< عَامُوس 9 >

رَأَيْتُ ٱلسَّيِّدَ قَائِمًا عَلَى ٱلْمَذْبَحِ، فَقَالَ: «اِضْرِبْ تَاجَ ٱلْعَمُودِ حَتَّى تَرْجُفَ ٱلْأَعْتَابُ، وَكَسِّرْهَا عَلَى رُؤُوسِ جَمِيعِهِمْ، فَأَقْتُلَ آخِرَهُمْ بِٱلسَّيْفِ. لَا يَهْرُبُ مِنْهُمْ هَارِبٌ وَلَا يُفْلِتُ مِنْهُمْ نَاجٍ. ١ 1
Ved alteret såg eg at Herren stod. Han sagde: Støyt til stolpen, so gåtterne skrell, lat det ramla nedyver kvar ein haus. Eg let deim som att er falla for sverd, ingen skal koma seg av, berga seg skal ikkje ein.
إِنْ نَقَبُوا إِلَى ٱلْهَاوِيَةِ فَمِنْ هُنَاكَ تَأْخُذُهُمْ يَدِي، وَإِنْ صَعِدُوا إِلَى ٱلسَّمَاءِ فَمِنْ هُنَاكَ أُنْزِلُهُمْ. (Sheol h7585) ٢ 2
Bryt dei seg inn i helheim, mi hand tek deim derifrå ut, stig dei til himmelen upp, derifrå driv eg deim ned. (Sheol h7585)
وَإِنِ ٱخْتَبَأُوا فِي رَأْسِ ٱلْكَرْمَلِ فَمِنْ هُنَاكَ أُفَتِّشُ وَآخُذُهُمْ، وَإِنِ ٱخْتَفَوْا مِنْ أَمَامِ عَيْنَيَّ فِي قَعْرِ ٱلْبَحْرِ فَمِنْ هُنَاكَ آمُرُ ٱلْحَيَّةَ فَتَلْدَغُهُمْ. ٣ 3
Um dei gøymer seg burt på Karmels topp, eg finn deim og hentar deim heim. Um frå augo mine dei løyner seg av på havsens botn, derifrå byd eg ormen fram, og han skal deim bita.
وَإِنْ مَضَوْا فِي ٱلسَّبْيِ أَمَامَ أَعْدَائِهِمْ فَمِنْ هُنَاكَ آمُرُ ٱلسَّيْفَ فَيَقْتُلُهُمْ، وَأَجْعَلُ عَيْنَيَّ عَلَيْهِمْ لِلشَّرِّ لَا لِلْخَيْرِ». ٤ 4
Um dei ver burtførde fangar under fiendehand, der skal eg bjoda sverd at det skal deim slå og augo mitt på deim skal sjå ilt og aldri mildt.
وَٱلسَّيِّدُ رَبُّ ٱلْجُنُودِ ٱلَّذِي يَمَسُّ ٱلْأَرْضَ فَتَذُوبُ، وَيَنُوحُ ٱلسَّاكِنُونَ فِيهَا، وَتَطْمُو كُلُّهَا كَنَهْرٍ وَتَنْضُبُ كَنِيلِ مِصْرَ. ٥ 5
Herren, Allhers-Herren, han rører jordi so ho brånar, og heile mannheimen syrgjer, når all jordi stig som Nilen og fell som Egyptarelvi.
ٱلَّذِي بَنَى فِي ٱلسَّمَاءِ عَلَالِيَهُ وَأَسَّسَ عَلَى ٱلْأَرْضِ قُبَّتَهُ، ٱلَّذِي يَدْعُو مِيَاهَ ٱلْبَحْرِ وَيَصُبُّهَا عَلَى وَجْهِ ٱلْأَرْضِ، يَهْوَهُ ٱسْمُهُ. ٦ 6
Han hev i himlom sine høgsalar bygt, yver jordi reist sin kvelv. Han kallar vatnet or hav og auser det ned yver jord. Herren er hans namn.
«أَلَسْتُمْ لِي كَبَنِي ٱلْكُوشِيِّينَ يَا بَنِي إِسْرَائِيلَ، يَقُولُ ٱلرَّبُّ؟ أَلَمْ أُصْعِدْ إِسْرَائِيلَ مِنْ أَرْضِ مِصْرَ، وَٱلْفِلِسْطِينِيِّينَ مِنْ كَفْتُورَ، وَٱلْأَرَامِيِّينَ مِنْ قِيرٍ؟ ٧ 7
Er de meir for meg enn kusitarne, de Israels born? segjer Herren. Hev eg ikkje ført Israel frå Egypt, filistaran’ frå Kaftor, og syraran’ frå Kir?
