< Første Kongebog 9 >

1 Men da Salomo var færdig med at opføre HERRENs Hus og Kongens Palads og alt, hvad han havde fået Lyst til og sat sig for at udføre,
Då Salomo no hadde gjort ifrå seg byggjearbeidet med Herrens hus og kongshuset og alt det andre som han hadde hug og lyst til å få gjort,
2 lod HERREN sig anden Gang til Syne for ham, som han havde ladet sig til Syne for ham i Gibeon;
synte Herren seg for Salomo andre gongen, liksom han hadde synt seg for honom i Gibeon.
3 og HERREN sagde til ham: "Jeg har hørt den Bøn og Begæring, du opsendte for mit Åsyn. Jeg har helliget dette Hus, som du har bygget, for der at stedfæste mit Navn til evig Tid, og mine Øjne og mit Hjerte skal være der alle Dage.
Og Herren sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og di audmjuke påkalling som du hev sendt upp til meg; huset du hev bygt, hev eg helga til å bera namnet mitt i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
4 Hvis du nu vandrer for mit Åsyn som din Fader David i Hjertets Uskyld og i Upriglighed, så du gør alt, hvad jeg har pålagt dig, og holder mine Anordninger og Lovbud,
Ferdast du no for mi åsyn liksom David, far din, ferdast, i hjartans reinleik og i ærlegdom, so du gjer alt det som eg hev sagt deg fyre, held loverne og rettarne mine,
5 så vil jeg opretholde din Kongetrone i Israel evindelig, som jeg lovede din Fader David, da jeg sagde: En Efterfølger skal aldrig fattes dig på Israels Trone.
då skal eg halda uppe kongsstolen din i Israel æveleg, soleis som lovnaden min lydde til David, far din: «Aldri skal du vanta ein mann på Israels kongsstol.»
6 Men hvis I eller eders Børn vender eder bort fra mig og ikke holder mine Bud, mine Annordninger, som jeg har forelagt eder, men går hen og dyrker andre Guder og tilbeder dem
Men dersom de og borni dykkar snur meg ryggen og ikkje held bodi mine, loverne mine som eg hev lagt fram for dykk, men gjeng av stad og dyrkar andre gudar og bed til deim,
7 så vil jeg udrydde Israel fra det Land, jeg gav dem; og det Hus, jeg har helliget for mit Navn, vil jeg forkaste fra mit Åsyn, og Israel skal blive til Spot og Spe blandt alle Folk,
so vil eg rydja Israel ut or det landet eg hev gjeve deim; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
8 og dette Hus skal blive en Ruindynge, og enhver, som går der forbi, skal blive slået af Rædsel og give sig til at hånfløjte. Og når man siger: Hvorfor har HERREN handlet således mod dette Land og dette Hus?
Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
9 skal der svares: Fordi de forlod HERREN deres Gud, som førte deres Fædre ud af Ægypten, og holdt sig til andre Guder, tilbad og dyrkede dem; derfor har HERREN bragt al denne Elendighed over dem!"
då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin Gud, han som hadde ført federne deira ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, bad til deim og tente deim, difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»»
10 Da de tyve År var omme, i hvilke Salomo havde bygget på de to Bygninger, HERRENs Hus og Kongens Palads -
Då no tjuge år var lidne, og Salomo hadde bygt dei tvo husi, Herrens hus og kongshuset,
11 Kong Hiram af Tyrus havde sendt Salomo Cedertræ, Cyprestræ og Guld, så meget han ønskede da gav Kong Salomo Hiram tyve Byer i Landskabet Galilæa.
og Hiram, kongen i Tyrus, hadde hjelpt Salomo med cedertre og cypresstre og alt det gull han ynskte, so gav kong Salomo Hiram tjuge byar i Galilæa-landet.
12 Men da Hiram kom fra Tyrus for at se de Byer, Salomo havde givet ham, syntes han ikke om dem;
Og Hiram tok ut ifrå Tyrus, og vilde sjå på dei byarne som Salomo hadde gjeve honom; men han lika deim ikkje.
13 og han sagde: "Hvad er det for Byer, du har givet mig, Broder?" Derfor kaldte man den Habullandet, som det hedder den Dag i Dag
Og han sagde: «Kva er dette for byar du hev gjeve meg, bror min?» Og han gav deim namnet Kabulslandet, som dei og hev heitt til denne dag.
