< 撒母耳記下 14 >

1 洗魯雅的兒子約押,知道王心裏想念押沙龍,
Joab Serujason skyna at kongen endå var glad i Absalom.
2 就打發人往提哥亞去,從那裏叫了一個聰明的婦人來,對她說:「請你假裝居喪的,穿上孝衣,不要用膏抹身,要裝作為死者許久悲哀的婦人;
Han sende då bod til Tekoa og henta ei sløg kona derifrå og baud henne: «Te deg som du hev sorg! Klæd deg i syrgjebunad! Smyr deg ikkje med olje! Te deg som ei kvinna som hev syrgt på ein avliden i lang tid!
3 進去見王,對王如此如此說。」於是約押將當說的話教導了婦人。
Gakk so inn til kongen og tala til honom desse ordi!» - Joab lagde henne ordi i munnen.
4 提哥亞婦人到王面前,伏地叩拜,說:「王啊,求你拯救!」
Tekoa-kona tala til kongen, fall å gruve ned på jordi og bøygde seg, og ropa: «Hjelp, konge!»
5 王問她說:「你有甚麼事呢?」回答說:「婢女實在是寡婦,我丈夫死了。
Kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Å, eg er ei syrgjande enkja; mannen min er dåen.
6 我有兩個兒子,一日在田間爭鬥,沒有人解勸,這個就打死那個。
Tenestkvinna di hadde tvo søner. Dei kom i trætta med kvarandre ute på marki; og det var ingen til å skilja deim; den eine gav då bror sin banehogg.
7 現在全家的人都起來攻擊婢女,說:『你將那打死兄弟的交出來,我們好治死他,償他打死兄弟的命,滅絕那承受家業的。』這樣,他們要將我剩下的炭火滅盡,不與我丈夫留名留後在世上。」
No ris heile ætti upp mot tenestkvinna di og krev: «Hit med brormordaren! Me vil drepa honom til hemn for han myrde bror sin! So fær me rudt ervingen or vegen med same!» Og soleis vil dei sløkkja den siste voni eg hev att i livet, og meinka mannen min både ettermæle og avkjøme her på jordi.»
8 王對婦人說:「你回家去吧!我必為你下令。」
Kongen sagde til kona: «Far heim! eg skal greida saki for deg.»
9 提哥亞婦人又對王說:「我主我王,願這罪歸我和我父家,與王和王的位無干。」
Men Tekoa-kona svara kongen: «Herre konge! På meg og på farsætti mi kvile all skuldi! Men kongen og kongsstolen lyt vera utan skuld!»
10 王說:「凡難為你的,你就帶他到我這裏來,他必不再攪擾你。」
Då sagde kongen: «Segjer nokon eitkvart med deg, so kom hit med honom! han skal ikkje gjera deg mein ein gong til.»
11 婦人說:「願王記念耶和華-你的上帝,不許報血仇的人施行滅絕,恐怕他們滅絕我的兒子。」王說:「我指着永生的耶和華起誓:你的兒子連一根頭髮也不致落在地上。」
Ho sagde: «Kom i hug Herren, din Gud, konge, so blodhemnaren ikkje skal auka ulukka og rydja son min or vegen.» Då sagde han: «So sant Herren liver, ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din!»
12 婦人說:「求我主我王容婢女再說一句話。」王說:「你說吧!」
Då tok kona til ords: «Lat tenestkvinna di endå få lov å segja eit ord med deg, herre konge!» Han svara: «Seg det!»
13 婦人說:「王為何也起意要害上帝的民呢?王不使那逃亡的人回來,王的這話就是自證己錯了!
«Kvifor hev du tenkt so vondt mot Guds folk?» sagde kona; «når kongen talar so, då er det som um han hev dømt seg sjølv, med di kongen let ikkje sin burtstøytte son koma heim att.
14 我們都是必死的,如同水潑在地上,不能收回。上帝並不奪取人的性命,乃設法使逃亡的人不致成為趕出、回不來的。
Vist lyt me alle døy. Men likjest på vatnet som vert utrent på marki, og som ein ikkje kann samla upp att. Men Gud let ingen døy, utan han tenkjer ut alt som tenkjast kann til å berga den burtstøytte so han ikkje vert burtstøytt frå honom.
15 我來將這話告訴我主我王,是因百姓使我懼怕。婢女想,不如將這話告訴王,或者王成就婢女所求的。
Eg er komi til å tala desse ordi med deg no, herre konge, av di skyldfolket mitt hev skræmt meg. Tenestkvinna di kom i hug: «Eg vil tala med kongen; kann henda kongen vil gjera det eg bed um.
16 人要將我和我兒子從上帝的地業上一同除滅,王必應允救我脫離他的手。
Ja, kongen vil lyda på tenestkvinna si, og berga meg frå den som vil rydja or vegen både meg og son min or Guds eige folk.»
17 婢女又想,我主我王的話必安慰我;因為我主我王能辨別是非,如同上帝的使者一樣。惟願耶和華-你的上帝與你同在!」
Og tenestkvinna di tenkte: «Eit ord frå deg, herre konge, vil gjera meg sutlaus! For du, herre konge, er som Guds engel, med di du høyrer alt både godt og vondt.» So vere Herren, din Gud, med deg!»
