< اَلْمَزَامِيرُ 17 >

صَلَاةٌ لِدَاوُدَ اِسْمَعْ يَارَبُّ لِلْحَقِّ. أَنْصِتْ إِلَى صُرَاخِي. أَصْغِ إِلَى صَلَاتِي مِنْ شَفَتَيْنِ بِلَا غِشٍّ. ١ 1
Ei bøn av David. Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå saklause lippor!
مِنْ قُدَّامِكَ يَخْرُجُ قَضَائِي. عَيْنَاكَ تَنْظُرَانِ ٱلْمُسْتَقِيمَاتِ. ٢ 2
Lat min rett ganga ut frå ditt andlit, dine augo skoda kva rett er!
جَرَّبْتَ قَلْبِي. تَعَهَّدْتَهُ لَيْلًا. مَحَّصْتَنِي. لَا تَجِدُ فِيَّ ذُمُومًا. لَا يَتَعَدَّى فَمِي. ٣ 3
Du prøver mitt hjarta, gjestar det um natti, du ransakar meg, du finn ingen ting; min tanke vik ikkje av frå min munn.
مِنْ جِهَةِ أَعْمَالِ ٱلنَّاسِ فَبِكَلَامِ شَفَتَيْكَ أَنَا تَحَفَّظْتُ مِنْ طُرُقِ ٱلْمُعْتَنِفِ. ٤ 4
Mot det som menneskje hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar.
تَمَسَّكَتْ خُطُوَاتِي بِآثَارِكَ فَمَا زَلَّتْ قَدَمَايَ. ٥ 5
Mine stig heldt seg stødt til dine farvegar, mine føtar snåva ikkje.
أَنَا دَعَوْتُكَ لِأَنَّكَ تَسْتَجِيبُ لِي يَا ٱللهُ. أَمِلْ أُذُنَيْكَ إِلَيَّ. ٱسْمَعْ كَلَامِي. ٦ 6
Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Bøyg ditt øyra til meg, høyr mitt ord!
مَيِّزْ مَرَاحِمَكَ، يَامُخَلِّصَ ٱلْمُتَّكِلِينَ عَلَيْكَ، بِيَمِينِكَ مِنَ ٱلْمُقَاوِمِينَ. ٧ 7
Vis di underfulle miskunn, du som frelsar deim som flyr til deg, frå deim som stend imot di høgre hand!
ٱحْفَظْنِي مِثْلَ حَدَقَةِ ٱلْعَيْنِ. بِظِلِّ جَنَاحَيْكَ ٱسْتُرْنِي ٨ 8
Vakta meg som din augnestein! gøym meg i skuggen av dine vengjer
مِنْ وَجْهِ ٱلْأَشْرَارِ ٱلَّذِينَ يُخْرِبُونَنِي، أَعْدَائِي بِٱلنَّفْسِ ٱلَّذِينَ يَكْتَنِفُونَنِي. ٩ 9
for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg!
قَلْبَهُمُ ٱلسَّمِينَ قَدْ أَغْلَقُوا. بِأَفْوَاهِهِمْ قَدْ تَكَلَّمُوا بِٱلْكِبْرِيَاءِ. ١٠ 10
Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod.
فِي خُطُوَاتِنَا ٱلْآنَ قَدْ أَحَاطُوا بِنَا. نَصَبُوا أَعْيُنَهُمْ لِيُزْلِقُونَا إِلَى ٱلْأَرْضِ. ١١ 11
Kvar me gjeng, kringgjeng dei oss no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi.
مَثَلُهُ مَثَلُ ٱلْأَسَدِ ٱلْقَرِمِ إِلَى ٱلِٱفْتِرَاسِ، وَكَٱلشِّبْلِ ٱلْكَامِنِ فِي عِرِّيسِهِ. ١٢ 12
Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne.
قُمْ يَارَبُّ. تَقَدَّمْهُ. اِصْرَعْهُ. نَجِّ نَفْسِي مِنَ ٱلشِّرِّيرِ بِسَيْفِكَ، ١٣ 13
Statt upp, Herre, stig fram imot honom, støyt honom ned, frels mi sjæl frå den ugudlege med ditt sverd,
مِنَ ٱلنَّاسِ بِيَدِكَ يَارَبُّ، مِنْ أَهْلِ ٱلدُّنْيَا. نَصِيبُهُمْ فِي حَيَاتِهِمْ. بِذَخَائِرِكَ تَمْلَأُ بُطُونَهُمْ. يَشْبَعُونَ أَوْلَادًا وَيَتْرُكُونَ فُضَالَتَهُمْ لِأَطْفَالِهِمْ. ١٤ 14
frå menner med di hand, Herre, frå menner av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine avleivor etter seg til sine born!
أَمَّا أَنَا فَبِالْبِرِّ أَنْظُرُ وَجْهَكَ. أَشْبَعُ إِذَا ٱسْتَيْقَظْتُ بِشَبَهِكَ. ١٥ 15
Eg skal i rettferd skoda ditt andlit, eg skal, når eg vaknar, mettast av di åsyn.

< اَلْمَزَامِيرُ 17 >