< 約書亞記 22 >

1 當時,約書亞召了呂便人、迦得人,和瑪拿西半支派的人來,
Då kalla Josva til seg rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti
2 對他們說:「耶和華僕人摩西所吩咐你們的,你們都遵守了;我所吩咐你們的,你們也都聽從了。
og sagde til deim: «De hev gjort alt det Moses, Herrens tenar, sagde med dykk, og meg hev de og lydt i alt eg hev sagt.
3 你們這許多日子,總沒有撇離你們的弟兄,直到今日,並守了耶和華-你們上帝所吩咐你們當守的。
I heile denne lange tidi hev de ikkje vike frå brørne dykkar; de hev halde dykk trutt etter det som Herren, dykkar Gud, sagde fyre.
4 如今耶和華-你們上帝照着他所應許的,使你們弟兄得享平安,現在可以轉回你們的帳棚,到耶和華的僕人摩西在約旦河東所賜你們為業之地。
Og no hev Herren, dykkar Gud, late brørne dykkar koma til ro, som han hadde lova deim; far no de heim att til tjeldbuderne dykkar, åt dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk på hi sida Jordan.
5 只要切切地謹慎遵行耶和華僕人摩西所吩咐你們的誡命律法,愛耶和華-你們的上帝,行他一切的道,守他的誡命,專靠他,盡心盡性事奉他。」
Men kom vel i hug å leva etter dei bodi og den lovi som Moses, Herrens tenar, lærde dykk, at de skal elska Herren, dykkar Gud, og all tid ganga på hans vegar, og halda bodi hans, og vera trugne imot honom, og tena honom av heile dykkar hjarta og all dykkar hug!»
6 於是約書亞為他們祝福,打發他們去,他們就回自己的帳棚去了。
So lyste Josva velsigning yver deim, og bad deim vel liva, og dei for heim att.
7 瑪拿西那半支派,摩西早已在巴珊分給他們地業。這半支派,約書亞在約旦河西,在他們弟兄中,分給他們地業。約書亞打發他們回帳棚的時候為他們祝福,
Den eine helvti av Manasse-ætti hadde fenge land i Basan av Moses, og den andre helvti hadde Josva gjeve land vestanfor Jordan, saman med brørne deira. Som no Josva gav deim heimlov og velsigna deim,
8 對他們說:「你們帶許多財物,許多牲畜和金、銀、銅、鐵,並許多衣服,回你們的帳棚去,要將你們從仇敵奪來的物,與你們眾弟兄同分。」
sagde han og til deim: «No fer de heim att med mange eignaluter og ovmykje bufe, med sylv og gull og kopar og jarn og ovmange klæde. Byt no med brørne dykkar det herfanget de hev teke frå fienden!»
9 於是呂便人、迦得人、瑪拿西半支派的人從迦南地的示羅起行,離開以色列人,回往他們得為業的基列地,就是照耶和華藉摩西所吩咐的得了為業之地。
So tok dei då på heimvegen, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti; dei skildest med dei andre Israels-sønerne og for frå Silo i Kana’ans-landet attende til Gilead, sitt eige land, der dei hadde fenge seg bustad, soleis som Moses hadde lova deim frå Herren.
10 呂便人、迦得人,和瑪拿西半支派的人到了靠近約旦河的一帶迦南地,就在約旦河那裏築了一座壇;那壇看着高大。
Men då dei kom til dei steinkrinsarne som er attmed Jordan, i Kana’ans-landet, sette dei upp eit altar der, attmed Jordan, eit stort og sjålegt altar.
11 以色列人聽說呂便人、迦得人、瑪拿西半支派的人靠近約旦河邊,在迦南地屬以色列人的那邊築了一座壇。
Då fekk Israels-sønerne høyra at folk sagde: «Sjå, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti hev sett upp eit altar burtmed Jordankrinsarne, fremst i Kana’ans-landet, på den sida som høyrer til Israels-sønerne; »
12 全會眾一聽見,就聚集在示羅,要上去攻打他們。
og då Israels-sønerne høyrde det, samla heile lyden seg i Silo, og vilde fara imot deim med ufred.