18 王對婦人說:「我要問你一句話,你一點不要瞞我。」婦人說:「願我主我王說。」
Då tok kongen åt ords og sagde til kona: «Svara meg ope og ærleg på det som eg no spør deg!» Ho svara: «Seg det, herre konge!»
19 王說:「你這些話莫非是約押的主意嗎?」婦人說:「我敢在我主我王面前起誓:王的話正對,不偏左右,是王的僕人約押吩咐我的,這些話是他教導我的。
Kongen spurde: «Hev ikkje Joab si finger med i dette spelet?» Kona svara: «So sant som du liver, herre konge, når du talar, herre konge, kann ingen koma undan anten til høgre eller vinstre. Jau, det er Joab, tenaren din, som hev lagt dette på meg, og lagt tenestkvinna di i munnen alt det eg hev sagt.
20 王的僕人約押如此行,為要挽回這事。我主的智慧卻如上帝使者的智慧,能知世上一切事。」
Joab, tenaren din, hev gjort det, av di han vilde få saki til å sjå onnorleis ut. Men du, herre, er vis som Guds engel, so du veit alt som hender på jordi.»
21 王對約押說:「我應允你這事。你可以去,把那少年人押沙龍帶回來。」
Kongen sagde då til Joab: «Godt og vel! eg skal so gjera. Far av og før heim den unge mannen, Absalom!»
22 約押就面伏於地叩拜,祝謝於王,又說:「王既應允僕人所求的,僕人今日知道在我主我王眼前蒙恩了。」
Då fall Joab å gruve, bøygde seg til jordi og velsigna kongen. Joab sagde: «I dag skynar tenaren din at du, herre konge, eig godvilje for meg, sidan du, konge, gjer det eg bed um.»
23 於是約押起身往基述去,將押沙龍帶回耶路撒冷。
Joab reis upp og drog til Gesur, og førde Absalom til Jerusalem.
24 王說:「使他回自己家裏去,不要見我的面。」押沙龍就回自己家裏去,沒有見王的面。
Kongen gav det bodet: «Han lyt ganga heim til seg sjølv. For mine augo skal han ikkje koma.» So gjekk Absalom heim til seg sjølv, og kom ikkje kongen for augo.
25 以色列全地之中,無人像押沙龍那樣俊美,得人的稱讚,從腳底到頭頂毫無瑕疵。
I heile Israel beid ikkje maken til Absalom so væn, og ingen so namngjeten; det beid ikkje lyte på honom frå kvervel til iljar.
26 他的頭髮甚重,每到年底剪髮一次;所剪下來的,按王的平稱一稱,重二百舍客勒。
Når han klypte håret på hovudet sitt - det gjorde han på slutten av kvart år; for det var so tungt at han laut klyppa det - då vog dei håret hans, og fann at det vog tvo hundrad lodd etter kongens vegt.
27 押沙龍生了三個兒子,一個女兒。女兒名叫她瑪,是個容貌俊美的女子。
Absalom hadde tri søner og ei dotter; ho heitte Tamar og var fager å sjå til.
28 押沙龍住在耶路撒冷足有二年,沒有見王的面。
Då Absalom hadde halde seg tvo år i Jerusalem og ikkje kome kongen for augo,
29 押沙龍打發人去叫約押來,要託他去見王,約押卻不肯來。第二次打發人去叫他,他仍不肯來。
sende han bod etter Joab, var meint å senda honom til kongen. Men han vilde ikkje koma. Andre gongen sende han bod; han vilde ikkje koma.
30 所以押沙龍對僕人說:「你們看,約押有一塊田,與我的田相近,其中有大麥,你們去放火燒了。」押沙龍的僕人就去放火燒了那田。
Då sagde han med tenarane sine: «De veit at Joab hev ein åkerteig ved sida av min; og der hev han bygg. Far dit og kveik eld på!» So kveikte drengjerne åt Absalom eld på åkerteigen.
31 於是約押起來,到了押沙龍家裏,問他說:「你的僕人為何放火燒了我的田呢?」
Joab for upp og gjekk heim til Absalom: «Kvi hev drengjerne dine kveikt eld på åkerteigen min?» spurde han.
32 押沙龍回答約押說:「我打發人去請你來,好託你去見王,替我說:『我為何從基述回來呢?不如仍在那裏。』現在要許我見王的面;我若有罪,任憑王殺我就是了。」
«Eg sende då bod etter deg, » svara Absalom, «og bad deg koma hit, so eg kunde senda deg til kongen med desse ordi: «Kvifor fekk eg koma heim frå Gesur? det vøre betre for meg um eg hadde halde meg der framleides.» No vil eg fram for kongen. Er eg saka i nokor illgjerning, so fær han drepa meg.»
33 於是約押去見王,將這話奏告王,王便叫押沙龍來。押沙龍來見王,在王面前俯伏於地,王就與押沙龍親嘴。
Då gjekk Joab til kongen og melde honom det. Kongen kalla då til seg Absalom; og han kom inn til kongen, kasta seg å gruve for honom og bøygde seg til jordi framfor kongen. Og kongen kysste Absalom.

< 撒母耳記下 14 >