< John 6 >

1 After these things, Jesus went away to the other side of the sea of Galilee, which is also called the Sea of Tiberias.
Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilæa- eller Tiberias-sjøen.
2 A great multitude followed him, because they saw his signs which he did on those who were sick.
Og det fylgde honom mykje folk, av di dei såg dei teikni han gjorde på dei sjuke.
3 Jesus went up into the mountain, and he sat there with his disciples.
Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinarne sine.
4 Now the Passover, the feast of the Jews, was at hand.
Det leid då mot påskehelgi åt jødarne.
5 Jesus therefore, lifting up his eyes and seeing that a great multitude was coming to him, said to Philip, “Where are we to buy bread, that these may eat?”
Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til honom, segjer han til Filip: «Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få noko å eta?»
6 He said this to test him, for he himself knew what he would do.
Det sagde han av di han vilde røyna honom; for han visste sjølv kva han vilde gjera.
7 Philip answered him, “Two hundred denarii worth of bread is not sufficient for them, that every one of them may receive a little.”
«Brød for eit halvt hundrad dalar rekk ikkje til, so kvar av deim kann få eit lite stykke, » svara Filip.
8 One of his disciples, Andrew, Simon Peter’s brother, said to him,
Ein av læresveinarne hans - det var Andreas, bror åt Simon Peter - segjer til honom:
9 “There is a boy here who has five barley loaves and two fish, but what are these among so many?”
«Her er ein liten gut som hev fem byggbrød og tvo fiskar, men kva er det åt so mange?»
10 Jesus said, “Have the people sit down.” Now there was much grass in that place. So the men sat down, in number about five thousand.
«Lat folket setja seg!» sagde Jesus. Det var mykje gras på den staden; so sette mennerne seg; dei var um lag fem tusund i talet.
11 Jesus took the loaves, and having given thanks, he distributed to the disciples, and the disciples to those who were sitting down, likewise also of the fish as much as they desired.
Då tok Jesus brødi, og takka, og skifte deim ut til deim som sat der, og like eins av fiskarne, so mykje dei vilde hava.
12 When they were filled, he said to his disciples, “Gather up the broken pieces which are left over, that nothing be lost.”
Då dei var mette, segjer han til læresveinarne: «Sanka i hop dei molarne som att er, so ingen ting vert spillt!»
13 So they gathered them up, and filled twelve baskets with broken pieces from the five barley loaves, which were left over by those who had eaten.
So gjorde dei det, og dei fyllte tolv korger med molarne som var att av dei fem byggbrødi etter deim som hadde ete.
14 When therefore the people saw the sign which Jesus did, they said, “This is truly the prophet who comes into the world.”
Då no folket såg det teiknet han hadde gjort, sagde dei: «Dette er visst og sant profeten som skal koma til verdi!»
15 Jesus therefore, perceiving that they were about to come and take him by force to make him king, withdrew again to the mountain by himself.
Då skyna Jesus at dei vilde koma og taka honom med magt og gjera honom til konge; difor drog han seg undan og gjekk upp i fjellet att, han åleine.
16 When evening came, his disciples went down to the sea.
Då det vart kveld, gjekk læresveinarne ned til sjøen;
17 They entered into the boat, and were going over the sea to Capernaum. It was now dark, and Jesus had not come to them.
dei steig ut i båten og vilde fara yver sjøen, til Kapernaum. Det var alt myrkt vorte, og Jesus var endå ikkje komen til deim.
18 The sea was tossed by a great wind blowing.
Bårorne gjekk høgt; for det bles ein hard vind.
19 When therefore they had rowed about twenty-five or thirty stadia, they saw Jesus walking on the sea and drawing near to the boat; and they were afraid.
Då dei so hadde rott umlag ei halv mil eller halvtridje fjordung, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart rædde,
20 But he said to them, “It is I. Don’t be afraid.”
men han sagde: «Det er eg; ver ikkje rædde!»
21 They were willing therefore to receive him into the boat. Immediately the boat was at the land where they were going.
Då vilde dei taka honom upp i båten, og straks var båten ved det landet dei skulde til.
22 On the next day, the multitude that stood on the other side of the sea saw that there was no other boat there, except the one in which his disciples had embarked, and that Jesus hadn’t entered with his disciples into the boat, but his disciples had gone away alone.
Dagen etter stod det endå ein folkehop på hi sida av sjøen; dei hadde set at det ikkje var meir enn ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten med læresveinarne sine, men læresveinarne tok av stad åleine.
