< أَمْثَالٌ 22 >

اَلصِّيتُ أَفْضَلُ مِنَ ٱلْغِنَى ٱلْعَظِيمِ، وَٱلنِّعْمَةُ ٱلصَّالِحَةُ أَفْضَلُ مِنَ ٱلْفِضَّةِ وَٱلذَّهَبِ. ١ 1
Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull.
اَلْغَنِيُّ وَٱلْفَقِيرُ يَتَلَاقَيَانِ، صَانِعُهُمَا كِلَيْهِمَا ٱلرَّبُّ. ٢ 2
Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle.
اَلذَّكِيُّ يُبْصِرُ ٱلشَّرَّ فَيَتَوَارَى، وَٱلْحَمْقَى يَعْبُرُونَ فَيُعَاقَبُونَ. ٣ 3
Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det.
ثَوَابُ ٱلتَّوَاضُعِ وَمَخَافَةِ ٱلرَّبِّ هُوَ غِنًى وَكَرَامَةٌ وَحَيَاةٌ. ٤ 4
Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.
شَوْكٌ وَفُخُوخٌ فِي طَرِيقِ ٱلْمُلْتَوِي. مَنْ يَحْفَظْ نَفْسَهُ يَبْتَعِدْ عَنْهَا. ٥ 5
Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim.
رَبِّ ٱلْوَلَدَ فِي طَرِيقِهِ، فَمَتَى شَاخَ أَيْضًا لَا يَحِيدُ عَنْهُ. ٦ 6
Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall.
اَلْغَنِيُّ يَتَسَلَّطُ عَلَى ٱلْفَقِيرِ، وَٱلْمُقْتَرِضُ عَبْدٌ لِلْمُقْرِضِ. ٧ 7
Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.
ٱلزَّارِعُ إِثْمًا يَحْصُدُ بَلِيَّةً، وَعَصَا سَخَطِهِ تَفْنَى. ٨ 8
Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende.
اَلصَّالِحُ ٱلْعَيْنِ هُوَ يُبَارَكُ، لِأَنَّهُ يُعْطِي مِنْ خُبْزِهِ لِلْفَقِيرِ. ٩ 9
Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen.
أُطْرُدِ ٱلْمُسْتَهْزِئَ فَيَخْرُجَ ٱلْخِصَامُ، وَيَبْطُلَ ٱلنِّزَاعُ وَٱلْخِزْيُ. ١٠ 10
Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred.
مَنْ أَحَبَّ طَهَارَةَ ٱلْقَلْبِ، فَلِنِعْمَةِ شَفَتَيْهِ يَكُونُ ٱلْمَلِكُ صَدِيقَهُ. ١١ 11
Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven.
عَيْنَا ٱلرَّبِّ تَحْفَظَانِ ٱلْمَعْرِفَةَ، وَهُوَ يَقْلِبُ كَلَامَ ٱلْغَادِرِينَ. ١٢ 12
Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um.
قَالَ ٱلْكَسْلَانُ: «ٱلْأَسَدُ فِي ٱلْخَارِجِ، فَأُقْتَلُ فِي ٱلشَّوَارِعِ!». ١٣ 13
Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.»
فَمُ ٱلْأَجْنَبِيَّاتِ هُوَّةٌ عَمِيقَةٌ. مَمْقُوتُ ٱلرَّبِّ يَسْقُطُ فِيهَا. ١٤ 14
Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi.
اَلْجَهَالَةُ مُرْتَبِطَةٌ بِقَلْبِ ٱلْوَلَدِ. عَصَا ٱلتَّأْدِيبِ تُبْعِدُهَا عَنْهُ. ١٥ 15
Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han.
ظَالِمُ ٱلْفَقِيرِ تَكْثِيرًا لِمَا لَهُ، وَمُعْطِي ٱلْغَنِيِّ، إِنَّمَا هُمَا لِلْعَوَزِ. ١٦ 16
Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap.
أَمِلْ أُذْنَكَ وَٱسْمَعْ كَلَامَ ٱلْحُكَمَاءِ، وَوَجِّهْ قَلْبَكَ إِلَى مَعْرِفَتِي، ١٧ 17
Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap!
لِأَنَّهُ حَسَنٌ إِنْ حَفِظْتَهَا فِي جَوْفِكَ، إِنْ تَتَثَبَّتْ جَمِيعًا عَلَى شَفَتَيْكَ. ١٨ 18
For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor!
لِيَكُونَ ٱتِّكَالُكَ عَلَى ٱلرَّبِّ، عَرَّفْتُكَ أَنْتَ ٱلْيَوْمَ. ١٩ 19
Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.
أَلَمْ أَكْتُبْ لَكَ أُمُورًا شَرِيفَةً مِنْ جِهَةِ مُؤَامَرَةٍ وَمَعْرِفَةٍ؟ ٢٠ 20
Hev eg’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskap
لِأُعَلِّمَكَ قِسْطَ كَلَامِ ٱلْحَقِّ، لِتَرُدَّ جَوَابَ ٱلْحَقِّ لِلَّذِينَ أَرْسَلُوكَ. ٢١ 21
til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg?
لَا تَسْلُبِ ٱلْفَقِيرَ لِكَوْنِهِ فَقِيرًا، وَلَا تَسْحَقِ ٱلْمِسْكِينَ فِي ٱلْبَابِ، ٢٢ 22
Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten!
لِأَنَّ ٱلرَّبَّ يُقِيمُ دَعْوَاهُمْ، وَيَسْلُبُ سَالِبِي أَنْفُسِهِمْ. ٢٣ 23
For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim.
لَاتَسْتَصْحِبْ غَضُوبًا، وَمَعَ رَجُلٍ سَاخِطٍ لَاتَجِيءْ، ٢٤ 24
Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann,
لِئَلَّا تَأْلَفَ طُرُقَهُ، وَتَأْخُذَ شَرَكًا إِلَى نَفْسِكَ. ٢٥ 25
at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!
لَا تَكُنْ مِنْ صَافِقِي ٱلْكَفِّ، وَلَا مِنْ ضَامِنِي ٱلدُّيُونِ. ٢٦ 26
Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld!
إِنْ لَمْ يَكُنْ لَكَ مَا تَفِي، فَلِمَاذَا يَأْخُذُ فِرَاشَكَ مِنْ تَحْتِكَ؟ ٢٧ 27
Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg?
لَا تَنْقُلِ ٱلتُّخْمَ ٱلْقَدِيمَ ٱلَّذِي وَضَعَهُ آبَاؤُكَ. ٢٨ 28
Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett!
أَرَأَيْتَ رَجُلًا مُجْتَهِدًا فِي عَمَلِهِ؟ أَمَامَ ٱلْمُلُوكِ يَقِفُ. لَايَقِفُ أَمَامَ ٱلرَّعَاعِ! ٢٩ 29
Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.

< أَمْثَالٌ 22 >