13 以色列人打發祭司以利亞撒的兒子非尼哈,往基列地去見呂便人、迦得人、瑪拿西半支派的人;
Men fyrst sende dei Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, til Gileadlandet,
14 又打發十個首領與非尼哈同去,就是以色列每支派的一個首領,都是以色列軍中的統領。
og saman med honom ti fyrstar, som var or kvar sitt fylke i Israel og hovdinger yver kvar si grein av Israels-ætterne.
15 他們到了基列地,見呂便人、迦得人,和瑪拿西半支派的人,對他們說:
Då so dei kom til Gileadlandet og fann Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til deim:
16 「耶和華全會眾這樣說,你們今日轉去不跟從耶和華,干犯以色列的上帝,為自己築一座壇,悖逆了耶和華,這犯的是甚麼罪呢?
«So segjer heile Herrens lyd: «Kva er dette for svik de no hev gjort mot Israels Gud, med di de no hev vendt dykk burt ifrå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor hev de no sett dykk upp imot Herren?
17 從前拜毗珥的罪孽還算小嗎?雖然瘟疫臨到耶和華的會眾,到今日我們還沒有洗淨這罪。
Var det’kje nok med det brotet me gjorde då me heldt oss til Peor, so ulukka kom yver Herrens lyd? Det brotet hev me endå ikkje reinsa oss frå,
18 你們今日竟轉去不跟從耶和華嗎?你們今日既悖逆耶和華,明日他必向以色列全會眾發怒。
og so vender de dykk no burt frå Herren! Men set de dykk i dag upp imot Herren, so fær heile Israel i morgon kjenna hans vreide.
19 你們所得為業之地,若嫌不潔淨,就可以過到耶和華之地,就是耶和華的帳幕所住之地,在我們中間得地業。只是不可悖逆耶和華,也不可得罪我們,在耶和華-我們上帝的壇以外為自己築壇。
Eller tykkjer de det er ureint det landet de hev fenge til eigedom, so kom berre yver til Herrens eige land, der som Herrens hus stend, og få dykk ein bustad millom oss, men set dykk ikkje upp imot Herren, og set dykk ikkje upp imot oss, med di de byggjer dykk eit altar umfram altaret åt Herren, vår Gud!
20 從前謝拉的曾孫亞干豈不是在那當滅的物上犯了罪,就有忿怒臨到以色列全會眾嗎?那人在所犯的罪中不獨一人死亡。」
For ikkje Akan Zerahsson og med svik då han tok av det som var vigt! Då råma vreiden heile Israels-lyden, og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.»»
21 於是呂便人、迦得人、瑪拿西半支派的人回答以色列軍中的統領說:
Då tok Rubens-sønerne og Gads-sønerne og halve Manasse-ætti til ords og tala so til hovdingarne yver Israels-ætterne:
22 「大能者上帝耶和華!大能者上帝耶和華!他是知道的!以色列人也必知道!我們若有悖逆的意思,或是干犯耶和華(願你今日不保佑我們),
«Herren, den allvelduge Gud, veit det, ja Herren, den allvelduge Gud, han veit det, og Israel skal vita det, at det ikkje var i tråss og utruskap mot Herren
23 為自己築壇,要轉去不跟從耶和華,或是要將燔祭、素祭、平安祭獻在壇上,願耶和華親自討我們的罪。
me bygde oss eit altar, og ikkje på den måten at me vilde venda oss burt frå Herren; var det det, so gjev du ikkje vilde hjelpa oss i dag! Ikkje heller var altaret bygt til å ofra brennoffer eller grjonoffer eller bera fram takkoffer på; var det so, då hemne Herren sjølv seg på oss!
24 我們行這事並非無故,是特意做的,說:恐怕日後你們的子孫對我們的子孫說:『你們與耶和華-以色列的上帝有何關涉呢?
Men det var ein ting me var rædde, difor gjorde me dette: me tenkte borni dykkar ein gong kunde koma til å segja til våre born: «Kva hev de å gjera med Herren, Israels Gud?