23 However, boats from Tiberias came near to the place where they ate the bread after the Lord had given thanks.
Men det kom båtar frå Tiberias, tett innmed den staden dei hadde halde måltid etterpå Herrens takkebøn.
24 When the multitude therefore saw that Jesus wasn’t there, nor his disciples, they themselves got into the boats and came to Capernaum, seeking Jesus.
Då no folket såg at Jesus ikkje var der, og ikkje læresveinarne hans heller, steig dei sjølve i båtarne og for til Kapernaum og leita etter Jesus,
25 When they found him on the other side of the sea, they asked him, “Rabbi, when did you come here?”
og då dei fann han der, på hi sida av sjøen, sagde dei til honom: «Når kom du hit, meister?»
26 Jesus answered them, “Most certainly I tell you, you seek me, not because you saw signs, but because you ate of the loaves and were filled.
Jesus svara deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Det er’kje for di de såg teikn at de leitar etter meg, men for di de åt av brødi og vart mette.
27 Don’t work for the food which perishes, but for the food which remains to eternal life, which the Son of Man will give to you. For God the Father has sealed him.” (aiōnios g166)
Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.» (aiōnios g166)
28 They said therefore to him, “What must we do, that we may work the works of God?”
Då sagde dei til honom: «Korleis skal me fara åt, so me kann gjera Guds gjerningar?»
29 Jesus answered them, “This is the work of God, that you believe in him whom he has sent.”
Jesus svara: «Det er Guds gjerning, at de skal tru på den som han sende.»
30 They said therefore to him, “What then do you do for a sign, that we may see and believe you? What work do you do?
Då sagde dei til honom: «Kva teikn gjer då du, so me kann sjå det og tru deg? kva for verk gjer du?
31 Our fathers ate the manna in the wilderness. As it is written, ‘He gave them bread out of heaven to eat.’”
Federne våre åt manna i øydemarki, som skrive stend: «Han gav dei brød frå himmelen å eta.»»
32 Jesus therefore said to them, “Most certainly, I tell you, it wasn’t Moses who gave you the bread out of heaven, but my Father gives you the true bread out of heaven.
Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det rette brødet frå himmelen;
33 For the bread of God is that which comes down out of heaven and gives life to the world.”
for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.»
34 They said therefore to him, “Lord, always give us this bread.”
Då sagde dei til honom: «Herre, gjev oss alltid det brødet!»
35 Jesus said to them, “I am the bread of life. Whoever comes to me will not be hungry, and whoever believes in me will never be thirsty.
Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
36 But I told you that you have seen me, and yet you don’t believe.
Men eg sagde dykk at de hev set meg og endå ikkje trur.
37 All those whom the Father gives me will come to me. He who comes to me I will in no way throw out.
Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt;
38 For I have come down from heaven, not to do my own will, but the will of him who sent me.
for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg,
39 This is the will of my Father who sent me, that of all he has given to me I should lose nothing, but should raise him up at the last day.
og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av deim han hev gjeve meg, men vekkja deim upp att på den siste dag.
40 This is the will of the one who sent me, that everyone who sees the Son and believes in him should have eternal life; and I will raise him up at the last day.” (aiōnios g166)
For so vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på honom, skal hava ævelegt liv, og at eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.» (aiōnios g166)
41 The Jews therefore murmured concerning him, because he said, “I am the bread which came down out of heaven.”
Då murra jødarne og fann åt honom, for di han sagde: «Eg er brødet som kom ned frå himmelen.»
42 They said, “Isn’t this Jesus, the son of Joseph, whose father and mother we know? How then does he say, ‘I have come down out of heaven’?”
«Er’kje dette Jesus Josefsson? sagde dei; «me kjenner då både far hans og mor hans; korleis hev det seg at han no segjer: «Eg hev kome ned frå himmelen?»»
43 Therefore Jesus answered them, “Don’t murmur among yourselves.
Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Haldt ikkje på å murra dykk imillom!
44 No one can come to me unless the Father who sent me draws him; and I will raise him up in the last day.
Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege honom, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.
45 It is written in the prophets, ‘They will all be taught by God.’ Therefore everyone who hears from the Father and has learned, comes to me.
Det stend skrive hjå profetarne: «Og alle skal dei vera upplærde av Gud.» Kvar som hev lydt på Faderen og lært, han kjem til meg.
