< Acts 10 >

1 Now there was a certain man in Caesarea, Cornelius by name, a centurion of what was called the Italian Regiment,
Det var ein mann i Cæsaræa med namnet Kornelius, ein hovudsmann ved den herflokken som vart kalla den italiske;
2 a devout man, and one who feared God with all his house, who gave gifts for the needy generously to the people, and always prayed to God.
han var ein gudleg mann, som med heile sitt hus ottast Gud og gav mange sælebotsgåvor til folket og bad alltid til Gud.
3 At about the ninth hour of the day, he clearly saw in a vision an angel of God coming to him and saying to him, “Cornelius!”
Han såg klårt i ei syn ved den niande timen på dagen ein Guds engel som kom inn til honom og sagde til honom: «Kornelius!»
4 He, fastening his eyes on him and being frightened, said, “What is it, Lord?” He said to him, “Your prayers and your gifts to the needy have gone up for a memorial before God.
Men han stirde på honom og vart rædd og sagde: «Kva er det, Herre?» Han svara honom: «Dine bøner og sælebotsgåvor hev stige upp til ei minning for Gud.
5 Now send men to Joppa, and get Simon, who is also called Peter.
Og no, send folk til Joppe og henta hit Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter!
6 He is staying with a tanner named Simon, whose house is by the seaside.
Han bur hjå ein som heiter Simon, ein garvar, som hev eit hus ved havet.»
7 When the angel who spoke to him had departed, Cornelius called two of his household servants and a devout soldier of those who waited on him continually.
Då engelen som tala til Kornelius, gjekk burt, kalla han til seg tvo av tenarane sine og ein gudleg hermann av deim som alltid var hjå honom,
8 Having explained everything to them, he sent them to Joppa.
og han fortalde deim alt saman og sende deim av til Joppe.
9 Now on the next day as they were on their journey and got close to the city, Peter went up on the housetop to pray at about noon.
Andre dagen, då dei var på vegen og kom nær til byen, steig Peter uppå taket og vilde beda - umkring den sette timen.
10 He became hungry and desired to eat, but while they were preparing, he fell into a trance.
Han vart då hungrig og vilde få seg mat. Medan dei laga maten til, kom der på honom ei burtrykning,
11 He saw heaven opened and a certain container descending to him, like a great sheet let down by four corners on the earth,
og han ser himmelen opna, og det for eitkvart ned til honom, liksom ein stor linduk, som vart laten ned på jordi etter dei fire hyrno;
12 in which were all kinds of four-footed animals of the earth, wild animals, reptiles, and birds of the sky.
og der var det alle slag firføtte dyr på jordi og krjupande dyr og himmelens fuglar.
13 A voice came to him, “Rise, Peter, kill and eat!”
Og det kom ei røyst til honom: «Statt upp, Peter, slagta og et!»
14 But Peter said, “Not so, Lord; for I have never eaten anything that is common or unclean.”
Men Peter sagde: «På ingen måte, Herre! for aldri hev eg ete noko vanheilagt eller ureint!»
15 A voice came to him again the second time, “What God has cleansed, you must not call unclean.”
Og røysti kom på nytt andre gongen til honom: «Det som Gud hev reinsa, må ikkje du halda for ureint!»
16 This was done three times, and immediately the thing was received up into heaven.
Dette hende tri gonger; og straks vart det teke upp att til himmelen.
17 Now while Peter was very perplexed in himself what the vision which he had seen might mean, behold, the men who were sent by Cornelius, having made inquiry for Simon’s house, stood before the gate,
Medan Peter var reint rådvill um kva den syni skulde tyda som han hadde set, sjå, då stod dei utanfor porten, dei mennerne som var utsende frå Kornelius og hadde spurt upp Simons hus,
18 and called and asked whether Simon, who was also called Peter, was lodging there.
og dei ropa inn og spurde um Simon som var kalla med tilnamnet Peter, budde der.
19 While Peter was pondering the vision, the Spirit said to him, “Behold, three men seek you.
Medan so Peter grunda på syni, sagde Anden til honom: «Sjå, tri menner leitar etter deg.
20 But arise, get down, and go with them, doubting nothing; for I have sent them.”
Statt upp, gakk ned og fylg med deim utan tviking! for eg hev sendt deim.»
21 Peter went down to the men, and said, “Behold, I am he whom you seek. Why have you come?”
Peter gjekk ned til mennerne som var sende til honom frå Kornelius, og sagde: «Sjå, eg er den som de leitar etter; kva ærend hev de her?»
22 They said, “Cornelius, a centurion, a righteous man and one who fears God, and well spoken of by all the nation of the Jews, was directed by a holy angel to invite you to his house, and to listen to what you say.”
Dei sagde: «Kornelius, ein hovudsmann, ein rettferdig og gudleg mann, som hev godt lov av heile jødefolket, hev fenge det bodet ved ein heilag engel, at han skulde henta deg til sitt hus og høyra kva du hev å segja.»
23 So he called them in and provided a place to stay. On the next day Peter arose and went out with them, and some of the brothers from Joppa accompanied him.
Han bad deim då inn og gav deim herbyrge. Og dagen etter stod han upp og gjekk av stad saman med deim, og nokre av brørne frå Joppe fylgde med honom.
24 On the next day they entered into Caesarea. Cornelius was waiting for them, having called together his relatives and his near friends.
Dagen etter kom dei til Cæsarea og Kornelius venta deim og hadde bede saman sine frendar og næmaste vener.
