< ՅՈՎՀԱՆՆՈԻ 20 >

1 Մէկշաբթի օրը՝ Մարիամ Մագդաղենացին, առտուն՝ դեռ չլուսցած՝ կ՚երթայ գերեզման, եւ կը տեսնէ թէ քարը վերցուած է գերեզմանին դռնէն:
Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi, og ser at steinen er teken burt frå gravi.
2 Ուստի կը վազէ՝ կու գայ Սիմոն Պետրոսի, ու միւս աշակերտին՝ որ Յիսուս կը սիրէր, եւ կ՚ըսէ անոնց. «Վերցուցած են Տէրը գերեզմանէն, ու չենք գիտեր ո՛ւր դրած են զայն»:
Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til deim: «Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»
3 Ուրեմն Պետրոս եւ միւս աշակերտը մեկնեցան, ու կ՚երթային դէպի գերեզմանը:
Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på vegen til gravi.
4 Երկուքն ալ կը վազէին միասին. սակայն միւս աշակերտը՝ Պետրոսէն աւելի արագ վազելով՝ անկէ առաջ հասաւ գերեզմանը,
Dei sprang båe saman; so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi.
5 ծռելով նայեցաւ, եւ տեսաւ թէ լաթերը դրուած էին հոն. բայց ներս չմտաւ:
Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindarne låg der; men han gjekk ikkje inn.
6 Սիմոն Պետրոս ալ՝ որ կը հետեւէր անոր՝ հասաւ, մտաւ գերեզմանը, ու տեսաւ լաթերը՝ որոնք դրուած էին հոն.
So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindarne liggja der;
7 իսկ վարշամակը՝ որ անոր գլուխն էր՝ միւս լաթերուն հետ դրուած չէր, հապա ծալուած՝ զա՛տ տեղ մըն էր:
men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindarne, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop.
8 Այն ատեն միւս աշակերտն ալ՝ որ աւելի առաջ եկած էր գերեզմանը՝ ներս մտաւ, տեսաւ եւ հաւատաց:
Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde.
9 Որովհետեւ դեռ չէին գիտեր գրուածը, թէ պէտք է որ ան յարութիւն առնէ մեռելներէն:
For dei skyna endå ikkje skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude.
10 Ուստի աշակերտները վերադարձան իրենց տունը:
So gjekk læresveinarne heim att.
11 Բայց Մարիամ կայնած էր գերեզմանին դուրսը, եւ կու լար: Մինչ կու լար, ծռեցաւ դէպի գերեզմանը՝ նայելու,
Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,
12 ու տեսաւ երկու հրեշտակներ՝ ճերմակ հանդերձներով, որ նստած էին հո՛ն՝ ուր Յիսուսի մարմինը դրուած էր, մէկը գլուխին կողմը, եւ միւսը՝ ոտքին:
fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føterne, der likamen åt Jesu hadde lege.
13 Անոնք ըսին իրեն. «Կի՛ն, ինչո՞ւ կու լաս»: Ըսաւ անոնց. «Որովհետեւ վերցուցած են իմ Տէրս գերեզմանէն, ու չեմ գիտեր ո՛ւր դրած են զայն»:
Dei segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna?» Ho svarar: «For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»
14 Երբ ըսաւ ասիկա՝ ետեւ դարձաւ, եւ տեսաւ Յիսուսը՝ որ կայնած էր, ու չէր գիտեր թէ Յիսուսն է:
Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der, men ho visste ikkje at det var han.
15 Յիսուս ըսաւ անոր. «Կի՛ն, ինչո՞ւ կու լաս, ո՞վ կը փնտռես»: Ինք՝ կարծելով թէ ան պարտիզպանն է, ըսաւ անոր. «Տէ՛ր, եթէ դո՛ւն տեղափոխեցիր զայն, ըսէ՛ ինծի՝ ո՞ւր դրիր զայն, որպէսզի վերցնեմ զայն»:
Jesus segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til honom: «Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt honom; då vil eg henta honom.»
16 Յիսուս ըսաւ անոր. «Մարիա՛մ»: Ան ալ դարձաւ եւ ըսաւ անոր (եբրայերէն). «Ռաբբունի՛», որ ըսել է՝ Վարդապետ:
«Maria!» segjer Jesus. Då snur ho seg, og segjer til honom på hebraisk: «Rabbuni!» det er på vårt mål: «Meister!»