25 因為耶和華把約旦河定為我們和你們這呂便人、迦得人的交界,你們與耶和華無分了。』這樣,你們的子孫就使我們的子孫不再敬畏耶和華了。
Hev’kje Herren sett eit skilmerke, Jordan, millom oss og dykk, de Rubens-søner og Gads-søner! De eig ikkje med i Herren.» Soleis kunde borni dykkar få våre born til å halda upp med å ottast Herren.
26 因此我們說:『不如為自己築一座壇,不是為獻燔祭,也不是為獻別的祭,
So kom me på at me vilde byggja dette altaret, ikkje til brennoffer eller slagtoffer,
27 乃是為你我中間和你我後人中間作證據,好叫我們也在耶和華面前獻燔祭、平安祭,和別的祭事奉他,免得你們的子孫日後對我們的子孫說,你們與耶和華無分了。』
men det skulde vera eit vitne millom oss og dykk og millom dei ætterne som kjem etter oss, at me vil tena Herren for hans åsyn med brennofferi og slagtofferi og takkofferi våre, so ikkje borni dykkar ein gong skal segja til våre born: «De eig ikkje med i Herren!»
28 所以我們說:『日後你們對我們,或對我們的後人這樣說,我們就可以回答說,你們看我們列祖所築的壇是耶和華壇的樣式;這並不是為獻燔祭,也不是為獻別的祭,乃是為作你我中間的證據。』
Skulde dei nokosinne segja sovore med oss eller etterkomararne våre, tenkte me, so vil me svara: «Sjå på det likjendet av Herrens altar som federne våre hev gjort, ikkje til å ofra brennoffer eller slagtoffer på, men til eit vitne millom oss og dykk!»
29 我們在耶和華-我們上帝帳幕前的壇以外,另築一座壇,為獻燔祭、素祭,和別的祭,悖逆耶和華,今日轉去不跟從他,我們斷沒有這個意思。」
Aldri kunde det sviva oss i hugen at me no vilde setja oss upp imot Herren og venda oss burt ifrå honom og byggja noko altar til brennoffer eller grjonoffer eller slagtoffer umfram det altaret som stend framfor huset åt Herren, vår Gud.»
30 祭司非尼哈與會中的首領,就是與他同來以色列軍中的統領,聽見呂便人、迦得人、瑪拿西人所說的話,就都以為美。
Då Pinehas, presten, og styresmennerne for lyden, og hovdingarne yver Israels-ætterne, som var med honom, høyrde kva Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne sagde, lika dei det vel;
31 祭司以利亞撒的兒子非尼哈對呂便人、迦得人、瑪拿西人說:「今日我們知道耶和華在我們中間,因為你們沒有向他犯了這罪。現在你們救以色列人脫離耶和華的手了。」
og Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, sagde til Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne: «No kann me skyna at Herren er midt imillom oss, sidan de ikkje hev gjort dette sviket imot honom; dermed hev de berga Israels-sønerne or Herrens vald.»
32 祭司以利亞撒的兒子非尼哈與眾首領離了呂便人、迦得人,從基列地回往迦南地,到了以色列人那裏,便將這事回報他們。
So skildest Pinehas Eleazarsson og hovdingarne med Rubens-sønerne og Gads-sønerne, og for frå Gileadlandet heim att til Kana’ans-landet, til Israels-sønerne, og sagde frå kva svar dei hadde fenge.
33 以色列人以這事為美,就稱頌上帝,不再提上去攻打呂便人、迦得人、毀壞他們所住的地了。
Og Israels-sønerne tykte godt um svaret; dei takka Gud og tenkte ikkje lenger på å taka ut i strid mot Rubens-sønerne og Gads-sønerne og øyda landet dei budde i.
34 呂便人、迦得人給壇起名叫證壇,意思說:這壇在我們中間證明耶和華是上帝。
Men Rubens-sønerne og Gads-sønerne kalla det altaret Vitne: «Eit vitne», sagde dei, «skal det vere imillom at Herren er den sanne Gud.»

< 約書亞記 22 >