< 撒母耳記下 20 >

1 當時,在那裏有個敗類,始叫舍尸巴,是本雅明人彼革黎的兒子。吹著號,喊說:「我們和達味沒有關係,對葉瑟兒子的產業沒有分子。以色列人! 各自回本家吧!
No var det der ei uvyrda ved namn Seba Bikrison, ein benjaminit. Han bles i luren og ropa: «Me hev ingen lut i David og ingen arvlut i Isaisonen. Heim att kvar til seg, Israels menner!»
2 因此,眾以色列人離開達味,跟隨了彼革黎的兒子舍巴;但猶大人仍然緊隨他們的君王,由約旦河直到了耶路撒冷。
Alle Israels-mennerne gjekk då frå David og fylgde Seba Bikrison. Men Juda-mennerne heldt fast ved kongen sin, og fylgde honom frå Jordan heilt til Jerusalem.
3 達味王進了耶路撒冷的宮殿,就將他留下看守宮殿的十個個嬪妃,留在禁官裏,養活她們,卻不再親近她們。她們被禁在冷官內,一直到死,終身守寡。
So kom då David til kongsgarden sin i Jerusalem. Kongen tok då dei ti fylgjekonorne som han hadde late etter seg til å vakta kongsgarden og sette deim under vakt i eit hus for seg sjølve. Han gav deim upphelde; men han heldt seg ikkje med deim. Der budde dei no innestengde til sin døyande dag og livde som enkjor alle sine dagar.
4 王對阿瑪撒說:「三天之內,你應給我召集猶大人,你也親自也該來到這裏」。
Kongen baud Amasa: «Bjod ut Juda-herfolket åt meg og møt fram med deim innan tri dagar!»
5 阿彼撒去召集猶大人,但他遲延耽擱,過了君王他所定的期限。
Amasa gjekk og baud ut Juda. Men han drygde utyver den fresten han hadde fenge.
6 達味就對阿彼撒說:「現今彼革黎的兒子舍巴危害我們,恐怕甚於阿貝沙隆。你快去領你主人的軍隊去追趕他,免得他佔了設防的城,由我們眼前逃脫」。
Då sagde David til Abisai: «No kjem Seba Bikrison til å gjera oss meir ilt enn Absalom. Tak du tenarane åt herren din! Set etter honom fyrr han fær hertaka nokor borg og gjera oss for mykje sut!»
7 約阿布的部下,革肋提人和培肋提人,以及所有的勇士,都跟阿彼撒去了。他們由耶路撒冷出發,趕走彼革黎的兒子舍巴。
Joabs-mennerne drog då av stad etter honom med livvakti og alt stridsfolket. Dei drog ut frå Jerusalem og sette etter Seba Bikrison.
8 當他們來到基貝紅的大石旁,阿瑪撒也迎面而來。約阿布身穿戰袍,束著腰帶,腰間掛著一把帶鞘的刀。約阿布的刀出鞘落地。
Då dei hadde nått til den store steinen ved Gibeon, møtte dei Amasa med sine hermenner. Joab var klædd i våpnkjole som han var van, med belte um livet og sverd i slira. Då han gjekk fram, datt sverdet ut.
9 約阿布對阿瑪撒說:「吾兄,你好﹖」約阿布遂用石手抓住阿瑪撒的鬍鬚,與他親吻。
Joab spurde Amasa: «Kor stend det til med deg, bror?» og tok med høgre handi Amasa i skjegget og vilde kyssa honom.
10 阿瑪撒沒有提防約阿布手中的刀;約阿布就用刀刺穿了他的肚腹,五臟傾流在地上,沒有再刺第二下,他就死了。約阿布與自己的兄弟阿彼瑟,便往前追趕彼革黎的兒子舍巴。
Amasa vara seg ikkje for sverdet som Joab hadde i hi handi. Dermed gav han honom ein støyt i livet, so innvolarne rann ut på marki. Og han døydde på flekken, berre av det. Joab og Abisai, bror hans, heldt fram og forfylgde Seba Bikrison.
11 看守阿瑪撒屍首的約阿布的一個兵士喊說:「誰喜愛約阿布,誰屬達味,就跟約阿布去! 」
Ein av tenarane åt Joab stod der attmed og ropa: «Alle som likar Joab og held med David, fylgje etter Joab!»
