< Matthew 18 >

1 In that hour came the disciples unto Jesus, saying, Who then is greatest in the kingdom of heaven?
I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?»
2 And he called to him a little child, and set him in the midst of them,
Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim
3 and said, Verily I say unto you, Except ye turn, and become as little children, ye shall in no wise enter into the kingdom of heaven.
og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.
4 Whosoever therefore shall humble himself as this little child, the same is the greatest in the kingdom of heaven.
Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;
5 And whoso shall receive one such little child in my name receiveth me:
og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg.
6 but whoso shall cause one of these little ones that believe on me to stumble, it is profitable for him that a great millstone should be hanged about his neck, and [that] he should be sunk in the depth of the sea.
Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet.
7 Woe unto the world because of occasions of stumbling! for it must needs be that the occasions come; but woe to that man through whom the occasion cometh!
Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå!
8 And if thy hand or thy foot causeth thee to stumble, cut it off, and cast it from thee: it is good for thee to enter into life maimed or halt, rather than having two hands or two feet to be cast into the eternal fire. (aiōnios g166)
Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden. (aiōnios g166)
9 And if thine eye causeth thee to stumble, pluck it out, and cast it from thee: it is good for thee to enter into life with one eye, rather than having two eyes to be cast into the hell of fire. (Geenna g1067)
Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden. (Geenna g1067)
10 See that ye despise not one of these little ones: for I say unto you, that in heaven their angels do always behold the face of my Father who is in heaven.
Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.
For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
12 How think ye? if any man have a hundred sheep, and one of them be gone astray, doth he not leave the ninety and nine, and go unto the mountains, and seek that which goeth astray?
Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?
13 And if so be that he find it, verily I say unto you, he rejoiceth over it more than over the ninety and nine which have not gone astray.
og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt.
14 Even so it is not the will of your Father who is in heaven, that one of these little ones should perish.
Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
15 And if thy brother sin against thee, go, show him his fault between thee and him alone: if he hear thee, thou hast gained thy brother.
Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;
16 But if he hear [thee] not, take with thee one or two more, that at the mouth of two witnesses or three every word may be established.
men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.
17 And if he refuse to hear them, tell it unto the church: and if he refuse to hear the church also, let him be unto thee as the Gentile and the publican.
Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.
18 Verily I say unto you, What things soever ye shall bind on earth shall be bound in heaven; and what things soever ye shall loose on earth shall be loosed in heaven.
Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.
19 Again I say unto you, that if two of you shall agree on earth as touching anything that they shall ask, it shall be done for them of my Father who is in heaven.
Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.
20 For where two or three are gathered together in my name, there am I in the midst of them.
For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»
21 Then came Peter and said to him, Lord, how oft shall my brother sin against me, and I forgive him? until seven times?
Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»
22 Jesus saith unto him, I say not unto thee, Until seven times; but, Until seventy times seven.
Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»
23 Therefore is the kingdom of heaven likened unto a certain king, who would make a reckoning with his servants.
For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.
24 And when he had begun to reckon, one was brought unto him, that owed him ten thousand talents.
Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.
25 But forasmuch as he had not [wherewith] to pay, his lord commanded him to be sold, and his wife, and children, and all that he had, and payment to be made.
Men han hadde’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.
26 The servant therefore fell down and worshipped him, saying, Lord, have patience with me, and I will pay thee all.
Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»
27 And the lord of that servant, being moved with compassion, released him, and forgave him the debt.
Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.
28 But that servant went out, and found one of his fellow-servants, who owed him a hundred shillings: and he laid hold on him, and took [him] by the throat, saying, Pay what thou owest.
Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»
29 So his fellow-servant fell down and besought him, saying, Have patience with me, and I will pay thee.
Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»
30 And he would not: but went and cast him into prison, till he should pay that which was due.
Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.
31 So when his fellow-servants saw what was done, they were exceeding sorry, and came and told unto their lord all that was done.
Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.
32 Then his lord called him unto him, and saith to him, Thou wicked servant, I forgave thee all that debt, because thou besoughtest me:
Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!
33 shouldest not thou also have had mercy on thy fellow-servant, even as I had mercy on thee?
Skulde so’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»
34 And his lord was wroth, and delivered him to the tormentors, till he should pay all that was due.
Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.
35 So shall also my heavenly Father do unto you, if ye forgive not every one his brother from your hearts.
So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.

< Matthew 18 >