< Exode 6 >

1 Yahweh dit à Moïse: " Tu verras bientôt ce que je ferai à Pharaon: contraint par une main puissante, il les laissera aller; contraint par une main puissante, il les chassera de son pays. "
Då sagde Herren til Moses: «No skal du sjå, kva eg vil gjera med Farao: Ei sterk hand skal nøyda honom til å sleppa deim, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva deim ut or landet sitt.»
2 Dieu parla à Moïse, en disant: " Je suis Yahweh.
Og Gud tala endå meir til Moses, og sagde med honom: «Eg er Herren.
3 Je suis apparu à Abraham, à Isaac et à Jacob comme Dieu tout-puissant, mais sous mon nom de Yahweh, je ne me suis pas fait connaître à eux.
Eg synte meg for Abraham, og for Isak, og for Jakob, og nemnde meg Gud den Allvelduge, men dette namnet mitt, Herren, gjorde eg ikkje kunnigt for deim.
4 J'ai aussi établi mon alliance avec eux pour leur donner le pays de Chanaan, le pays de leurs pèlerinages, où ils ont séjourné en étrangers.
Og eg gjorde eit samband med deim: eg lova å gjeva deim Kana’ans-landet, det landet dei heldt til i, då dei ferdast på jordi.
5 J'ai entendu le gémissement des enfants d'Israël que les Egyptiens tiennent dans la servitude, et je me suis souvenu de mon alliance.
Og no hev eg høyrt, korleis Israels-borni sukkar og styn, av di egyptarane held deim i trældom, og eg minnest kva eg hev lova.
6 C'est pourquoi dis aux enfants d'Israël: Je suis Yahweh; je vous affranchirai des corvées des Egyptiens, je vous délivrerai de leur servitude, et je vous sauverai avec un bras étendu et par de grands jugements.
Seg no med Israels-borni: «Eg er Herren; eg vil taka av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;
7 Je vous prendrai pour mon peuple, je serai votre Dieu, et vous saurez que je suis Yahweh, votre Dieu, qui vous affranchis des corvées des Egyptiens.
eg vil gjera dykk til mitt folk, og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren, dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket.
8 Je vous ferai entrer dans le pays que j'ai juré de donner à Abraham, à Isaac et à Jacob; je vous le donnerai en possession: je suis Yahweh. "
Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg, Herren.»»
9 Ainsi parla Moïse aux enfants d'Israël; mais ils n'écoutèrent pas Moïse, à cause de leur angoisse et de leur dure servitude.
Og Moses sagde det med Israels-borni, men dei høyrde ikkje på honom, av di dei var modlause og laut træla so hardt.
10 Yahweh parla à Moïse, en disant:
Då tala Herren til Moses, og sagde:
11 " Va parler à Pharaon, roi d'Egypte, pour qu'il laisse aller les enfants d'Israël hors de son pays. "
«Gakk fram for Farao, egyptarkongen, og seg med honom, at han skal lata Israels-borni fara ut or landet sitt!»
12 Moïse répondit en présence de Yahweh: " Voici, les enfants d'Israël ne m'ont point écouté; comment Pharaon m'écoutera-t-il, moi qui ai la parole difficile? "
Og Moses svara og tok so til ords, der han stod fram for augo åt Herren: «Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som er so valen på munnen!»
13 Yahweh parla à Moïse et à Aaron, et leur donna des ordres au sujet des enfants d'Israël et au sujet de Pharaon, roi d'Egypte, pour faire sortir les enfants d'Israël du pays d'Egypte.
Soleis tala Herren til Moses og Aron, og sende deim til Israels-mennerne og til Farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulde fylgja Israels-folket ut or Egyptarland.
14 Voici les chefs de leurs maisons: Fils de Ruben, premier-né d'Israël: Hénoch, Phallu, Hesron et Charmi; ce sont là les familles de Ruben.
No skal de høyra kva ættefederne deira heitte: Sønerne åt Ruben, eldste son åt Israel, det var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi. Frå deim er Rubens-ætterne komne.