25 When Peter entered, Cornelius met him, fell down at his feet, and worshiped him.
Då det no bar til at Peter gjekk inn, kom Kornelius imot honom, fall ned for føterne hans og tilbad.
26 But Peter raised him up, saying, “Stand up! I myself am also a man.”
Men Peter reiste honom upp og sagde: «Statt upp! eg er og eit menneskje!»
27 As he talked with him, he went in and found many gathered together.
Og med di han samtala med honom, gjekk han inn og fann mange som var komne saman.
28 He said to them, “You yourselves know how it is an unlawful thing for a man who is a Jew to join himself or come to one of another nation, but God has shown me that I should not call any man unholy or unclean.
Og han sagde til deim: «De veit kor uløyvelegt det er for ein jøde å hava samlag med nokon av eit anna folk eller å ganga inn til honom. Men meg hev Gud vist at eg ikkje må kalla noko menneskje vanheilagt eller ureint.
29 Therefore I also came without complaint when I was sent for. I ask therefore, why did you send for me?”
Difor kom eg og utan motmæle då eg fekk bod. Eg spør då kvifor de hev sendt bod etter meg.»
30 Cornelius said, “Four days ago, I was fasting until this hour; and at the ninth hour, I prayed in my house, and behold, a man stood before me in bright clothing
Då sagde Kornelius: «For fire dagar sidan, det var som no ved den niande timen, bad eg i mitt hus, og sjå, ein mann stod framfyre meg i skinande klædnad;
31 and said, ‘Cornelius, your prayer is heard, and your gifts to the needy are remembered in the sight of God.
og han sagde: «Kornelius, di bøn er høyrd, og dine sælebotsgåvor er ihugkomne for Guds åsyn.
32 Send therefore to Joppa and summon Simon, who is also called Peter. He is staying in the house of a tanner named Simon, by the seaside. When he comes, he will speak to you.’
Send difor bod til Joppe og kalla til deg Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter! han bur i huset hjå Simon garvar ved havet; han skal tala til deg når han kjem.»
33 Therefore I sent to you at once, and it was good of you to come. Now therefore we are all here present in the sight of God to hear all things that have been commanded you by God.”
Difor sende eg straks bod til deg; og du gjorde vel at du kom. No er me då alle til stadar for Guds åsyn for å høyra alt det som er pålagt deg av Gud.»
34 Peter opened his mouth and said, “Truly I perceive that God does not show favoritism;
Men Peter let upp sin munn og sagde: «Eg skynar i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk;
35 but in every nation he who fears him and works righteousness is acceptable to him.
men millom alle folk tek han imot den som ottast honom og gjer rettferd.
36 The word which he sent to the children of Israel, preaching good news of peace by Jesus Christ—he is Lord of all—
Det ordet han sende ut til Israels-borni, då han forkynte evangeliet um fred ved Jesus Kristus - han er Herre yver alle - det kjenner de,
37 you yourselves know what happened, which was proclaimed throughout all Judea, beginning from Galilee, after the baptism which John preached;
det ordet som gjekk ut yver heile Judæa, med upphav frå Galilæa etter den dåp som Johannes forkynte,
38 how God anointed Jesus of Nazareth with the Holy Spirit and with power, who went about doing good and healing all who were oppressed by the devil, for God was with him.
det um Jesus frå Nasaret, korleis Gud salva honom med den Heilage Ande og kraft, han som gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle deim som var yvervalda av djevelen; for Gud var med honom.
39 We are witnesses of everything he did both in the country of the Jews and in Jerusalem; whom they also killed, hanging him on a tree.
Og me er vitne um alt det han gjorde både i Jødeland og i Jerusalem, han som dei slo i hel, med di dei hengde honom på eit tre.
40 God raised him up the third day and gave him to be revealed,
Honom reiste Gud upp den tridje dagen og let honom få syna seg,
41 not to all the people, but to witnesses who were chosen before by God, to us, who ate and drank with him after he rose from the dead.
ikkje for alt folket, men for dei vitne som fyrr var utvalde av Gud, for oss som åt og drakk med honom, etter han var uppstaden frå dei daude.
42 He commanded us to preach to the people and to testify that this is he who is appointed by God as the Judge of the living and the dead.
Og han baud oss å forkynna for folket og vitna at han er den som Gud hev sett til domar yver livande og daude.
43 All the prophets testify about him, that through his name everyone who believes in him will receive remission of sins.”
Um honom vitnar alle profetarne, at kvar den som trur på honom, skal få forlating for synderne ved hans namn.»
44 While Peter was still speaking these words, the Holy Spirit fell on all those who heard the word.
Medan Peter endå tala desse ordi, fall den Heilage Ande på alle deim som høyrde ordet.
45 They of the circumcision who believed were amazed, as many as came with Peter, because the gift of the Holy Spirit was also poured out on the Gentiles.
Og alle dei truande av umskjeringi som var komne med Peter, vart forfærde yver at den Heilage Ande vart gjeven og utrend ogso yver heidningarne;
46 For they heard them speaking in other languages and magnifying God. Then Peter answered,
for dei høyrde deim tala med tungor og storleg lova Gud.
47 “Can anyone forbid these people from being baptized with water? They have received the Holy Spirit just like us.”
Då svara Peter: «Kann vel nokon meinka vatnet, at ikkje desse må verta døypte, som hev fenge den Heilage Ande liksom me?»
48 He commanded them to be baptized in the name of Jesus Christ. Then they asked him to stay some days.
Og han baud at dei skulde verta døypte i Jesu Kristi namn. Og dei bad honom drygja der nokre dagar.

< Acts 10 >