12 阿瑪撒此時臥在路中血泊中,那人見眾人停留不前,就將阿瑪撒的屍首,由路上搬到田裏,上面蓄上一件衣服,因為他見軍人到了那裏,就停在屍首前。
Men då mannen såg at alle stogga attmed Amasa, der som han låg midt i vegen kring-velt i sitt eige blod, skuva han liket undan og kasta ei kappa yver; for han såg kor alle stogga når dei kom dit.
13 屍首由路上搬走後,軍人就都過去,跟隨約阿布追趕彼革黎的兒子舍巴。
Og då liket var teke or vegen, drog alle framum og fylgde Joab og elte Seba Bikrison.
14 舍巴走遍了以色列各支派,人都不理他。隨後到了貝特瑪阿加的阿貝耳,眾彼革黎人卻聚集起來,跟隨了他。
Han hadde i millomtidi fare igjenom alle ætterne i Israel til Abel og Bet-Ma’aka, og kasta seg inn i byen. Og folki hans stemnde i hop og fylgde honom dit inn.
15 約阿布大軍前來,把他包圍在貝特瑪阿加的阿貝內,興築攻城的壁壘。跟隨約阿布的大軍遂下手挖城牆,使牆倒塌。
Dei hine kom og kringsette honom der i Abel Bet-Ma’aka og kasta upp ein voll mot byen innimot ytremuren. Alt folket åt Joab stræva med å få muren til å falla, og riva honom ned.
16 當時城中有個聰明的婦人,站在城牆上喊說:「請聽! 請聽! 你們對約阿布說:來這裏,我有話對你說」。
Då ropa ei klok kona frå byen: «Høyr her! Seg Joab han kjem hit, so eg fær tala med honom!»
17 約阿布來到她那裏,婦人便問說:「你是約阿布嗎﹖」他答說:「我是」。她便對他說:「請你聽你婢女一言! 」他答說:「我聽」。
Då han kom fram til kona, spurde ho: «Er du Joab?» Han svara ja. Ho sagde: «Høyr det tenestkvinna di segjer!» Han svara: «Ja vel.»
18 她說:「從前有句話說:你去問問阿貝耳,事便可解決。
Då sagde ho: «Fyrr i tidi pla dei segja: «I Abel skal ein spyrja etter råd; » so kunde ein gjera det ein etla seg til.
19 我在以色列算是一座和平忠厚的城,你卻圖謀消滅一座以色列的母城。為什麼你要吞滅上主的產業﹖」
Eg er den fredsamaste og trugnaste i heile Israel. Du freistar øyda ein by som er ei mor i Israel! Kvifor vil du øydeleggja Herrens eige folk?»
20 約阿布答說:「決無此事,我決無意消滅或破壞。
Joab svara: «Aldri i verdi vil eg øydeleggja og tyna.
21 完全不是這麼一回事;只因厄弗辣因山地的一人,即彼革黎的兒子名叫舍巴的,造反抗拒達味王;只要你們將他交來,我即撤離此城」。婦人對約阿布說:「請看,他的頭由城上拋給你」。
Det hev seg ikkje so. Men ein mann frå Efraims fjellbygd - Seba Bikrison heiter han - hev reist seg mot kong David. Gjev honom yver til oss, so dreg eg burt frå byen.» Kona svara Joab: «Hovudet hans skal verta utkasta til deg yver muren.»
22 婦人就去憑自己的智慧勸說眾百姓。他們便砍了彼革黎的兒子舍巴的頭,拋給約阿布。約阿布遂吹起號角,撤兵離城,各自了本家。約阿布也回了耶路撒冷君王那裏。
Kona kom då til byfolket med si kloke råd. Dei hogg hovudet av Seba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i luren, at herfolket skulde draga burt. Og dei for kvar til seg. Joab snudde heim att til kongen i Jerusalem.
23 約阿布統率以色列的眾軍隊;約雅達的兒子貝納雅管理革勒提人和培肋提人;
Joab var no øvste herhovding yver heile krigsheren i Israel. Og Benaja Jojadason var hovding yver livvakti.
24 阿多蘭管理奴役;阿希路得的兒子約沙法特作御史;
Adoram hadde uppsyn med pliktarbeidet for kongen. Josafat Ahiludsson var kanslar.
25 史沙作書記;匝多克和厄貝雅塔爾作司祭;
Seja var riksskrivar. Sadok og Abjatar var prestar.
26 此外,雅提爾人依辣也也作達味的司祭。
Dessutan var Ira av Ja’irs-ætti prest hjå David.

< 撒母耳記下 20 >