< ԱՌԱՋԻՆ ԿՈՐՆԹԱՑԻՍ 9 >

1 Միթէ ես առաքեալ չե՞մ. միթէ ես ազատ չե՞մ. միթէ աչքերովս չտեսա՞յ Յիսուս Քրիստոսը՝ մեր Տէրը. դուք իմ գործս չէ՞ք Տէրոջմով:
Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?
2 Նոյնիսկ եթէ ուրիշներուն առաքեալ չըլլամ, գոնէ ձեզի համար՝ եմ. որովհետեւ իմ առաքելութեանս կնիքը դո՛ւք էք Տէրոջմով:
Er eg ikkje apostel for andre, so er eg det då for dykk; for de er innsiglet på mitt apostel-embætte i Herren.
3 Սա՛ է իմ ջատագովականս անոնց՝ որ կը հարցաքննեն զիս.
Dette er mitt forsvar mot deim som dømer meg.
4 «Միթէ մենք իրաւունք չունի՞նք ուտելու եւ խմելու:
Hev me ikkje rett til å eta og drikka?
5 Միթէ մենք իրաւունք չունի՞նք Քրիստոսով քոյր եղող կին մը մեզի հետ տանելու, ինչպէս միւս առաքեալները, Տէրոջ եղբայրներն ու Կեփաս կ՚ընեն:
Hev me ikkje rett til å føra med oss ei syster som kona liksom og dei andre apostlar og Herrens brør og Kefas?
6 Կամ միայն ես ու Բառնաբա՞ս իրաւունք չունինք աշխատելէ զերծ ըլլալու:
Eller er det berre eg og Barnabas som ikkje hev rett til å sleppa å arbeida?
7 Ո՞վ երբեք մարտնչելու կ՚երթայ իր սեփական ծախսով. ո՞վ այգի կը տնկէ եւ անոր պտուղէն չ՚ուտեր. կամ ո՞վ կը հովուէ ու հօտին կաթով չի սնանիր՝՝:
Kven gjer vel nokon gong hertenesta på eigen kostnad? Kven plantar ein vinhage og et ikkje av frukti hans? Eller kven føder ei hjord og et ikkje av mjølki frå hjordi?
8 Միթէ մա՞րդկօրէն կ՚ըսեմ այս բաները, կամ արդեօք Օրէնքն ալ նոյնը չ՚ը՞սեր:
Talar eg dette berre etter menneskjevis, eller segjer ikkje lovi og dette?
9 Քանի որ Մովսէսի Օրէնքին մէջ գրուած է. «Մի՛ կապեր կալի մէջ աշխատող՝՝ եզին դունչը»: Միթէ Աստուած եզնե՞րը կը հոգայ,
For i Mose lov stend det skrive: «Du skal ikkje setja muleband på ein ukse når han treskjer.» Er det uksane Gud hev umsut for,
10 թէ ոչ՝ անշուշտ մեզի՛ համար կ՚ըսէ: Անկասկած մեզի՛ համար գրուած է. որովհետեւ ա՛ն որ կը հերկէ՝ պարտաւոր է յոյսով հերկել, եւ ա՛ն որ կը կամնէ՝ բաժին առնելու յոյսով՝՝:
eller segjer han det berre for vår skuld? For det er for vår skuld det er skrive, at den som pløgjer, skal pløgja med von, og den som treskjer, skal gjera det med von um å få sin lut.
11 Եթէ մենք ձեր մէջ հոգեւոր բաներ սերմանեցինք, մե՞ծ բան է՝ եթէ ձեզմէ մարմնաւոր բաներ հնձենք:
Hev me sått for dykk dei åndelege ting, er det då noko stort um me haustar dykkar timelege ting?
12 Եթէ ուրիշներ բաժին ունին այս իրաւունքին՝ ձեր վրայ, առաւելապէս մե՛նք չունի՞նք. բայց մենք այս իրաւունքը չօգտագործեցինք, հապա ամէն բանի կը դիմանանք, որպէսզի արգելք չըլլանք Քրիստոսի աւետարանին:
Hev andre rett yver dykk, skulde då ikkje me mykje meir hava det? Men me hev ikkje bruka denne retten, me toler alt, so me ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.
13 Չէ՞ք գիտեր թէ սուրբ բաներուն պաշտօնեաները՝ տաճարէ՛ն կ՚ուտեն, եւ անոնք որ զոհասեղանին կը սպասաւորեն՝ զոհասեղանէ՛ն բաժին կ՚առնեն:
Veit de ikkje, at dei som gjer tenesta med det heilage, fær føda av heilagdomen? dei som gjer tenesta ved altaret, fær lut med altaret?
14 Նոյնպէս ալ Տէրը պատուիրեց որ աւետարանը հռչակողները՝ աւետարանէն ապրին:
Soleis hev og Herren skipa det so for deim som forkynner evangeliet, at dei skal liva av evangeliet.
