< هُوشَع 8 >

«إِلَى فَمِكَ بِٱلْبُوقِ! كَٱلنَّسْرِ عَلَى بَيْتِ ٱلرَّبِّ. لِأَنَّهُمْ قَدْ تَجَاوَزُوا عَهْدِي وَتَعَدَّوْا عَلَى شَرِيعَتِي. ١ 1
Til munnen din med luren! Som ein ørn yver Herrens hus! av di dei hev brote mi pakt og falle frå mi lov.
إِلَيَّ يَصْرُخُونَ: يَا إِلَهِي، نَعْرِفُكَ نَحْنُ إِسْرَائِيلَ. ٢ 2
Dei ropar til meg: «Min Gud! Me, Israel, kjenner deg!»
«قَدْ كَرِهَ إِسْرَائِيلُ ٱلصَّلَاحَ فَيَتْبَعُهُ ٱلْعَدُوُّ. ٣ 3
Men av di Israel hev støytt frå seg det som godt er, skal fienden elta honom.
هُمْ أَقَامُوا مُلُوكًا وَلَيْسَ مِنِّي. أَقَامُوا رُؤَسَاءَ وَأَنَا لَمْ أَعْرِفْ. صَنَعُوا لِأَنْفُسِهِمْ مِنْ فِضَّتِهِمْ وَذَهَبِهِمْ أَصْنَامًا لِكَيْ يَنْقَرِضُوا. ٤ 4
Dei, kongar valde seg som ikkje var ifrå meg. Hovdingar tok dei seg, og eg fekk ikkje vita um det. Av sylvet sitt og gullet sitt gjorde dei seg gudebilæte, so dei skulde verta utrudde.
قَدْ زَنِخَ عِجْلُكِ يَا سَامِرَةُ. حَمِيَ غَضَبِي عَلَيْهِمْ. إِلَى مَتَى لَا يَسْتَطِيعُونَ ٱلنَّقَاوَةَ! ٥ 5
Ufyseleg er kalven din, Samaria! Harmen min logar imot deim. Kor lenge skal det vara at dei ikkje kann tola reinleik?
إِنَّهُ هُوَ أَيْضًا مِنْ إِسْرَائِيلَ. صَنَعَهُ ٱلصَّانِعُ وَلَيْسَ هُوَ إِلَهًا. إِنَّ عِجْلَ ٱلسَّامِرَةِ يَصِيرُ كِسَرًا. ٦ 6
For frå Israel er kalven komen. Ein meister hev laga honom, og nokon gud er han ikkje. Difor skal Samariakalven smuldrast i smått.
«إِنَّهُمْ يَزْرَعُونَ ٱلرِّيحَ وَيَحْصُدُونَ ٱلزَّوْبَعَةَ. زَرْعٌ لَيْسَ لَهُ غَلَّةٌ لَا يَصْنَعُ دَقِيقًا. وَإِنْ صَنَعَ، فَٱلْغُرَبَاءُ تَبْتَلِعُهُ. ٧ 7
For vind sår dei, og storm skal dei hausta. Avling skal dei ikkje få, grøda skal ikkje gjeva føda, og um ho det gjer, skal framande eta det upp.
قَدِ ٱبْتُلِعَ إِسْرَائِيلُ. ٱلْآنَ صَارُوا بَيْنَ ٱلْأُمَمِ كَإِنَاءٍ لَا مَسَرَّةَ فِيهِ. ٨ 8
Gløypt vert Israel. Millom folki er dei alt som ein verdlaus ting.
لِأَنَّهُمْ صَعِدُوا إِلَى أَشُّورَ مِثْلَ حِمَارٍ وَحْشِيٍّ مُعْتَزِلٍ بِنَفْسِهِ. ٱسْتَأْجَرَ أَفْرَايِمُ مُحِبِّينَ. ٩ 9
For dei hev fare upp til Assur liksom eit villasen som gjeng sin eigen veg. Efraim tingar um elsk.
إِنِّي وَإِنْ كَانُوا يَسْتَأْجِرُونَ بَيْنَ ٱلْأُمَمِ، ٱلْآنَ أَجْمَعُهُمْ فَيَنْفَكُّونَ قَلِيلًا مِنْ ثِقْلِ مَلِكِ ٱلرُّؤَسَاءِ. ١٠ 10
Men kor so dei tingar millom folki, so skal no eg like vel klemba deim i hop og lata deim få ei låk tid under storkongens trælking.
«لِأَنَّ أَفْرَايِمَ كَثَّرَ مَذَابِحَ لِلْخَطِيَّةِ، صَارَتْ لَهُ ٱلْمَذَابِحُ لِلْخَطِيَّةِ. ١١ 11
Av di Efraim hev gjort seg so mange altar til synd, so skal og altari hans verta honom til synd.
أَكْتُبُ لَهُ كَثْرَةَ شَرَائِعِي، فَهِيَ تُحْسَبُ أَجْنَبِيَّةً. ١٢ 12
Um eg skriv lover åt han i titusundtal, so reknar han deim berre som framande lover.
أَمَّا ذَبَائِحُ تَقْدِمَاتِي فَيَذْبَحُونَ لَحْمًا وَيَأْكُلُونَ. ٱلرَّبُّ لَا يَرْتَضِيهَا. ٱلْآنَ يَذْكُرُ إِثْمَهُمْ وَيُعَاقِبُ خَطِيَّتَهُمْ. إِنَّهُمْ إِلَى مِصْرَ يَرْجِعُونَ. ١٣ 13
Til slagtoffergåvor åt meg ofrar dei kjøt som dei et - Herren hev ikkje hugnad i deim. No kjem han i hug misgjerningarne deira og heimsøkjer deira synder. Dei skal fara attende til Egyptarland.
وَقَدْ نَسِيَ إِسْرَائِيلُ صَانِعَهُ وَبَنَى قُصُورًا، وَكَثَّرَ يَهُوذَا مُدُنًا حَصِينَةً. لَكِنِّي أُرْسِلُ عَلَى مُدُنِهِ نَارًا فَتَأْكُلُ قُصُورَهُ». ١٤ 14
Og etter di Israel hev gløymt skaparen sin og bygt seg borgar, og Juda hev sett seg upp mange borgfaste byar, so skal eg senda eld mot byarne hans, og han skal øyda borgerne hans.

< هُوشَع 8 >