17 Յիսուս ըսաւ անոր. «Մի՛ դպչիր ինծի, որովհետեւ դեռ բարձրացած չեմ Հօրս քով. հապա գնա՛ եղբայրներուս եւ ըսէ՛ անոնց. “Ես կը բարձրանամ իմ Հօրս քով ու ձեր Հօր քով, իմ Աստուծոյս քով եւ ձեր Աստուծոյն քով”»:
«Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»
18 Մարիամ Մագդաղենացին գնաց, ու պատմեց աշակերտներուն թէ ինք տեսաւ Տէրը, եւ թէ ա՛ն ըսաւ իրեն այս բաները:
Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinarne: «Eg hev set Herren, » og at han hadde sagt dette til henne.
19 Նոյն օրը, Մէկշաբթի իրիկուն, աշակերտներուն հաւաքուած տեղին դռները գոց էին՝ քանի որ կը վախնային Հրեաներէն: Յիսուս եկաւ, կայնեցաւ անոնց մէջտեղ եւ ըսաւ անոնց. «Խաղաղութի՜ւն ձեզի»:
Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørerne var stengde der læresveinarne var, av di dei var rædde jødarne, kom Jesus og stod midt ibland deim og segjer: «Fred vere med dykk!»
20 Ասիկա ըսելով՝ ցուցուց անոնց իր ձեռքերն ու կողը. աշակերտներն ալ ուրախացան՝ երբ տեսան Տէրը:
og då han hadde sagt det, synte han deim henderne sine og sida si. Læresveinarne vart glade då dei såg Herren.
21 Յիսուս դարձեալ ըսաւ անոնց. «Խաղաղութի՜ւն ձեզի. ինչպէս Հայրը ղրկեց զիս, ես ալ կը ղրկեմ ձեզ»:
Og han sagde endå ein gong: «Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.»
22 Ասիկա ըսելով՝ փչեց անոնց վրայ եւ ըսաւ անոնց. «Ընդունեցէ՛ք Սուրբ Հոգին:
Med desse ordi anda han på deim og sagde til deim: «Tak imot den Heilage Ande!
23 Որո՛նց մեղքերը որ ներէք՝ ներուած ըլլան անոնց, եւ որո՛նց մեղքերը որ պահէք՝ պահուած ըլլան»:
Tilgjev de nokon synderne deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.»
24 Բայց տասներկուքէն մէկը, Երկուորեակ կոչուած Թովմաս, անոնց հետ չէր՝ երբ Յիսուս եկաւ:
Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus, var ikkje saman med deim då Jesus kom.
25 Ուրեմն միւս աշակերտները ըսին անոր. «Տէ՛րը տեսանք»: Ան ալ ըսաւ անոնց. «Պիտի չհաւատամ, եթէ չտեսնեմ գամերուն տիպը՝ իր ձեռքերուն վրայ, ու չմխեմ մատս գամերուն տիպին մէջ, եւ չմխեմ ձեռքս անոր կողին մէջ»:
So sagde dei andre læresveinarne med honom: «Me hev set Herren.» Han svara: «Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i henderne hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.»
26 Ութ օր ետք՝ դարձեալ աշակերտները ներսն էին, Թովմաս ալ՝ անոնց հետ: Յիսուս եկաւ՝ թէպէտ դռները գոց էին, կայնեցաւ անոնց մէջտեղ եւ ըսաւ. «Խաղաղութի՜ւն ձեզի»:
Åtte dagar etter var læresveinarne hans inne att, og Tomas var med deim. Dørerne var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»
27 Յետոյ ըսաւ Թովմասի. «Հո՛ս բեր մատդ ու տե՛ս ձեռքերս, բե՛ր ձեռքդ եւ մխէ՛ կողիս մէջ, ու մի՛ ըլլար անհաւատ, հապա՝ հաւատացեալ»:
So segjer han til Tomas: «Kom hit med fingeren din, og sjå på henderne mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!»
28 Թովմաս պատասխանեց անոր. «Իմ Տէ՜րս եւ Աստուա՜ծս»:
«Min Herre og min Gud!» svara Tomas.
29 Յիսուս ըսաւ անոր. «Դուն հաւատացիր՝ որովհետեւ տեսար զիս. երանի՜ անոնց որ կը հաւատան՝ առանց տեսնելու»:
Jesus segjer til honom: «Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!»
30 Յիսուս ըրաւ ուրիշ բազմաթիւ նշաններ ալ իր աշակերտներուն առջեւ, որոնք գրուած չեն այս գիրքին մէջ:
Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinarne sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.
31 Բայց ասոնք գրուեցան, որպէսզի հաւատաք թէ Յիսուս՝ Քրիստոսն է, Աստուծոյ Որդին, եւ հաւատալով կեանք ունենաք՝ անոր անունով:
Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur skal hava liv i hans namn.

< ՅՈՎՀԱՆՆՈԻ 20 >