< 創世記 15 >

1 這事以後,耶和華在異象中有話對亞伯蘭說:「亞伯蘭,你不要懼怕!我是你的盾牌,必大大地賞賜你。」
Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: «Ver ikkje ottefull, Abram! Eg skal vera din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.»
2 亞伯蘭說:「主耶和華啊,我既無子,你還賜我甚麼呢?並且要承受我家業的是大馬士革人以利以謝。」
Då sagde Abram: «Herre, min Gud, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus.
3 亞伯蘭又說:「你沒有給我兒子;那生在我家中的人就是我的後嗣。」
Sjå, meg hev du ikkje gjeve noko barn, » sagde Abram, «og rådsdrengen min kjem til å erva meg.»
4 耶和華又有話對他說:「這人必不成為你的後嗣;你本身所生的才成為你的後嗣。」
Men sjå: då kom Herrens ord til honom, og det lydde so: «Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg.»
5 於是領他走到外邊,說:「你向天觀看,數算眾星,能數得過來嗎?」又對他說:「你的後裔將要如此。」
Og han leidde honom utanfor, og sagde: «Kjære deg, sjå upp til himmelen og tel stjernorne, um du er god til. So tallaus, » sagde han til honom, «skal ætti di verta.»
6 亞伯蘭信耶和華,耶和華就以此為他的義。
Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.
7 耶和華又對他說:「我是耶和華,曾領你出了迦勒底的吾珥,為要將這地賜你為業。」
Og han sagde til honom: «Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldæa, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.»
8 亞伯蘭說:「主耶和華啊,我怎能知道必得這地為業呢?」
Og Abram sagde: «Herre, min Gud, kva vissa skal eg hava på det, at eg skal få det til eiga?»
9 他說:「你為我取一隻三年的母牛,一隻三年的母山羊,一隻三年的公綿羊,一隻斑鳩,一隻雛鴿。」
Då sagde Herren til honom: «Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge!»
10 亞伯蘭就取了這些來,每樣劈開,分成兩半,一半對着一半地擺列,只有鳥沒有劈開。
So henta Abram alt dette åt honom, og skar dyri midt i tvo, og lagde den eine luten av kvart dyr beint imot den andre. Men fuglarne skar han ikkje sund.
11 有鷙鳥下來,落在那死畜的肉上,亞伯蘭就把牠嚇飛了。
Og ræfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga deim burt.
12 日頭正落的時候,亞伯蘭沉沉地睡了;忽然有驚人的大黑暗落在他身上。
Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver honom.
13 耶和華對亞伯蘭說:「你要的確知道,你的後裔必寄居別人的地,又服事那地的人;那地的人要苦待他們四百年。
Og han sagde til Abram: «Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal tena folket der og tola mykje vondt av deim i fire hundrad år.
14 並且他們所要服事的那國,我要懲罰,後來他們必帶着許多財物從那裏出來。
Men det folket som dei lyt tena, vil eg og døma, og sidan skal dei draga ut med mykje gods.
15 但你要享大壽數,平平安安地歸到你列祖那裏,被人埋葬。
Og du skal fara i fred til federne dine; du skal ganga i gravi i høg alder.
16 到了第四代,他們必回到此地,因為亞摩利人的罪孽還沒有滿盈。」
Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritarne, fyrr målet er fullt.»
17 日落天黑,不料有冒煙的爐並燒着的火把從那些肉塊中經過。
No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge, som for fram millom kjøtstykki.
18 當那日,耶和華與亞伯蘭立約,說:「我已賜給你的後裔,從埃及河直到幼發拉底大河之地,
Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
19 就是基尼人、基尼洗人、甲摩尼人、
landet åt kenitarne og kenizitarne og kadmonitarne
20 赫人、比利洗人、利乏音人、
og hetitarne og perizitarne og refa’itarne
21 亞摩利人、迦南人、革迦撒人、耶布斯人之地。」
og amoritarne og kananitarne og girgasitarne og jebusitarne.»

< 創世記 15 >