46 Not that anyone has seen the Father, except he who is from God. He has seen the Father.
Ikkje so at nokon hev set Faderen utan han som er frå Gud, han hev set Faderen.
47 Most certainly, I tell you, he who believes in me has eternal life. (aiōnios g166)
Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev ævelegt liv. (aiōnios g166)
48 I am the bread of life.
Eg er livsens brød.
49 Your fathers ate the manna in the wilderness and they died.
Federne dykkar åt manna i øydemarki og døydde;
50 This is the bread which comes down out of heaven, that anyone may eat of it and not die.
her er det brødet som kjem ned frå himmelen, so den som et av det ikkje skal døy.
51 I am the living bread which came down out of heaven. If anyone eats of this bread, he will live forever. Yes, the bread which I will give for the life of the world is my flesh.” (aiōn g165)
Eg er det livande brødet som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal liva i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.» (aiōn g165)
52 The Jews therefore contended with one another, saying, “How can this man give us his flesh to eat?”
Då trætta jødarne med kvarandre og sagde: «Korleis kann han gjeva oss kjøtet sitt å eta?»
53 Jesus therefore said to them, “Most certainly I tell you, unless you eat the flesh of the Son of Man and drink his blood, you don’t have life in yourselves.
Då sagde Jesus til deim: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskjesonen, og drikk blodet hans, so hev de ikkje liv i dykk.
54 He who eats my flesh and drinks my blood has eternal life, and I will raise him up at the last day. (aiōnios g166)
Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit ævelegt liv, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. (aiōnios g166)
55 For my flesh is food indeed, and my blood is drink indeed.
For kjøtet mitt er retteleg mat, og blodet mitt er retteleg drykk.
56 He who eats my flesh and drinks my blood lives in me, and I in him.
Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, han vert verande i meg, og eg i honom.
57 As the living Father sent me, and I live because of the Father, so he who feeds on me will also live because of me.
Som den livande Faderen sende meg, og eg liver ved Faderen, so skal og den som et meg liva ved meg.
58 This is the bread which came down out of heaven—not as our fathers ate the manna and died. He who eats this bread will live forever.” (aiōn g165)
Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er’kje som det federne dykkar åt, og so døydde: den som et dette brødet, skal liva i all æva.» (aiōn g165)
59 He said these things in the synagogue, as he taught in Capernaum.
Dette sagde han i eit synagogemøte, med han lærde i Kapernaum.
60 Therefore many of his disciples, when they heard this, said, “This is a hard saying! Who can listen to it?”
Mange av læresveinarne hans sagde då dei høyrde det: «Dette er stride ord, kven kann lyda på honom?»
61 But Jesus knowing in himself that his disciples murmured at this, said to them, “Does this cause you to stumble?
Jesus visste med seg at læresveinarne hans murra um dette, og han sagde til deim: «Støyter de dykk på dette?
62 Then what if you would see the Son of Man ascending to where he was before?
Enn um de no fær sjå Menneskjesonen fara upp dit han var fyrr!
63 It is the spirit who gives life. The flesh profits nothing. The words that I speak to you are spirit, and are life.
Det er åndi som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd, og er liv;
64 But there are some of you who don’t believe.” For Jesus knew from the beginning who they were who didn’t believe, and who it was who would betray him.
men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven det var som skulde svika honom.
65 He said, “For this cause I have said to you that no one can come to me, unless it is given to him by my Father.”
Og han sagde: «Difor var det eg sagde dykk at ingen kann koma til meg utan det er gjeve honom av Faderen.»
66 At this, many of his disciples went back and walked no more with him.
For dette var det mange av læresveinarne hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med honom lenger.
67 Jesus said therefore to the twelve, “You don’t also want to go away, do you?”
Då sagde Jesus til dei tolv: «Vil de og ganga dykkar veg?»
68 Simon Peter answered him, “Lord, to whom would we go? You have the words of eternal life. (aiōnios g166)
Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord, (aiōnios g166)
69 We have come to believe and know that you are the Christ, the Son of the living God.”
og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.»
70 Jesus answered them, “Didn’t I choose you, the twelve, and one of you is a devil?”
«Hev eg ikkje sjølv valt dykk ut, alle tolv?» svara Jesus, «og ein av dykk er ein djevel!»
71 Now he spoke of Judas, the son of Simon Iscariot, for it was he who would betray him, being one of the twelve.
Han meinte Judas, son åt Simon Iskariot; for det var han som sidan skulde svika honom - han, ein av dei tolv.

< John 6 >