15 Բայց ես ասոնցմէ ո՛չ մէկը օգտագործեցի, ո՛չ ալ այս բաները գրեցի՝ որ ա՛յդպէս ըլլայ ինծի հանդէպ. որովհետեւ աւելի լաւ է ինծի՝ որ մեռնիմ, քան թէ մէկը իմ պարծանքս ոչնչացնէ:
Men eg hev ikkje gjort bruk av noko av dette. Eg skriv ikkje dette difor, at det skal verta so med meg; for det var betre for meg å døy, enn at nokon skulde gjera mi ros til inkjes.
16 Արդարեւ եթէ աւետարանեմ՝ պարծենալիք ոչինչ ունիմ, որովհետեւ իմ վրաս դրուած հարկ մըն է. մա՛նաւանդ վա՛յ է ինծի՝ եթէ չաւետարանեմ:
For um eg forkynner evangeliet, so er det ikkje noko å rosa meg av, for det ligg naudsynt på meg; ja, usæl eg, um eg ikkje forkynner evangeliet!
17 Քանի որ եթէ ասիկա կամովին ընեմ, վարձատրութիւն կ՚ունենամ. իսկ եթէ ակամայ՝ այդ ինծի վստահուած տնտեսութիւն մըն է:
For um eg gjer dette godviljugt, hev eg løn; men gjer eg det uviljugt, so er det då eit hushald som er meg yverlate.
18 Ուրեմն ի՞նչ է իմ վարձատրութիւնս. այն՝ որ աւետարանելու ատենս ձրի տամ Քրիստոսի աւետարանը, որպէսզի չարաչար չգործածեմ աւետարանէն ստացած իմ իրաւունքս:
Kva er då mi løn? At eg, når eg forkynner evangeliet, gjer det for inkje, so eg ikkje brukar min rett i evangeliet.
19 Քանի որ՝ թէպէտ բոլորէն ազատ էի՝ ես զիս բոլորին ծառայ ըրի, որպէսզի շատերը շահիմ:
For endå eg er fri for alle, hev eg då gjort meg sjølv til tenar for alle, so eg kann vinna dei fleste.
20 Հրեաներուն հետ Հրեայի պէս եղայ, որպէսզի Հրեաները շահիմ:
Og eg hev vorte som ein jøde for jødarne, so eg kann vinna jødar; for deim under lovi, som eg var under lovi - endå eg ikkje er under lovi - so eg kann vinna deim som er under lovi;
21 Օրէնքի տակ եղողներուն հետ՝ իբր թէ Օրէնքի տակ, (ո՛չ թէ ես Օրէնքի տակ էի, ) որպէսզի Օրէնքի տակ եղողներն ալ շահիմ: Առանց Օրէնքի եղողներուն հետ՝ իբր թէ առանց Օրէնքի, (ո՛չ թէ ես Աստուծմէ օրէնք չունէի, հապա Քրիստոսի օրէնքին տակ էի, ) որպէսզի առանց Օրէնքի եղողներն ալ շահիմ:
for deim som er utan lov, som om eg var utan lov - endå eg ikkje er lovlaus for Gud, men lovbunden for Kristus - so eg kann vinna dei som er utan lov.
22 Տկարներուն հետ տկարի պէս եղայ, որպէսզի տկարները շահիմ. բոլորին հետ ամէն ինչ եղայ, որպէսզի ա՛նպայման ոմանք փրկեմ:
For dei veike hev eg vorte veik, so eg kann vinna dei veike; for dei alle hev eg vorte alt, for at eg i alle høve skal kunna frelsa nokre.
23 Եւ ասիկա կ՚ընեմ աւետարանին համար, որ հաղորդակից ըլլամ անոր:
Men alt gjer eg for evangeliet skuld, for at eg skal få lut i det.
24 Չէ՞ք գիտեր թէ ասպարէզին մէջ վազողները՝ բոլորը կը վազեն, բայց մէ՛կը կը ստանայ մրցանակը: Ուստի ա՛յնպէս վազեցէք՝ որ ստանա՛ք:
Veit de ikkje, at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få honom!
25 Ո՛վ որ կը մրցի՝ չափաւորութիւն կը պահէ ամէն բանի մէջ. անոնք՝ եղծանելի պսակը ստանալու համար, իսկ մենք՝ անեղծանելին:
Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg.
26 Ուստի ես ա՛յդպէս կը վազեմ, ո՛չ թէ անստուգութեամբ. ես ա՛յդպէս կռփամարտ կ՚ընեմ, ո՛չ թէ հովը ծեծելով.
So renner eg då soleis, ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret.
27 բայց կը ճնշեմ ու կը նուաճեմ մարմինս, որպէսզի՝ ուրիշներուն քարոզելէ ետք՝ ես ինքս խոտելի չըլլամ:
Men eg tvingar min likam og trælkar honom, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.

< ԱՌԱՋԻՆ ԿՈՐՆԹԱՑԻՍ 9 >