14 Men Hiram sendte Kongen 120 Guldtalenter.
Men Hiram sende kongen tri hundrad vågar gull.
15 På følgende Måde hang det sammen med de Hoveriarbejdere, Kong Salomo udskrev til at opføre HERRENs Hus, hans eget Palads, Millo Jerusalems Mur, Hazor, Megiddo og Gezer
Det hadde seg soleis med det arbeidsfolk som kong Salomo tok ut til byggjearbeidet med Herrens hus og sitt eige hus og Millo og muren kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser:
16 Farao, Ægypterkongen, var draget op, havde indtaget Gezer og stukket det i Brand; alle Kanånæere, der boede i Byen, havde han ladet dræbe og derpå givet sin Datter, Salomos Hustru den i Medgift.
- Farao, kongen i Egyptarland, hadde sett i veg og teke Gezer, og sett eld på det og drepe kananitarne som budde i byen og so gjeve honom i heimafylgje til dotter si, kona åt Salomo;
17 Nu genopbyggede Salomo Gezer, Nedre-Bet-Horon,
men Salomo bygde upp att Gezer og Nedre Bet-Horon
18 Bålat, Tamar i Ørkenen i Juda Land,
og Ba’alat og Tadmor i øydemarki der i landet,
19 alle Salomos Forrådsbyer, Vognbyerne og Rytterbyerne, og alt andet, som Salomo fik Lyst til at bygge i Jerusalem, i Libanon og i hele sit Rige:
bygde og alle dei upplagsbyar Salomo hadde, og vognbyarne og hestbyarne og elles alt som Salomo fekk hug og lyst til å få bygt i Jerusalem og på Libanon og i heile kongeriket sitt -:
20 Alt, hvad der var tilbage af Amoriterne, Hetiterne, Perizziterne, Hivviterne og Jebusiterne, og som ikke hørte til Israeliterne,
Alt det folket som fanst att av amoritarne, hetitarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, folk som ikkje var av Israels ætt,
21 deres Efterkommere, som var tilbage efter dem i Landet, og som Israeliterne ikke havde været i Stand til at lægge Band på, dem udskrev Salomo til Hoveriarbejde, som det er den Dag i Dag.
sønerne deira, som var att etter deim i landet, med di Israels-sønerne ikkje hadde magta å fullføra bannstøyten imot deim, desse tok Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag.
22 Af Israeliterne derimod satte Salomo ingen til Arbejde, men de var Krigsfolk og Hoffolk, Hærførere og Høvedsmænd hos, ham og Førere for hans Stridsvogne og Rytteri. -
Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til træl; for dei var herfolk og tenarar og hovdingar og kjempor hjå honom og hovdingar for stridsvognerne og hestfolket hans.
23 Tallet på Overfogederne, der ledede Arbejdet for Salomo, var 550; de havde Tilsyn med Folkene, der arbejdede.
Talet på yverfutarne, som stod fyre arbeidet til Salomo, var fem hundrad og femti; dei rådde yver folket som gjorde arbeidet.
24 Faraos Datter var lige flyttet fra Davidsbyen ind i det Hus, han havde bygget til hende, da tog han fat på at opføre Millo.
Nettupp på den tid dotter åt Farao hadde flutt upp ifrå Davidsbyen til huset sitt, som han hadde bygt til henne, gav han seg til å byggja Millo.
25 Tre Gange om Året ofrede Salomo Brændofre og Takofre på det Alter, han bavde bygget HERREN, og tændte Offerild for HERRENs Åsyn; og han fuldførte Templet.
Tri gonger um året ofra Salomo brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt til Herren, og brende røykjelse ved alteret der framfor Herrens åsyn, og hadde no huset ferdigt.
26 Kong Salomo byggede også Skibe i Ezjongeber, der ligger ved Elat ved det røde Havs Kyst i Edom;
Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber; det ligg attmed Elot på Raudehavs-strandi i Edomlandet.
27 og Hiram sendte sine Folk, befarne Søfolk, om Bord på Skibene sammen med Salomos Folk.
Og Hiram sende sjøvant mannskap av sitt folk til skipi i lag med folket åt Salomo.
28 De sejlede til Ofir, hvor de hen tede 420 Talenter Guld, som de bragte Kong Salomo.
Dei for til Ofir og henta gull derifrå, eit tusund og femti våger, som dei førde til kong Salomo.

< Første Kongebog 9 >