< Matthew 12 >

1 At that time, Jesus went on the Sabbath day through the grain fields. His disciples were hungry and began to pluck heads of grain and to eat.
I den tidi gjekk Jesus på ein kviledag yver åkrarne. Læresveinarne hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.
2 But the Pharisees, when they saw it, said to him, “Behold, your disciples do what is not lawful to do on the Sabbath.”
Då farisæarane såg det, sagde dei til honom: «Sjå læresveinarne dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein kviledag.»
3 But he said to them, “Have not you read what David did when he was hungry, and those who were with him:
Han svara: «Hev de’kje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med honom,
4 how he entered into God’s house and ate the show bread, which was not lawful for him to eat, nor for those who were with him, but only for the priests?
at han gjekk inn i Guds hus, og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennerne hans, men berre prestarne.
5 Or have you not read in the law that on the Sabbath day the priests in the temple profane the Sabbath and are guiltless?
Eller hev de’kje lese i lovi at prestarne bryt helgi i templet på kviledagen, og er endå skuldlause?
6 But I tell you that one greater than the temple is here.
Men eg segjer dykk, at her er det som er større enn templet.
7 But if you had known what this means, ‘I desire mercy, and not sacrifice,’ you would not have condemned the guiltless.
Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i, » so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige.
8 For the Son of Man is Lord of the Sabbath.”
For Menneskjesonen råder yver kviledagen.»
9 He departed from there and went into their synagogue.
So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira.
10 And behold, there was a man with a withered hand. They asked him, “Is it lawful to heal on the Sabbath day?” so that they might accuse him.
Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei honom: «Tru det er rett å lækja folk på ein kviledag?» For dei vilde få noko å klaga honom for.
11 He said to them, “What man is there among you who has one sheep, and if this one falls into a pit on the Sabbath day, will not he grab on to it and lift it out?
Då sagde han til deim: «Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for honom på ein kviledag?
12 Of how much more value then is a man than a sheep! Therefore it is lawful to do good on the Sabbath day.”
Og kor mykje meir er’kje eit menneskje enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på kviledagen.»
13 Then he told the man, “Stretch out your hand.” He stretched it out; and it was restored whole, just like the other.
So segjer han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi.
14 But the Pharisees went out and conspired against him, how they might destroy him.
Men farisæarane gjekk ut og lagde råd um korleis dei skulde få gjort ende på honom.
15 Jesus, perceiving that, withdrew from there. Great multitudes followed him; and he healed them all,
Då Jesus vart vis med det, for han burt, og det fylgde mange med honom. Han lækte deim alle,
16 and commanded them that they should not make him known,
men forbaud deim strengt å gjera honom kjend.
17 that it might be fulfilled which was spoken through Isaiah the prophet, saying,
Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:
18 “Behold, my servant whom I have chosen, my beloved in whom my soul is well pleased. I will put my Spirit on him. He will proclaim justice to the nations.
«Sjå sveinen unge som eg ut meg såg, han som eg elskar, han, min hjartehugnad! På honom vil eg leggja åndi mi, og rett skal for folki lysa ut.
19 He will not strive, nor shout, neither will anyone hear his voice in the streets.
Han trættar ikkje, ropar ikkje høgt. I gatorn’ ingen høyra fær hans røyst:
20 He will not break a bruised reed. He will not quench a smoking flax, until he leads justice to victory.
Den brotne røyri krys han ikkje sund, rjukande skaren sløkkjer han’kje ut, fyrr retten han til siger fram hev ført.
21 In his name, the nations will hope.”
Til han skal folket setja voni si.»
22 Then one possessed by a demon, blind and mute, was brought to him; and he healed him, so that the blind and mute man both spoke and saw.
Sidan kom dei til honom med ein forgjord som var både mållaus og blind, og han gjorde honom god att, so den mållause tala og såg.
23 All the multitudes were amazed, and said, “Can this be the son of David?”
Då vart alt folket reint upp i under og sagde: «Dette skulde vel ikkje vera Davidssonen?»
24 But when the Pharisees heard it, they said, “This man does not cast out demons except by Beelzebul, the prince of the demons.”
Då farisæarane høyrde det, sagde dei: «Denne kunde ikkje driva ut djevlarne, fekk han ikkje hjelp av Be’elsebul, hovdingen deira.»
