< Galatians 6 >

1 Brothers, even if a man is caught in some fault, you who are spiritual must restore such a one in a spirit of gentleness, looking to yourself so that you also aren’t tempted.
Brør! um og eit menneskje vert fanga av nokor synd, so må de som er åndelege, retta på honom med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre, at ikkje du og skal vert freista!
2 Bear one another’s burdens, and so fulfill the law of Christ.
Ber byrderne for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi lov!
3 For if a man thinks himself to be something when he is nothing, he deceives himself.
For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv.
4 But let each man examine his own work, and then he will have reason to boast in himself, and not in someone else.
Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros etter det han sjølv er, og ikkje etter likning med den andre;
5 For each man will bear his own burden.
for kvar skal bera si eigi byrd.
6 But let him who is taught in the word share all good things with him who teaches.
Den som vert upplærd i ordet, skal gjeva den som lærer honom alt godt saman med seg!
7 Don’t be deceived. God is not mocked, for whatever a man sows, that he will also reap.
Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneskje sår; det skal han og hausta.
8 For he who sows to his own flesh will from the flesh reap corruption. But he who sows to the Spirit will from the Spirit reap eternal life. (aiōnios g166)
For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden. (aiōnios g166)
9 Let’s not be weary in doing good, for we will reap in due season if we don’t give up.
Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.
10 So then, as we have opportunity, let’s do what is good toward all men, and especially toward those who are of the household of the faith.
Lat oss då, medan me hev høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot brørne i trui!
11 See with what large letters I write to you with my own hand.
Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand!
12 As many as desire to make a good impression in the flesh compel you to be circumcised, just so they may not be persecuted for the cross of Christ.
So mange som vil synast gode etter kjøtet, dei nøyder dykk til å verta umskorne, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross.
13 For even they who receive circumcision don’t keep the law themselves, but they desire to have you circumcised, so that they may boast in your flesh.
For ikkje ein gong dei som vert umskorne, held lovi sjølve; men dei vil at de skal verta umskorne, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt.
14 But far be it from me to boast except in the cross of our Lord Jesus Christ, through which the world has been crucified to me, and I to the world.
Men det vere langt ifrå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for honom er verdi krossfest for meg, og eg for verdi.
15 For in Christ Jesus neither is circumcision anything, nor uncircumcision, but a new creation.
For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning.
16 As many as walk by this rule, peace and mercy be on them, and on God’s Israel.
Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel!
17 From now on, let no one cause me any trouble, for I bear the marks of the Lord Jesus branded on my body.
Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min likam.
18 The grace of our Lord Jesus Christ be with your spirit, brothers. Amen.
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

< Galatians 6 >