< Ezekiel 10 >

1 Then I looked, and see, in the expanse that was over the head of the cherubim there appeared above them as it were a sapphire stone, as the appearance of the likeness of a throne.
Og eg såg, og sjå, på den kvelven som var yver hovudi på kerubarne, var det som ein safirstein, sjåande til på skapnad som ein kongsstol. Ein kunde sjå honom yver deim.
2 He spoke to the man clothed in linen, and said, “Go in between the whirling wheels, even under the cherub, and fill both your hands with coals of fire from between the cherubim, and scatter them over the city.” He went in as I watched.
Og han sagde med mannen i linklædnaden: «Gakk inn millom hjuli, inn under keruben, og tak nevarne dine fulle med gløder av deim som er millom kerubarne, og strå deim yver byen!» Og han gjekk medan eg såg på.
3 Now the cherubim stood on the right side of the house when the man went in; and the cloud filled the inner court.
Og kerubarne stod på høgre sida åt huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden.
4 Yahweh’s glory mounted up from the cherub, and stood over the threshold of the house; and the house was filled with the cloud, and the court was full of the brightness of Yahweh’s glory.
Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.
5 The sound of the wings of the cherubim was heard even to the outer court, as the voice of God Almighty when he speaks.
Og ljomen av kerubvengjerne høyrdest alt til den ytre fyregarden, som røysti åt Gud den allmegtige, når han talar.
6 It came to pass, when he commanded the man clothed in linen, saying, “Take fire from between the whirling wheels, from between the cherubim,” that he went in and stood beside a wheel.
Og det hende, då han baud mannen i linklædnaden og sagde: «Tak eld av den som er millom hjuli, millom kerubarne, » at han gjekk og stana attmed hjulet.
7 The cherub stretched out his hand from between the cherubim to the fire that was between the cherubim, and took some of it, and put it into the hands of him who was clothed in linen, who took it and went out.
Og keruben rette ut handi si, millom kerubarne, burtåt elden som var millom kerubarne, og tok og lagde i nevarne på honom i linklædnaden. Og han tok imot og gjekk ut.
8 The form of a man’s hand appeared here in the cherubim under their wings.
Og under vengjerne på kerubarne kunde ein sjå eitkvart på skap som ei mannshand.
9 I looked, and behold, there were four wheels beside the cherubim, one wheel beside one cherub, and another wheel beside another cherub. The appearance of the wheels was like a beryl stone.
Og eg såg, og sjå, det var fire hjul på kerubarne, eitt hjul hjå kvar kerub. Og hjuli var sjåande til som krysolit-stein.
10 As for their appearance, the four of them had one likeness, like a wheel within a wheel.
Alle fire såg likeins ut, og det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt.
11 When they went, they went in their four directions. They didn’t turn as they went, but to the place where the head looked they followed it. They didn’t turn as they went.
Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidorne; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, for til den staden som hovudet snudde, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
12 Their whole body, including their backs, their hands, their wings, and the wheels, were full of eyes all around, even the wheels that the four of them had.
Og heile deira likam og deira rygg og deira hender og deira vengjer og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - dei fire hadde kvar sitt hjul.
13 As for the wheels, they were called in my hearing, “the whirling wheels”.
Hjuli, dei vart kalla «kvervel» so eg høyrde på.
14 Every one of them had four faces. The first face was the face of the cherub. The second face was the face of a man. The third face was the face of a lion. The fourth was the face of an eagle.
Og det var fire andlit på kvar; det fyrste hadde kerub-andlit, og det andre eit mannsandlit, og det tridje eit løve-andlit, og det fjorde eit ørne-andlit.
15 The cherubim mounted up. This is the living creature that I saw by the river Chebar.
Og kerubarne lyfte seg; det var dei livendi som eg hadde set attmed elvi Kebar.
16 When the cherubim went, the wheels went beside them; and when the cherubim lifted up their wings to mount up from the earth, the wheels also didn’t turn from beside them.
Og når kerubarne gjekk, so gjekk hjuli innmed deim, og når kerubarne lyfte vengjerne sine til å hevja seg upp frå jordi, skilde heller ikkje hjuli seg frå deim.
17 When they stood, these stood. When they mounted up, these mounted up with them; for the spirit of the living creature was in them.
Når livendi stod, so stod dei, og når dei lyfte seg, so lyfte dei seg med deim, for åndi åt livendi var i deim.
18 Yahweh’s glory went out from over the threshold of the house and stood over the cherubim.
Og Herrens herlegdom gjekk ut frå dørstokken på huset og stod yver kerubarne.
19 The cherubim lifted up their wings and mounted up from the earth in my sight when they went out, with the wheels beside them. Then they stood at the door of the east gate of Yahweh’s house; and the glory of the God of Israel was over them above.
Og kerubarne lyfte vengjerne sine og steig upp frå jordi medan eg såg på, då dei gjekk ut, og hjuli innmed deim. Og dei stana attmed inngangen åt Øystreporten på Herrens hus. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.
20 This is the living creature that I saw under the God of Israel by the river Chebar; and I knew that they were cherubim.
Det var dei same livendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed elvi Kebar, og eg skyna at det var kerubar.
21 Every one had four faces, and every one four wings. The likeness of the hands of a man was under their wings.
Og det var fire andlit på kvart eitt av dei fire, og fire vengjer på kvart eit, og eitkvart på skap som mannehender under vengjerne deira.
22 As for the likeness of their faces, they were the faces which I saw by the river Chebar, their appearances and themselves. They each went straight forward.
Og skapnaden på andliti deira det var dei andliti som eg hadde set attmed elvi Kebar; soleis såg dei ut, og dei var det. Og kvart eitt av deim gjekk beint fram.

< Ezekiel 10 >