25 Knowing their thoughts, Jesus said to them, “Every kingdom divided against itself is brought to desolation, and every city or house divided against itself will not stand.
Men Jesus visste kva dei tenkte, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge.
26 If Satan casts out Satan, he is divided against himself. How then will his kingdom stand?
Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa?
27 If I by Beelzebul cast out demons, by whom do your children cast them out? Therefore they will be your judges.
Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut dei djevlarne, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.
28 But if I by the Spirit of God cast out demons, then God’s Kingdom has come upon you.
Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut djevlarne, so er då Gudsriket kome til dykk.
29 Or how can one enter into the house of the strong man and plunder his goods, unless he first bind the strong man? Then he will plunder his house.
Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han plundra huset.
30 “He who is not with me is against me, and he who does not gather with me, scatters.
Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.
31 Therefore I tell you, every sin and blasphemy will be forgiven men, but the blasphemy against the Spirit will not be forgiven men.
Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneskja, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast.
32 Whoever speaks a word against the Son of Man, it will be forgiven him; but whoever speaks against the Holy Spirit, it will not be forgiven him, either in this age (aiōn g165), or in that which is to come.
Og den som lastar Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som lastar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma. (aiōn g165)
33 “Either make the tree good and its fruit good, or make the tree corrupt and its fruit corrupt; for the tree is known by its fruit.
Anten lyt de segja: «Treet er godt, og frukti på det er god, » eller og: «Treet er låkt, og frukti på det er låk.» For på frukti kjenner ein treet.
34 You offspring of vipers, how can you, being evil, speak good things? For out of the abundance of the heart, the mouth speaks.
De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av.
35 The good man out of his good treasure brings out good things, and the evil man out of his evil treasure brings out evil things.
Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.
36 I tell you that every idle word that men speak, they will give account of it in the day of judgment.
Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag,
37 For by your words you will be justified, and by your words you will be condemned.”
for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt.»
38 Then certain of the scribes and Pharisees answered, “Teacher, we want to see a sign from you.”
Då tok nokre skriftlærde og farisæarar til ords og sagde: «Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!»
39 But he answered them, “An evil and adulterous generation seeks after a sign, but no sign will be given to it but the sign of Jonah the prophet.
Han svara: «Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal’kje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten.
40 For as Jonah was three days and three nights in the belly of the huge fish, so will the Son of Man be three days and three nights in the heart of the earth.
For liksom Jona var tri dagar og tri næter i fiskebuken, soleis skal Menneskjesonen vera tri jamdøger under jordi.
41 The men of Nineveh will stand up in the judgment with this generation and will condemn it, for they repented at the preaching of Jonah; and behold, someone greater than Jonah is here.
Nineve-mennerne skal møta for domen saman med denne ætti og fella deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.
42 The Queen of the South will rise up in the judgment with this generation and will condemn it, for she came from the ends of the earth to hear the wisdom of Solomon; and behold, someone greater than Solomon is here.
Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella deim; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.
43 “When an unclean spirit has gone out of a man, he passes through waterless places seeking rest, and does not find it.
Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho yver vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.
44 Then he says, ‘I will return into my house from which I came;’ and when he has come back, he finds it empty, swept, and put in order.
So segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor, » og når ho kjem der, finn ho det tomt, og feia og fjelga.
45 Then he goes and takes with himself seven other spirits more evil than he is, and they enter in and dwell there. The last state of that man becomes worse than the first. Even so will it be also to this evil generation.”
Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.»
46 While he was yet speaking to the multitudes, behold, his mother and his brothers stood outside, seeking to speak to him.
Med han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna honom.
47 One said to him, “Behold, your mother and your brothers stand outside, seeking to speak to you.”
Då so ein kom inn og sagde det med honom,
48 But he answered him who spoke to him, “Who is my mother? Who are my brothers?”
svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?»
49 He stretched out his hand toward his disciples, and said, “Behold, my mother and my brothers!
So rette han handi ut mot læresveinarne sine og sagde: «Sjå der er mor mi og brørne mine;
50 For whoever does the will of my Father who is in heaven, he is my brother, and sister, and mother.”
for den som gjer det far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»

< Matthew 12 >