15 Fils de Siméon: Jamuel, Jamin, Ahod, Jachin, Soar, et Saul, fils de la Chananéenne; ce sont là les familles de Siméon.
Sønerne åt Simeon var Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, som var son åt ei Kana’ans-kvende. Frå deim er Simeons-ætterne komne.
16 Voici les noms des fils de Lévi avec leurs postérités: Gerson, Caath et Mérari. Les années de la vie de Lévi furent de cent trente-sept ans. —
So er namni på sønerne åt Levi med ættgreinerne deira: Gerson og Kahat og Merari. Og livedagarne åt Levi vart hundrad og sju og tretti år.
17 Fils de Gerson: Lobni et Séméi, selon leurs familles. —
Sønerne åt Gerson var Libni og Sime’i med ættgreinerne deira.
18 Fils de Caath: Amram, Isaar, Hébron et Oziel. Les années de la vie de Caath furent de cent trente-trois ans. —
Sønerne åt Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel. Og livedagarne åt Kahat vart hundrad og tri og tretti år.
19 Fils de Mérari: Moholi et Musi. — Ce sont là les familles de Lévi avec leurs postérités.
Sønerne åt Merari var Mahli og Musi. Dette var federne åt Levi-ætterne etter ættartalet deira.
20 Amram prit pour femme Jochabed, sa tante, qui lui enfanta Aaron et Moïse. Les années de la vie d'Amram furent de cent trente-sept ans. —
Amram tok Jokebed, farsyster si, til kona, og dei fekk sønerne Aron og Moses. Og livedagarne åt Amram vart hundrad og sju og tretti år.
21 Fils d'Isaar: Coré, Nepheg et Zéchri.
Sønerne åt Jishar var Korah og Nefeg og Zikri.
22 Fils d'Oziel: Misaël, Elisaphan et Séthri.
Sønerne åt Uzziel var Misael og Elsafan og Sitri.
23 Aaron prit pour femme Elisabeth, fille d'Aminadab, sœur de Naasson; et elle lui enfanta Nadab, Abiu, Eléazar et Ithamar.
Aron tok Eliseba til kona; ho var dotter åt Amminadab og syster åt Nahson; og dei fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
24 Fils de Coré: Aser, Elcana et Abiasaph; ce sont là les familles des Corites.
Sønerne åt Korah var Assir og Elkana og Abiasaf. Frå deim er Korah-ætterne komne.
25 Eléazar, fils d'Aaron, prit pour femme une des filles de Phuthiel, qui lui enfanta Phinées. Tels sont les chefs des maisons des Lévites, selon leurs familles.
Eleazar, son åt Aron, tok ei dotter åt Putiel til kona, og dei fekk sonen Pinehas. Dette var gamlefederne åt Levi-folket med ættgreinerne deira.
26 Ce sont là l'Aaron et le Moïse auxquels Yahweh dit: " Faites sortir du pays d'Egypte les enfants d'Israël selon leurs armées. "
Desse mennerne, Aron og Moses, var det Herren sagde det til: «Før Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking!»
27 Ce sont eux qui parlèrent à Pharaon, roi d'Egypte, pour faire sortir d'Egypte les enfants d'Israël; c'est ce Moïse et cet Aaron.
Dei var det som tala med Farao, kongen i Egyptarland, og sagde dei skulde fylgja Israels-folket ut or Egyptarland, desse tvo mennerne, Moses og Aron.
28 Lorsque Yahweh parla à Moïse dans le pays d'Egypte,
Og det gjekk so til at den gongen Herren tala til Moses i Egyptarlandet,
29 Yahweh dit à Moïse: " Je suis Yahweh. Dis à Pharaon, roi d'Egypte, tout ce que je te dis. "
då tok Herren soleis til ords: «Eg er Herren! Seg no med Farao, egyptarkongen, alt det eg segjer til deg!»
30 Et Moïse répondit en présence de Yahweh: " Voici, j'ai la parole difficile; comment Pharaon m'écoutera-t-il? "
Og Moses svara, der han stod for Guds augo: «Du veit eg er munnvalen; er det då ventande at Farao vil høyra på meg?»

< Exode 6 >