leben. Um wieviel leichter dieser Benjaminite? Laßt ihn! Mag er fluchen. Denn der Herr heißt es ihn.
Og David sagde med Abisai og med alle folki sine: «De veit son min vil taka livet av meg - han som er runnen av mi rot. Kor mykje større grunn hev då denne benjaminiten! Lat honom berre banna, når Herren hev bode honom å banna.
12 Vielleicht sieht der Herr mein Elend. Dann gibt mir der Herr wieder Glück an Stelle der Verfluchung von heute."
Kann henda Herren ser til mi naud og gjev meg lukka til vederlag for den forbanningi som kjem yver meg i dag.»
13 So zog David mit seinen Leuten des Wegs. Simei aber ging an der Bergseite neben ihm und fluchte im Gehen, warf Steine nach ihm und wirbelte Staub auf.
David og mennerne hans gjekk so burtetter vegen, medan Sime’i fylgde honom jamsides uppi lidi, og banna i eino og kasta stein og molda honom ut med mold.
14 Der König und das ganze Volk bei ihm kamen zur Furt. Und dort erholte er sich.
Kongen kom med alle folki sine til Ajefim og kvilde seg der.
15 Absalom aber und das ganze Kriegsvolk, Israels Mannen, waren nach Jerusalem gekommen. Auch Achitophel war bei ihm.
Absalom var komen til Jerusalem med alle sine folk av Israels-mennerne. Han hadde ogso Ahitofel med seg.
16 Da kam der Arkiter Chusai, Davids Freund, zu Absalom. Und Chusai sprach zu Absalom: "Es lebe der König! Es lebe der König!"
Då arkiten Husai, venen åt David, kom til Absalom, ropa han imot honom: «Live kongen, live kongen!»
17 Da sprach Absalom zu Chusai: "Ist das deine Liebe zu deinem Freunde? Warum bist du nicht mit deinem Freunde gegangen?"
Absalom spurde Husai: «Er det soleis du syner godvilje mot venen din? Kvifor hev du ikkje fylgt venen din?»
18 Da sprach Chusai zu Absalom: "Nein! Nur für den bin ich und bei dem bleibe ich, den der Herr erwählt und dies Volk und alle Mannen Israels.
Husai svara Absalom: «Nei, den som Herren og folket og alle Israels-mennerne hev valt, til honom vil eg høyra, hjå honom vil eg vera.
19 Zweitens: Wem sollte ich dienen? Nicht seinem Sohne? Wie ich deinem Vater gedient, so diene ich auch dir."
Dessutan: kven er det eg tenar? Er det ikkje son hans? Like eins som eg hev tent hjå far din, so vil eg no vera hjå deg.»
20 Da sprach Absalom zu Achitophel: "Gebt mir euren Rat, was wir tun sollen!"
Absalom bad Ahitofel: «Kom med ei råd, kva skal me gjera no.»
21 Da sprach Achitophel zu Absalom: "Geh zu deines Vaters Nebenweibern, die er dagelassen, das Haus zu bewachen! Dann hört ganz Israel, daß du dich bei deinem Vater in Verruf gebracht hast, und alle deine Anhänger werden ermutigt."
Ahitofel svara: «Ligg med fylgjekonorne åt far din, som han let att til å vakta kongsgarden! Då fær heile Israel høyra gjete at du hev gjort far din hatig på deg. Og so fær dei nytt mod alle som hev fylgt deg.»
22 So schlug man für Absalom auf dem Dache das Zelt auf. Und Absalom ging zu seines Vaters Nebenweibern vor ganz Israel.
So slo dei upp tjeld åt Absalom uppå taket. Og Absalom låg med fylgjekonorne åt far sin, so heile Israel såg på.
23 Achitophels Rat aber, den er gab, galt damals, wie wenn jemand Gottes Wort befragt hätte. So galt jeder Rat Achitophels, wie bei David, so bei Absalom.
I dei dagarne galdt ei råd som Ahitofel gav, like mykje som svar frå Gud. So mykje galdt alle Ahitofels råder både hjå David og hjå Absalom.

< 2 Samuel 16 >