هُوَذَا عَيْنَا ٱلسَّيِّدِ ٱلرَّبِّ عَلَى ٱلْمَمْلَكَةِ ٱلْخَاطِئَةِ، وَأُبِيدُهَا عَنْ وَجْهِ ٱلْأَرْضِ. غَيْرَ أَنِّي لَا أُبِيدُ بَيْتَ يَعْقُوبَ تَمَامًا، يَقُولُ ٱلرَّبُّ. ٨ 8
Sjå augo til Herren, Herren ser ned på dette syndsens rike: Eg øyder deim burt frå mannaheim; men ikkje heilt eg øydar Jakobs hus, segjer Herren.
لِأَنَّهُ هَأَنَذَا آمُرُ فَأُغَرْبِلُ بَيْتَ إِسْرَائِيلَ بَيْنَ جَمِيعِ ٱلْأُمَمِ كَمَا يُغَرْبَلُ فِي ٱلْغُرْبَالِ، وَحَبَّةٌ لَا تَقَعُ إِلَى ٱلْأَرْضِ. ٩ 9
For sjå, eg sender ut bod: Eg Israels hus millom folki skjek, liksom du ristar eit såld, og ikkje eit korn på bakken fell.
بِٱلسَّيْفِ يَمُوتُ كُلُّ خَاطِئِي شَعْبِي ٱلْقَائِلِينَ: لَا يَقْتَرِبُ ٱلشَّرُّ، وَلَا يَأْتِي بَيْنَنَا. ١٠ 10
Men for sverd skal døy kvar syndarar i mitt folk som kved: «Aldri oss skal ulukka koma og slå.»
«فِي ذَلِكَ ٱلْيَوْمِ أُقِيمُ مِظَلَّةَ دَاوُدَ ٱلسَّاقِطَةَ، وَأُحَصِّنُ شُقُوقَهَا، وَأُقِيمُ رَدْمَهَا، وَأَبْنِيهَا كَأَيَّامِ ٱلدَّهْرِ. ١١ 11
På dagen den vil eg reisa upp att Davids nedfalne hytta og sprungorne tetta og att-stødor lyfta, byggja upp som i fordoms tid,
لِكَيْ يَرِثُوا بَقِيَّةَ أَدُومَ وَجَمِيعَ ٱلْأُمَمِ ٱلَّذِينَ دُعِيَ ٱسْمِي عَلَيْهِمْ، يَقُولُ ٱلرَّبُّ، ٱلصَّانِعُ هَذَا. ١٢ 12
for at dei skal erva det som av Edom er att, og alle dei folk som kallast med mitt namn, segjer Herren som fullfører dette.
هَا أَيَّامٌ تَأْتِي، يَقُولُ ٱلرَّبُّ، يُدْرِكُ ٱلْحَارِثُ ٱلْحَاصِدَ، وَدَائِسُ ٱلْعِنَبِ بَاذِرَ ٱلزَّرْعِ، وَتَقْطُرُ ٱلْجِبَالُ عَصِيرًا، وَتَسِيلُ جَمِيعُ ٱلتِّلَالِ. ١٣ 13
Ja, dagar dei koma skal, segjer Herren, då pløgjaren skurdmannen når; den som vindruvor tred, ser mannen som sår, på fjellom dryp det med saft, etter bakkom bekkjerne renn.
وَأَرُدُّ سَبْيَ شَعْبِي إِسْرَائِيلَ فَيَبْنُونَ مُدُنًا خَرِبَةً وَيَسْكُنُونَ، وَيَغْرِسُونَ كُرُومًا وَيَشْرَبُونَ خَمْرَهَا، وَيَصْنَعُونَ جَنَّاتٍ وَيَأْكُلُونَ أَثْمَارَهَا. ١٤ 14
Og eg lagnaden snur for mitt folk Israel. Dei skal øydegardar byggja og bu der sjølv, dei skal vinberg planta og drikka deira vin, de skal stella seg hagar og eta deira frukt.
وَأَغْرِسُهُمْ فِي أَرْضِهِمْ، وَلَنْ يُقْلَعُوا بَعْدُ مِنْ أَرْضِهِمِ ٱلَّتِي أَعْطَيْتُهُمْ، قَالَ ٱلرَّبُّ إِلَهُكَ». ١٥ 15
Eg let deim bu i sitt land, og dei skal ikkje meir rivast upp frå sin heim, som eg deim gav, segjer Herren, din Gud.

< عَامُوس 9 >